UiO blir med i Akerselva Innovasjon

Universitetet i Oslo skal vera med og driva utvikling av kunst, design, arkitektur og digital kommunikasjon i Akerselva Innovasjon. Kunsthøgskulen, Arkitekthøgskulen, Norsk Form/Noregs Designråd og Oslo Teknopol er dei andre partnarane.

KUNST OG DESIGN: - Fagfolk ved UiO bør har mange felles forskingsutfordringar med kunst og designmiljøa ved Akerselva, seier Knut Lundby.
Foto: Martin Toft

Akerselva Innovasjon blir formelt stifta 1. juni i år. Formålet med denne foreininga er å styrkja fleirfagleg forsking, utdanning og utvikling innan kunst, design, arkitektur og digital kommunikasjon gjennom nettbasert og tradisjonelt samarbeid. Det er senterleiar Knut Lundby ved InterMedia som er peika ut som UiOs representant i styringsgruppa for dette prosjektet.

-UiO har ikkje praktisk kunst-, design,- og arkitekturutdanning som til dømes NTNU i Trondheim. Derimot har universitetet masse teoretisk kunnskap å koma med. I tillegg har me lokale som til dømes det store studioet til InterMedia, som Kunsthøgskulen ikkje har. InterMedia kan fungera som ein døropnar mellom UiO og kunstfagskulane, for det er viktig at interesserte fagmiljø ved universitetet kjem inn i biletet, seier Lundby.

Han håpar at selskapet kan få tilsett ein dagleg leiar så fort som mogleg etter stiftingsmøtet 1. juni. Han viser til at InterMedia og Kunsthøgskulen i Oslo allereie har samarbeidd om den digitale ballettframsyninga Ballectro.

- Design er viktig

- Fagfolk ved UiO bør har mange felles forskingsutfordringar med kunst og designmiljøa ved Akerselva. I ei tid der design er svært viktig for alle nye produkt, er det viktig at UiO er med og deltar også i nyskaping på desse områda. Eg ser for meg at dersom resultatet av dette samarbeidet kan bli nye produkt og idear, vil det vera naturleg å samarbeida nærare med Birkeland Innovasjon om patentering og marknadsføring, poengterer Lundby.

- Sidan innovasjon eller nyskaping er eit av satsingsfelta i den nye forskingsmeldinga, som skal leggjast fram neste vår, trur eg at dette er midt i blinken for dei norske forskingsstyresmaktene, seier han.

Finsk modell

- Korleis skal selskapet finansierast?

- Me vil søkja om pengar frå regionale utviklingsfond. Det kommunale selskapet Oslo Technopol vil bli drivkrafta i selskapet til å byrja med og det vil også setja i gang arbeidet med å finna ein dagleg leiar. Omforminga av den gamle keramikkfabrikken Arabia i Helsingfors er modellen for Akerselva Innovasjon.

- Det er utruleg korleis dei har klart å omforma den gamle bydelen til å bli eit vekstområde for selskap og høgskular innan kunst og design. Samlokalisering av kunst- og designfag i det gamle industriområdet ved Akerselva opnar for mange nye ting, også for Oslo, påpeikar han. Den 27. mai skal prosjektet formelt presenterast på ein stor konferanse i Oslo.

NYSKAPING: Senterleiar Knut Lundby ved InterMedia oppfordrar fagmiljøa til å samarbeida om nyskaping med kunstfagmiljøa i Akerselva Innovasjon.

Emneord: Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2004 12:24 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere