Norsk Ordbok må flytta til Veglaboratoriet

Alle dei tilsette ved Norsk Ordbok 2014 må flytta til Veglaboratoriet. Dei får fylgje av dei tilsette ved Seksjon for leksikografi og målføregransking, Seksjon for namnegransking, Dokumentasjonsprosjektet og delar av HFs fakultetssekretariat. Flyttinga skal vera gjennomført i løpet av sommaren.

MÅ FLYTTA: Prosjektdirektør Kristin Bakken og dei tilsette i Norsk Ordbok 2014 tar med seg arkivmateriellet og flyttar til Veglaboratoriet.
Foto: Ola Sæther

- Me har fått lovnad om å få vera i Veglaboratoriet, så lenge det ikkje blir rive. Universitetet i Oslo vil ha høve til å riva bygningen for å byggja eit nytt bygg der i løpet av dei ti åra før Norsk Ordbok skal vera avslutta, seier prosjektdirektør Kristin Bakken til Uniforum.

Ho vonar likevel at dette ikkje blir aktuelt før prosjektperioden er over. Når dei likevel er nøydde til å flytta, er ho nøgd med at dei har fått gjennomslag for dei viktigaste krava sine.

50 personar må flytta

Det er i eit brev frå universitetsdirektør Hanne Harlem til HF-fakultetet at det går fram at det no er rydda plass for både Norsk Ordbok 2014, Seksjon for leksikografi og målføregransking, Seksjon for namnegransking, Dokumentasjonsprosjektet og delar av HFs fakultetssekretariat i Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25. Til saman vil dette innebera at 50 personar må skifta den fysiske arbeidsplassen sin. I tillegg skal 400 kvadrameter med arkivmateriell flyttast.

Teknisk avdeling vil hjelpa fakultetet med ein flytte- og disposisjonsplan for dei aktuelle lokala. Den skal lagast i samarbeid med brukarane, går det fram av brevet frå universitetsdirektøren.

Teknisk direktør Frode Meinich opplyser til Uniforum at Veglaboratoriet skal vera klar til innflytting frå 1. mai.
- Og me håpar at flytteprosessen kan koma i gang så fort som mogleg etter denne datoen, seier han. Kristin Bakken trur likevel ikkje at Norsk Ordbok og dei to andre seksjonane ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, kan flytta på seg før sommarferien.

Skal rivast

- Det vil bli vanskeleg, seier ho. Førebels har Universitetet i Oslo leigd desse lokala for fem år. Den endelege planen er å riva heile Veglaboratoriet for å gi plass for eit nytt naturvitskapleg senter for UiO. Når desse planane kan setjast i verk, er enno eit ope spørsmål. Det vil nemleg avhenga av tomteutgreiing, ny reguleringsplan, prosjektering av anlegget og finansieringa av prosjektet.

Sidan UiO ikkje ynskjer å hindra den vidare prosessen, vil ikkje universitetsleiinga inngå ein leigekontrakt som varer lenger enn fem år. "Så lenge bygningen ikke rives, er det imidlertid vår klare intensjon å fortsette leieforholdet," skriv universitetsdirektør Hanne Harlem i brevet til HF-fakultetet.

Føresetnaden for at delar av HFs fakultetssekretariat skal inn i Veglaboratoriet, er at heile fakultetssekretariatet skal ut av 8. etasje i Administrasjonsbygningen. Det kan skje så snart flytteprosessen i Nils Treschows hus og P.A. Munchs hus gir rom for dette.

Økonomisk kompensasjon

Prosjektdirektør Kristin Bakken stilte fleire krav for å gå med på å flytta Norsk Ordbok under forhandlingane med fakultetsleiinga.

- Eg set pris på kor imøtekomande fakultetsleiinga og Teknisk avdeling har vore i å konkretisera flyttevilkåra våre. Det viktigaste for meg er at dei gjekk med på å kompensera økonomisk for tapt arbeidstid. Dessutan vil eksterne flyttekonsulentar ta seg av logistikken og organiseringa av flyttinga. Og sist, men ikkje minst har me fått lovnad om at kantina blir sett i stand. No håpar eg at også kravet om å få til ei fleksibel IT-teneste fell på plass.

- Korleis reagerer dei tilsette på flyttevedtaket?

- Dei tilsette er glade for at det no er eit heilt fagmiljø som blir flytta, men dei er jo klare over at sjølve flyttinga kan bli ei tung bør å bera for kvar og ein av dei. Dei er også uroa for å bli sett på sidelinja reint fagleg. Det blir ei utfordring for prosjektet å sikra kontinuerleg kontakt med fagmiljøet på Blindern, slår ho fast.

Emneord: Nynorsk, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2004 15:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere