To år som SFF: Vil vera motor for medisinsk forsking

Snart to år etter at Centre for Molecular Biology and Neuroscience fekk status som senter for framifrå forsking (SFF) er dei to initiativtakarane, medisinprofessorane Ole Petter Ottersen og Erling Seeberg godt nøgde med resultatet. - Forskingsmessig har det gått svært bra, men me manglar framleis ein felles møteplass for dei 110 tilsette, seier dei to til Uniforum.

STOR GEVINST: - Det har gitt stor gevinst for oss å slå saman dei elleve forskingsgruppene, seier senterleiarane Ole Petter Ottersen og Erling Seeberg ved Centre for Molecular Biology and Neuroscience
Foto: Ola Sæther

- Mykje av ressursane som kom som fylgje av at me fekk status som senter for framifrå forsking, har naturlegvis blitt brukt til å rekruttera nye forskarar og teknikarar. Dette krev plass, og målet vårt er å få nye lokale i eit tilbygg til Domus Medica ved Rikshospitalet på Gaustad, fortel Ottersen og Seeberg.

- Planen er at ein del av aktivitetane til senteret blir lagt dit. På den måten kan me få til ei betre samhandling mellom dei ni forskingsgruppene senteret er sett saman av, meiner dei to. I dag er senteret sett saman av forskarar frå Universitetet i Oslo og frå Rikshospitalet. Hovudmålet for senteret er å forska på reparasjon av DNA-molekylet og oppretthalding av genar og få betre innsikt i mekanismane bak nevrologiske sjukdomar og aldring av hjernen.

- Motor

- Ei viktig rolle for oss er å vera motor for dei andre forskingsmiljøa i denne sektoren. Difor ynskjer me å knyta oss nært til moderinstitusjonane våre, Universitetet i Oslo og Rikshospitalet. Eit resultat av det er at me skipar til opne kurs for alle dei tilsette ved Det medisinske fakultetet, seier dei to senterleiarane.

Opphavleg leia Erling Seeberg ei medisin- og helsegruppe i mikrobiologi medan Ole Petter Ottersen leia ei tilsvarande forskingsgruppe i molekylær nevrologisk vitskap. Før Noregs forskingsråd skulle avgjera kva forskingsmiljø som skulle få status som senter for framifrå forsking, bestemte dei seg for å senda inn ein felles søknad. Og søknaden var ein av dei tretten som klarte å overtyda Forskingsrådet.

- Stor gevinst

- Det har gitt stor gevinst for oss å slå saman dei elleve forskingsgruppene. Mange av oss har skrive artiklar i lag som me har fått publiserte i leiande internasjonale vitskaplege tidsskrift. Felles innkjøp av vitskapleg utstyr er ein annan fordel me har hatt av dette samarbeidet. Samarbeidet hadde sjølvsagt vore enda betre om me hadde hatt felles lokalisering for alle dei tilsette ved senteret, understrekar både Ottersen og Seeberg.

Sjølv om senteret har fått ekstra pengar for å bli eit senter for framifrå forsking, så står ikkje finansieringa i høve til ambisjonsnivået.

- Meir synlege

- Medan fleire av dei andre sentra går vidare med det dei har gjort tidlegare, må me både gjera noko heilt nytt og samtidig halda fram med det me heldt på med tidlegare. Difor blir det ein balansegang mellom det nye og det me heile tida har halda på med. Men fellesskapen og samarbeidet med forskarar frå andre fagområde skal etter kvart gi oss ny kunnskap om det me forskar på. Den nye statusen vår har gjort oss meir synlege, både nasjonalt og internasjonalt, synest dei.

Begge viser til at dei kvar veke får telefon eller e-post frå to til tre utanlandske forskarar som vil høyra om dei kan få eit forskingsopphald hos dei. Om kort tid får dei to nye stipendiatar frå USA.

- Det er ei fjør i hatten for oss, for dei amerikanske forskarane drar berre frå heimlandet sitt til Europa dersom det er karrierefremjande. Det har dessutan kome inn folk frå utlandet som har ulik spisskompetanse, blant anna på visualisering av fysiologiske prosessar i levande vev, seier Ottersen.

I tillegg til å finansiera tungt vitskapleg utstyr er pengane senteret får frå Forskingsrådet nok til å dekka driftsmidlar og ei forskarstilling for kvar av dei 11 gruppene som senteret er sett saman av.

- Det er hyggeleg at nobelprisvinnaren i kjemi 2003, Peter Agre frå Johns Hopkins University i USA, ynskjer å halda fram med samarbeidet med oss og er formelt knytt til senteret som gjesteforskar takka vera ei løyving frå Forskingsrådet, synest Ottersen og Seeberg.

Fakta om Centre for Molecular Biology and Neuroscience:
- eitt av tre senter for framifrå forsking ved UiO
- driv med forsking på reparasjon av DNA-molekylet, oppretthalding av genar og på mekanismane bak nevrologiske sjukdomar og aldring av hjernen
- rundt 110 tilsette som tilhøyrer 11 ulike forskingsgrupper
Emneord: Medisin, SFF - Senter for fremragende forskning, Forskning Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2004 11:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere