Ta ein språktest!

Kva heiter "I love you" på urdu, hindi eller på persisk? Det kan du få svar på om du treffer førsteamanuensis Finn Thiesen ved HF-fakultetet på Open dag ved UiO torsdag 11. mars. 5000 ungdomar frå dei vidaregåande skulane i Oslo og Akershus er allereie påmeldte.

NYTT OM NAMN: - Kom til Open dag på Universitetet i Oslo og finn ut kva namnet ditt tyder! oppfordrar Helene Wilberg og Olaf Christensen ved HF-fakultetet.
Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo blir omgjort til eit folkeuniversitet for alle, men mest for ungdomar i den vidaregåande skulen under Open dag torsdag 11. mars. 5000 ungdomar kjem heilt sikkert, men det er framleis plass til både foreldre, besteforeldre, onklar og tanter.

Berre ved HF-fakultet vil det vera høve til å gå på 27 forskjellige forelesinga frå klokka 10 til 15 denne dagen. Men HF-fakultetet kan i år også lova debattar og meir aktive formidlingsformer.

Blir gutar diskriminerte i skulen?

- Ja, me synest at det er viktig å levandegjera dei humanistiske faga på nye måtar. Difor inviterer me til dialog og interaktivitet, fortel avdelingsleiar for HF studentinformasjon, Helene Wilberg og koordinator for Open dag, Olaf Christensen. Dei viser til ein debatt om stat og kyrkje bør skilja lag og ein annan som handlar om spørsmålet om gutar blir diskriminerte i skulen. Til den sistnemnde debatten kjem blant andre SVs stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen og mannsforskar Jørgen Lorentzen frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking, UiO.

Kunsthistorikarane Ina Blom og Øyvind Storm Bjerke inviterer dei besøkjande til samtale og diskusjon om måleri utlånte av elevar frå måleriavdelinga på Kunstakademiet.

- Tanken bak dette var at den høge terskelen for å koma til Blindern skulle bli litt lågare. Difor meinte me at det var viktig å finna ein ny arena der ungdomane kunne treffa forskarane, seier Wilberg og Christensen.

- Nokre av skulebesøkjarane skal også presentera masterprosjekta sine for eit større publikum. Dei er masterstudentar som besøkjer fem skular kvar og fortel om prosjektet sitt etter eit fem dagers kurs i formidling ved fakultetet.

Namnetyding

- Og dei som er interessert i kva namnet eller etternamnet deira tyder kan ta kontakt med namnegranskarane og forskarane frå prosjektet Norsk Ordbok 2014. Dei vil kunna gi svar på det meste, garanterer Helene Wilberg og Olaf Christensen.

Også ved dei sju andre fakulteta ved UiO blir det open dag torsdag 11. mars. Damer, sex, gud og hip-hop, olympisk urettferd og statistikk og kvifor må skøytesprintarane gå 500 m to gonger? Det vil vera andre pirrande tema du kan gå på denne dagen då det vil vera høve til å stikka innom 80 mini-forelesingar.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2004 15:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere