To å som SFF: Matematikk på eit høgt plan

- Det har vore ei god stemning blant dei tilsette etter at me fekk felles tak over hovudet frå september 2003. Eg må nok vedgå at det tok lenger tid enn eg hadde rekna me då me fekk tildelt statusen som senter for framifrå forsking. Det seier Ragnar Winther , , som er dagleg leiar for Centre of Mathematics for Applications (Senter for bruksretta matematikk).

LETTARE: - Det blir lettare å driva tverrfagleg forsking når forskarar frå informatikk og matematikk sit saman, konstaterer dagleg leiar Ragnar Winther i Centre of Mathematics for Applications.
Foto: Ståle Skogstad

No er dette senteret kome inn i nyoppussa lokale i toppetasjane i Niels Henrik Abels hus på Blindern. Senteret er sett saman av forskarar både frå Institutt for informatikk, Matematisk institutt, Fysisk institutt og Institutt for teoretisk astrofysikk.

I hovudsak skal senteret driva med tverrfagleg forsking på problemstillingar som ligg i grenselandet mellom matematikk, informatikk og fysikk.

- Morgondagens matematikk

- Forskinga vår skal leggja grunnlaget for morgondagens matematikk, seier Ragnar Winther. Difor har senteret også peika ut fire hovudsatsingsområde. Det er geometri, stokastisk analyse, differensiallikningar og matematiske problemstillingar som grensar mot fysikk, opplyser han til Uniforum. Etter at dei 60 tilsette ved senteret har fått flytta inn i felles lokale i Niels Henrik Abels hus på Blindern, kan dei endeleg konsentrera seg om forskinga.

- I dag er ti forskjellige nasjonalitetar representerte blant dei tilsette ved senteret. Me har fått mellom 50 og 100 søknadar frå forskjellige delar av verda på dei postdok.-stillingane me har lyst ut. Dermed kunne me også plukka ut dei absolutt beste av desse søkjarane.

- Det er ingen tvil om at statusen som senter for framifrå forsking har gitt oss meir prestisje og gjort det lettare å profilera seg både nasjonalt og internasjonalt. Den siste personen me har tilsett som forskar ved senteret, er ein av dei mest lovande matematikarane i Noreg, fortel Winther.

Vitalisering av fagmiljøa

Han legg til at det også har gjort det lettare å invitera internasjonalt kjende forskarar til å delta på workshops som senteret står bak. Men Winther ser dessutan andre fordelar.

- Ja, det har ført til ei vitalisering av fagmiljø som delvis sat heilt forskjellige stader tidlegare. Det blir lettare å driva tverrfagleg forsking når forskarar frå informatikk og matematikk også kan sitja saman i felles lokale, konstaterer han.

Han ser det likevel som ei utfordring at senteret førebels berre har ei levetid på fem år, og så skal det evaluerast allereie etter tre år.

- Me driv med langsiktige prosjekt der me ikkje kan rekna med banebrytande resultat i løpet av ein treårsperiode. I ein tidleg fase har me først og fremst konsentrert oss om å byggja opp eit miljø der me trur det kan utviklast framifrå forsking gjennom ti år. Forskingsrådet kan nemleg gi støtte i to femårsperiodar før me eventuelt må stå på eigne bein. Samtidig tar me sjølvsagt innover oss at det kjem ei evaluering om rundt to år, understrekar han.

Fakta om Centre of Mathematics for Applications:
- eitt av tre senter for framifrå forsking ved UiO
- driv med tverrfagleg forsking på problemstillingar som ligg i grenselandet mellom matematikk, informatikk og fysikk
- 60 tilsette
- forskarar tilknytt senteret publiserte 67 artiklar i vitskaplege tidsskrift , fire bøker og 62 vitskaplege rapportar og andre bidrag i 2003
Emneord: Forskning, Naturfag, SFF - Senter for fremragende forskning Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2004 12:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere