UiO blir ikkje tatt ut i streik

Universitetet i Oslo er ikkje blant dei institusjonane som blir tatt ut i streik, dersom Akademikarane og Staten ikkje blir einige gjennom mekling. Det er klart etter at Akademikarane i dag varsla staten ved Arbeids- og administrasjonsdepartementet om kva verksemder som kan bli råka av streik frå 27. mai klokka 06.00.

I ei pressemelding frå Forskarforbundet ved UiO går det fram at statsinstitusjonar både i Oslo og Trondheim blir råka i første fase av ein eventuell streik blant medlemane til Akademikarane:

I Oslo vil samtlege medlemar av Akademikarane hos Statens Landbruksforvalting og i Mattilsynet, avdeling Oslo og Gardermoen bli tatt ut i ein eventuell streik. I Trondheim vil alle medlemane til Akademikarane ved Fakultet for informasjonsteknologi ved NTNU bli tatt ut i den første fasen av ein streik. I den første fasen vil altså ingen av medlemane til Akademikarane ved UiO bli tatt ut i streik. Det kan likevel koma varsel om opptrapping av streiken fire dagar før det skjer.

Når det gjeld Norsk Tenestemannslag, så blir heller ikkje deira medlemar ved UiO tatt ut i streik i første runde. Det blir derimot medlemane i fleire departement, tilsyn og trygdekontor i dei største byane. Heller ikkje 2FO (Fleirfagleg FellerOrganisasjon) vil ta ut medlemane sine ved UiO i streik i første omgang. Denne organisasjonen vil først ta ut medlemar som arbeider i departement og ved liknings- og folkeregisterkontora i dei største byane.

Dersom det blir brot mellom fagforeiningane til dei statstilsette og Staten, vil til saman 5800 statsstilsette bli tatt ut i streik frå torsdag 27. juni.

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2004 15:41 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere