Helsinki-veke også ved UiO

Denne veka presenterer Helsinki seg i Oslo. Heile veka vil finnane presentera finsk sauna, finsk tango og finsk kunst rundt omkring i heile Oslo. Og ved UiO vil dei presentera Helsingfors universitet og komponisten Jean Sibelius.

PRAKTBIBLIOTEK: Slik ser det ut innvendig i Universitetsbiblioteket i Helsinki.
Foto: Ståle Skogstad

Helsingfors universitet vil tysdag 20. april kl. 13.30 i samarbeid med UiO skipa til eit informasjonsmøte i Georg Sverdrups hus om kva du kan studera ved det finske hovudstadsuniversitet. Dessutan blir det foredrag om Finlands røynsler med EU-medlemskap med forskingssjef Telja Tillkainen ved Nettverk for Europa-forsking ved Helsingfors universitet. Det skjer onsdag 21. april kl.17 i Domus Nova på St. Olavs Plass. Onsdagsdebatten i Chateau Neuf skal denne veka sjå på demokrati i Norden i høve til demokrati i resten av Europa. Helsinki-veka blir avslutta onsdag 28. april med eit foredrag om arkitekturen i filmane til filmregissøren Ari Kaurismäki. Det er Helsinki by, Finlands ambassade i Noreg, Finlands turistkontor, Finsk-norsk kulturinstitutt og den finske kyrkjelyden i Noreg som står bak denne veka.

Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2004 11:41 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere