UiO får 7,3 millionar kroner mindre frå Staten

Regjeringa foreslår å redusera pengeoverføringa til Universitetet i Oslo med 7,3 millionar kroner. Samtidig aukar regjeringa kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med ein milliard kroner. Det går fram av forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2004.

- UHELDIGE: - Kutta i år er ikkje svært dramatiske, men alle kutt er uheldige, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet.

Reduksjonen av summen på 7,3 millionar kroner til Universitetet i Oslo, vil gjera det mogleg å finna rom for naudsynte tilleggsløyvingar seinare, står det i budsjettkommentaren til regjeringa.

I forslaget til revidert nasjonalbudsjett går Regjeringa også inn for å kutta 55,5 millionar kroner i Forskingsrådets budsjett. Utdannings- og forskingsdepartementet står for brorparten med eit kutt på 25 millionar kroner.

- Uheldige kutt

- Dette er uheldig, seier administrerande direktør Arvid Hallén i ei pressemelding frå Forskingsrådet. Resten av kutta fordelar seg med 13,5 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementets budsjett, ti millionar over Fiskeridepartementet, fire over Landbruksdepartementet og tre millionar kroner over Miljøverndepartementets budsjett.

- Kutta i år er ikkje svært dramatiske, men alle kutt er uheldige og den generelt korte tidshorisonten i det norske budsjettsystemet er eit problem for oss, slår Hallén fast. Han synest også det er urovekkjande at regjeringa kuttar så mykje som 149 millionar kroner i budsjettet til Innovasjon Noreg, som framleis er i startfasen.

Aukar kapitalen i Forskingsfondet

Samtidig aukar regjeringa altså kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med ein milliard kroner. Avkastinga av desse pengane skal forvaltast av Forskingsrådet, og skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking mot petroleumssektoren. Dette er likevel pengar som ikkje vil koma til syne før på slutten av 2005.

- Auken av kapitalen i Forsknigsfondet er eit positivt nyhende. Avkastinga av ein milliard kroner vil kunna gi 47 millionar kroner årleg til ei ekstra satsing på petroleumsforsking, slik regjeringa seier i premissa sine for investeringa, seier Hallén. Han konstaterer likevel at budsjettframlegget ikkje bring Noreg nærare målet om å investera i forsking og utvikling på linje med gjennomsnittet av OECD-landa.

Vonbrotne studentar

Norsk Studentunion er skuffa over at regjeringa enno ikkje har gått inn for at lån og stipend skal aukast i takt med prisveksten i samfunnet.

- NSU er vonbrotne over at studentar nok ein gong sakkar akterut i høve til resten av samfunnet når det gjeld prisveksten, seier Trond Enger, leiar i Norsk Studentunion. Han er heller ikkje nøgd med det restem av innhaldet i forskings- og utdanningsdelen av budsjettforslaget.

- Det verkar ikkje som om Kristin Clemet heilt har fått med seg bodskapen frå Høgres landsmøte sist helg om å satsa på kunnskap, seier Trond Enger i ei pressemelding frå NSU.

(Oppdatert 14. mai 2004)

Emneord: Forskning, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2004 11:41 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere