Kunstnarar på Blindern: Då han møtte henne

Om du er i Galleri Sverdrup og om du lyttar riktig godt, kan du høyra ei ordlaus samtale der. Ein samtale med tekst uttrykt i levande bilete: Tone Myskjas kunst i dialog med Jon Fosses tekstar. For nokre dagar sidan møttest dei to for fyrste gong.

MØTE: To kunstnarar møttest på Blindern: Tone Myskja og Jon Fosse.
Foto: Ola Sæther

Det er ein måndag for ikkje lenge sidan. Ho er ute i godt tid for å sjå til installasjonen sin. Så kjem han. Og dei møtest der, utanfor døra til galleriet på Blindern, helsar på kvarandre for fyrste gong. Han er komen for å sjå videoinstallasjonen hennar -Samanfall-. Det er allereie ei tid sidan opninga av utstillinga. Då var galleriet tettpakka av folk, og HF-dekanen tala i vene ordelag om Jon Fosse, minte om kor stor han er, at han blir spelt på teaterscener verda over. Den dagen var det teaterframsyning og litteraturseminar, ei verkeleg markering av den feira diktaren på Universitetet i Oslo.

Men Jon Fosse humrar og seier han eigentleg er ein tungsindig vestlending. Han brukar ikkje å koma på premierar, om han kan unngå det. Så kom han heller ein kvardag, då, for å sjå i ro og mak.

Tone Myskja og Jon Fosse går inn i rommet i lag. Der inne står ein sofa, nokre stolar, eit bord der fotografi ligg strødd, bilete utan menneske. I dei store vindauga heng gardiner. På ei fjernsynsskjerm: levande bilete frå eit skoglandskap, kvinner i vide skjørt, bardunert fast i bakken, repeterande, uroleg, skingrande fargar.

På eit stort lerret blir det vist bilete i svart-kvitt. Rytmiske, dansande røsler. Menneske i eit lukka bakgårdsrom. Ei lita jente, nokre unge menneske. Ei gamal dame. Vi høyrer stemmer i det fjerne, stemmer frå ein radio i eit husvære. Pianospill.

Dei to kunstnarane står og ser på, lyttar. Mange minuttar går. Så er videoen på lerretet slutt. Ho vender seg mot han, spørjande.
Han: - Dette var verkeleg fint. Flott. Ein fin reise, synes eg.
Ho: - Eg har lese mykje av det du har skrive. Lete meg inspirera. Men eg måtte gå vidare og laga ei historie som ikkje er Jon Fosse.
Han: - Det skjønar eg. Men det var likevel ikkje vanskeleg å kjenna seg igjen.
Ho: - Eg forsøkjer å seia noko om forskjellige tilhøve mellom menneske i eit lukka rom. Eg er opptatt av tidsforskyvingar: kva skjer no? kva har skjedd tidligare? Dei ulike menneska er kan hende berarar av den same personen i seg.
Han: - Det er eit poetisk univers. Alle personene bidrar med sine klangar. Det er klangar og fragment av historier. For meg kling det fragment frå dikta mine. Særleg godt likar eg dama med brillene.
Ho: - Eg ville ha eit rom. Eit lite, urbant rom. Så valde eg ein bakgård, bakgården der eg bur på Torshov. Kvar einskild lever sitt liv. Folk passerer forbi.
Han: - Det er eit fint rom. Eg har aldri brukt eit slikt rom i stykka mine. Eg synest det er fint.
Ho: - Det har vore utruleg spennande å få jobba med utgangspunkt i tekstane dine. Eg har laga videoer for dans. Men aldri tekst, aldri dramatikk.
Han: - Det er fyrste gongen nokon lagar ein installasjon med utgangspunkt i mine tekstar. Oppsetjinga av -Draum om hausten- i St. Petersburg for to år sida, blei gjort som eit bilete på scenen, nærmast ikonografisk. Det minner om det å vera med på dette. Året før, då det same stykket blei satt opp i München, stod eit skeivt tårn på scena, nett som tårnet i Pisa. Det var ein trekonstruksjon, sett ned i ein sirkel av grov grus. Det likte eg godt.
Ho: - Eg er oppteken av rytmikk og rørsle, av korleis meining kan skapast utan ord. Eg har jobba mykje med musikarar. Her er det Jon Balke som står for musikken, spelar piano. Eg har nytta profesjonelle dansarar og enkeltpersonar utan skodespelarbakgrunn.
Han: - Nokon seier eg er ein musikalsk forfattar. Det er vel ein slags musikk i det eg skriv. Men eg høyrer ikke på musikk, er jo ein slags musikar sjølv. Men biletkunst er eg svært oppteken av.
Ho: - Kva held du på med no?
Han: - Eit stykkje for eit tysk teater. Eg sit på ei hytte nord for Bergen og skriv. Eg veit aldri kva det skal bli når eg byrjar. Og byrjinga er alltid det vanskelegaste. Nokre gonger byrjar eg berre med å skrive tull. Eg leitar meg fram, gnukkar og gnikkar. Før dreiv eg ein del og skulle måle. Men eg visste aldri kor tid eg skulle slutte, eg heldt bestandig på for lenge. Og så fekk eg det aldri tilbake slik eg likte det best. Men med stykka mine veit eg alltid når eg er ferdig.
Ho: - Er det vanskeleg å sleppe skodespela dine frå deg?
Han: - Nei. Nokre gonger blir det godt, gode tolkingar. Men andre gonger blir det dårleg. Men tru ikkje at eg seier noko. Nei, eg oppfører meg fint, eg.

Galleri Sverdrup:
Samanfall
Videoinstallasjon av Tone Myskja
Åpningstider: mandag-fredag 10-18, lørdager 10-14.
Vises t.o.m. 24. september.
Emneord: Galleri Sverdrup Av Trine Nickelsen
Publisert 10. sep. 2004 11:11 - Sist endret 10. des. 2008 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere