Folkedans skaper chilensk identitet

- I Chile var eg berre ein person, men her i Noreg blei eg chilenar. Det seier ein av personane som Jan Sverre Knudsen har intervjua i doktoravhandlinga si om kva rolle musikk og dans spelar som identitetsskapar i det chilenske miljøet i Oslo. Avhandlinga som han har gjort ved Institutt for musikk og teater, ber tittelen "Those that fly without wings - Music and Dance in a Chilean Community".

DANSAR CUECA: Eit par dansar den chilenske folkedansen cueca i Det chilenske kulturhuset i Oslo. (Foto: Jan Sverre Knudsen)

Han har intervjua folk i miljøet rundt "Det chilenske kulturhuset"( La Casa Cultural Chilena), salsalærarar i Oslo og folkemusikarar i Chile. Slik har han observert korleis den chilenske folkedansen "cueca" og den latinamerikanske dansen "salsa" fungerer heilt forskjellig.

Byrja å dansa "cueca" i Noreg

- Forholdet til eigen kultur endrar seg med ein gong du kjem i ein innvandrarsituasjon. Då blir nasjonal folkemusikk og nasjonale symbol mykje viktigare enn dei var for deg enn då du budde i Chile. Dei som dyrkar chilensk dans og folkemusikk i Oslo i dag, hadde aldri dansa folkedansen "cueca" før dei kom til Noreg.

- Det handlar først og fremst om å byggja eit miljø med røter i nasjonal identitet, men også til ein viss grad om å gjera seg mest mogleg synleg overfor storsamfunnet, slår han fast. Han bestemte seg for å gjera ein studie av musikk og dans som identitetsskapar nettopp i dette miljøet fordi han sjølv har spelt latinamerikansk musikk i gruppa "Macondo" og snakkar spansk.

- Det chilenske miljøet tok imot meg med opne armar og syntest det var viktig at dei blei sett gjennom forskarbriller, legg han til.

Nasjonale symbol

- Ein observasjon som eg har gjort, er at dei gjerne vil at andre latinamerikanarar også skal koma på kulturkveldar i Det chilenske kulturhuset. Problemet er at lokalet er fylt opp av så mange nasjonale symbol frå Chile at heller ikkje folk frå nabolanda føler seg heime der. Når også vitsane ber preg av dobbelttydige chilenske uttrykk, fører det til at det berre blir ein samlingsplass for chilenarar og dei som er i familie med chilenarar, meiner han.

Utøvinga av den chilenske folkedansen "cueca" appellerer heller ikkje til folk utanfor dette miljøet.

- Nei, det fungerer som ein reiskap for å binda miljøet saman og skapa ein felles identitet realisert gjennom nasjonal kultur og det spanske språket. Difor har også ein av dei leiande personane innanfor dette miljøet starta folkedansgruppa Ayekantun for dei chilenske barna. Paradokset er at desse barna lyttar til hip-hop-musikk på MP3-spelaren sin i pausane, smiler han.

Ikkje alle chilenarar dansar cueca

Alle chilenarar deltar ikkje i dyrkinga av den chilenske folkekulturen.

- Dette er eit fenomen som hovudsakleg skjer mellom dei chilenarane som kom på slutten av 1980-talet. Dei som kom på 1970-talet og som reknar seg sjølve som meir intellektuelle og politiske, deltar ikkje i dette miljøet. Ein av grunnane kan vera at det var den tidlegare diktatoren Augusto Pinochet som utropte "cueca" til den nasjonale folkedansen.

- Dagens president Ricardo Lagos prøvde å gjera "cuecaen" meir urban ved å lata jentene dansa i korte skjørt då han blei innsett som president. Det fall ikkje i god jord hos alle, minnest Knudsen, som ser positivt på dyrkinga av denne identiteten.

- Bodskapen er at det er viktig å halda ved like noko som blir opplevd som sitt eige. Det er viktigare enn å byggja bruer over til nordmenn. Kultur blir brukt for å byggja opp sitt eige miljø. Mange vil kalla dette for eit ghettomiljø og sjå på det som negativt. Spesielt for dei eldre er dette miljøet viktig sidan det å engasjera seg i norske kulturelle uttrykk ikkje er noko realistisk alternativ. Det bør me nordmenn akseptera, understrekar han.

Salsa er inkluderande

Samtidig peikar han på korleis salsamusikken er inkluderande på ein heilt annan måte.

- Den uttrykkjer i større grad ein felles latinamerikansk identitet. Der er det ein stor fordel om du er latinamerikanar i motsetning til innanfor utdanningsverda og arbeidslivet. Ja, eg har til og med møtt ein iransk salsalærar som gav meg ei overtydande forklaring på kvifor salsa også var musikk for folk frå Midtausten.

- Mange barn av chilenarar vel seg ein latinamerikansk identitet gjennom salsamusikken. I USA blir det kalla for "go latino", fortel Knudsen.

Avhandlinga hans er ein del av KUSK-programmet til Noregs forskingsråd. Akkurat no er han i ferd med å gjera den siste finpussen før han skal disputera fredag 25. juni.

Emneord: Forskning, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2004 16:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere