UiO får truleg ny IT-strategi

Universitetet i Oslo skal få ny IT-strategi for 2004-2006. Det føreset at Universitetsstyret i møtet sitt i dag tysdag 30. mars vedtar forslaget til ny IT-strategi frå IT-direktør Arne Laukholm. Styret skal også drøfta UiOs eigenkapital og kva som skal skje med rehabiliteringa av Professorbustaden i Sentrum.

Det viktigaste innhaldet i forslaget til ny IT-strategi er satsinga på fire tiltak. Dette gjeld utarbeidinga av ein plan for evaluering av rollefordelinga mellom sentral og lokal IT. Ein slik plan skal leggjast fram for Styret hausten 2004. Dessutan blir det foreslått å etablera eit klarare skilje mellom tingar/kontrolløroppgåva innanfor universitetet og tenesteutvikling og produksjon. Dei økonomiske fylgjene av dette skal leggjast inn i budsjettet for 2005.

Alternativ finansiering

I tillegg blir det foreslått å greia ut alternative finansieringsmodellar for IT-verksemda ved UiO. Dette kan gjennomførast frå budsjettåret 2006. Også organiseringa og avgrensinga av USITs eksterne verksemd skal utgreiast. Under dette punktet skal det også drøftast om ein del av verksemda skal skiljast ut som eige selskap. Ei slik utgreiing skal leggjast fram for Styret 1. halvår 2005.

UiOs eigenkapital

Eit anna viktig tema på møtet til Universitetsstyret i dag, er spørsmålet om korleis UiOs eigenkapital skal organiserast og etablerast. Difor vil Styret koma til å be om at prosedyrane for praktisering av regelverket for eksternt finansierte prosjekt ved UiO blir gått gjennom på nytt. Målet er å få til ein auke i avsetjingane til eigenkapital.

Styret legg til grunn at all opptent eigenkapital for framtida skal disponerast av UiO sentralt samtidig som den gjeldande incentiv-ordninga, som inneber at einingar skapar overskot gjennom den eksternt finansierte oppdragsverksemda si, blir ført vidare.

Alle overskot på eksterne oppdrag som blei avslutta innan 31.desember i fjor, skal disponerast av UiO sentralt. Dei fakulteta og institutta dette gjeld, skal få full kompensasjon over det ordinære budsjettet, står det i framlegget til vedtak. Desse pengane skal hentast frå Universitetsdirektørens reserve for 2004.

Styret ber også universitetsdirektøren om å gjennomføra taksering av alle eigedomane til Tøyenfondet som grunnlag for å fastsetja ny leige i dei tilfella dei blir leigde ut til UiO. Dessutan blir Universitetsdirektøren beden om å leggja fram ei sak om utvikling av eigedomar finansiert gjennom opptent eigenkapital, bruk av kapital frå Tøyenfondet og Observatoriefondet og bruk av inntekter frå sal av eigedom i løpet av året. Dette skal skje i samarbeid med andre aktørar, går det fram av saksdokumenta.

Styret skal også handsama eit forslag om at rehabiliteringa av Professorbustaden må stansast inntil vidare på grunn av at utgiftene blir for store. Bak stengde dører skal Styret drøfta markeringa av UiOs 200-årsjubileum i 2011 og ein mogleg revisjon av UiOs verdiplattform i tilknyting til Strategisk plan 2005-2009.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2004 10:25 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere