Vinn ut fiskeolje frå linfrøplanten

- Dersom me klarer å genmanipulera linfrøplanten til å produsera 20 prosent fiskeolje, vil det vera mogleg å skaffa nok Omega 3-feittsyrer til dei rundt 1 milliard menneska som ikkje får det i dag. Det fortel professor i ernæring, Christian A. Drevon ved UiO. EU finansierer prosjektet, som er ein del av forskingsprogrammet LIPGENE.

LIVSSTILSSJUKDOMAR: Ernæringsprofessor Christian A. Drevon skal saman med forskarar frå heile Europa finna metodar for å førebyggja livsstilssjukdomar.
Foto: Ola Sæther

Saman med forskarar frå 24 andre europeiske universitet har han fått 17,5 millionar euro frå EUs 6. rammeprogram for å utvikla dette fem år lange prosjektet, som altså har fått namnet LIPGENE.

Heile prosjektet er delt i tre hovudtema. Det første går ut på å sjå korleis kosthaldet kan påverka helsa til menneske med ulik genetisk samansetjing.

Innan dette feltet er det tre ulike armar der professor Christian A. Drevon er koordinator for den forskinga som fokuserer på å forstå kva slags biologiske mekanismar som ligg bak utviklinga av det metabolske syndromet.

- Dette er ein raskt aukande medisinsk tilstand som omfattar overvekt, auka blodtrykk, endra blodfeittverdiar og insulinmangel. Det fører til ein svær auke i risikoen for å utvikla hjarte- og karsjukdomar og sukkersjuke, fortel Drevon.

Den andre gruppa av forskarar skal sjå på korleis det vil vera mogleg å bruka plantar for å produsera marine feittsyrer på landjorda.

Den tredje gruppa skal prøva å manipulera bakteriekulturen i kuvomma slik at mjølk og kjøtt i framtida kan innehalda mindre metta feittsyrer enn i dag. Til saman skal dette føra til mindre livsstilssjukdomar enn i dag.

1 milliard manglar næring

Eitt av delprosjekta går altså ut på å manipulera linfrøplanten til å produsera marine feittsyrer, også kjent som Omega 3-feittsyrer.

- Verda har i dag nok mat til å fø 6,5 milliardar menneske. Likevel er det 1 milliard menneske som ikkje får i seg den næringa dei skal ha. Det gjeld i første rekkje jern, jod vitamin A og energi, men også dei viktige Omega 3-feittsyrene som finst i fisk. I dag endar altfor mange av desse feittsyrene opp i sel og kval fordi produksjonen av fisk ikkje er stor nok til at alle kan få i seg desse livsviktige marine feitsyrene, fortel Drevon. Men han meiner at LIPGENE-prosjektet truleg vil koma fram til ei løysing på dette problemet.

20 prosent fiskeolje

- I dag har forskarar i Tyskland og England, som deltar i dette prosjektet, klart å manipulera linfrøplanten til å lata ein prosent av det samla oljeinnhaldet vera fiskeolje. Målet er å genmanipulera planten slik at innhaldet av marine Omega 3-feittsyrer kan koma opp i 20 prosent. Om det lykkast, vil det bli eit svært viktig kommersielt prosjekt. Dessutan vil det føra til at fleire får i seg desse viktige feittsyrene gjennom inntak av matolje, dressingar og sausar, slår Drevon fast.

Når det gjeld dei to andre hovuddelane av prosjektet, går den humane delen ut på å finna ut korleis kosthaldet kan påverka helsa til folk med forskjellige gensamansetjing.

- Forskarane får tilgang til genmaterialet til 13 000 franskmenn. Me vil sjå på korleis forholdet mellom kosthaldet og den genetiske variasjonen kan påverka risikoen for å utvikla det metabolske syndromet. Dermed skal det vera mogleg å skreddarsy rådgjeving om levevanar og kva medikament kvart behandlingstrengjande individ bør ta, understrekar han.

- Ein viktig faktor i utviklinga av det metabolske syndromet er storleiken på feittvevet. Feittveva skil ut mange viktige hormon som påverkar stoffskiftet både når det gjeld sukker og feitt, fortel Drevon. Saman med kollegar frå heile Europa vil han nytta avanserte dyrkingsteknikkar av både muskel- og feittceller.

- Målet er å finna ut korleis det metabolske syndromet utviklar seg og kva feittsyrer som vil ha størst påverknad utviklinga av risiko. Dermed vil me ha eit godt grunnlag for å finna ut kva som kan gi god helse og korleis sjukdom kan lindrast, seier han.

Gjer kjøt og mjøl sunnare

Sjølv hadde Drevon gjerne sett at folk åt mindre kjøt og drakk mindre mjølk kombinert med eit høgt inntak av frukt, grønsaker og fisk for å førebyggja livsstilssjukdomar.

- Det er ikkje mogleg å få til så lenge kjøt- og meieriindustrien i Europa er så mektige som dei er. Difor har me blitt einige om heller å prøva å gjera kjøt og mjølk sunnare enn det er i dag. Det er grunnen til at me vil setja i gang eit prosjekt for å få endra bakteriekulturen i kuvomma slik at mjølka vil innehalda mindre fleirumetta feitt i framtida, seier han.

Drevon er glad for støtta frå EU, men viser til at forskarane berre fekk halvparten av det dei søkte om.

- Det vil seia at me også må be om pengar frå andre pengekjelder for å få fullfinansiert denne forskinga. Eg skulle gjerne ha sett at Staten gav oss 100 millionar kroner øyremerkte til forsking på førebyggjing av diabetes 2. I dag er det 150 000 med diabetes 2 i Noreg. Om ti år vil det vera dobbelt så mange, om ikkje noko blir gjort. Det vil vera godt investerte pengar, synest han.

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 27. mai 2004 16:29 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere