Går til åtak på Maktutgreiinga

Norsk senter for menneskerettar går til kraftig åtak på Maktutgreiinga si negative haldning til at rettsvesenet og domstolane har fått større makt gjennom inntoget til menneskerettane i det norske samfunnslivet. Det går fram av høyringsfråsegna frå direktør Geir Ulfstein Leiar for Maktutgreiinga, Øyvind Østerud, avviser kritikken.

VIL LUKKA DEBATT: Det kan virka som om Norsk senter for menneskerettar vil lukka for debatt om maktforskyvingar av taktisk-politiske grunnar, meiner leiaren for Maktutgreiinga, Øyvind Østerud.
Foto: Ola Sæther

Det er i høyringsfråsegna om konklusjonane til Maktutgreiinga at Norsk senter for menneskerettar, UiO, tar til motmæle mot argumentasjonen om at storting og regjering mister makt på grunn av internasjonale avtalar og konvensjonar som til dømes dei internasjonale menneskerettane.

- Me meiner at Maktutgreiinga ikkje tar inn over seg det som er særtrekket ved menneskerettane, nemleg at dei i motsetnad til andre faktorar som påverkar forståinga vår av makt og demokrati utgjer normer som skal danna utgangspunkt og setja grenser for politisk styring og rettspraksis, skriv direktør Geir Ulfstein i høyringsfråsegna.

Ei utvikling av demokratiet

Han presiserer overfor Uniforum at det er stor skilnad på internasjonale konvensjonar og nasjonale rettar.

- Trygderettar i norsk lovgjeving er berre bindande for det landet me lever i, medan menneskerettane er bindande rett for alle verdas land. Dersom me skal kunna påverka land som bryt menneskerettane, så er prisen at me sjølve må respektera dei og leggja dei inn i vårt lovverk. Det er sjølvsagt klart at dess fleire slike internasjonale rettskonvensjonar me skriv under på, dess mindre fridom får Stortinget.

- Å gi frå seg makt til internasjonale organ og slutta seg til traktatar, er også ein del av demokratiet. Men i motsetning til maktutgreiarane meiner me at dette er ei utvikling av demokratiet og ikkje eit trugsmål mot det, presiserer han.

Etterlyser globaliseringsperspektiv

Han viser til USAs president George W. Bush og krigen hans mot terrorismen.

- Han meiner jo at menneskerettane i visse tilfelle må setjast til side for å få has på terrorismen. Ulfstein understrekar kor viktig det er med internasjonale spelereglar på dette området.

- Den norske tilslutnaden til viktige konvensjonar skjer etter handsaming i Stortinget. Slike konvensjonar er eit viktig demokratisk verkemiddel for å fremja verdiar som til dømes menneskerettane på det internasjonale planet. Også slike globaliseringsperspektiv burde ha blitt handsama av Maktutgreiinga, slår menneskerettsdirektøren fast.

Urimeleg kritikk

Den beinharde kritikken får likevel ikkje leiaren av Maktutgreiinga, Øyvind Østerud ut av balanse. Professoren i statsvitskap ved UiO synest at fråsegna er interessant,
men urimeleg i høve til det som faktisk står i sluttrapporteringa til Maktutgreiinga.

-I sluttboka blir det ein rekkje stader understreka at demokrati også føreset at folkevald fleirtalsmakt blir avgrensa av rettar for enkeltindivid og minoritetsgrupper. Samtidig seier me at viktig politisk makt dei seinare åra er overført til organ som ikkje står til ansvar i val.

- Dette gjeld også rettsvesenet, med særleg vekt på internasjonale domstolar, som driv deler av rettsutviklinga uavhengig av den lovgjevande makta. Skiljet mellom lovgjeving og lovfortolking er viska ut på viktige område, konstaterer Østerud.

- Motstridande rettar

Han viser til korleis menneskerettsutviklinga kan koma i strid med andre interesser.

- Ein illustrasjon kan vera at spørsmålet om forbod mot tilfeldige promillekontrollar i trafikken nyleg blei reist som ei menneskerettssak. Her kan retten til å unngå kontroll koma i strid med retten til å kunna ferdast trygt i trafikken, registrerer han. Østerud viser også til andre menneskerettar og konvensjonar som strir mot kvarandre.

- Eit døme er forholdet mellom den individuelle fridomen til kvinner og retten dei religiøse gruppene har til å styra livet til kvinner, i balanseringa av personvern mot ytringsfridom, og ei rekkje andre sentrale samfunnsforhold, seier han.

- Med innlemminga av dei internasjonale konvensjonane som del av norsk lov, får me samtidig ei internasjonal tolkingsmakt som i realiteten er overordna norske domstolar. Det kan virka som om Norsk senter for menneskerettar vil lukka for debatt om slike maktforskyvingar av taktisk-politiske grunnar, meiner leiaren for Maktutgreiinga.

Emneord: Makt- og demokratiutredningen, Forskning, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2004 12:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere