Noregsmeister både i kjemi og matematikk

Paul Kjetil Soldal Lillemoen frå Øystese gymnas i Hordaland vann sist helg finalen i Kjemiolympiaden med 89,5 poeng av 100 moglege. Soldal Lillemoen vann nyleg også finalen i Niels Henrik Abels matematikkonkurranse.

BEST IGJEN: Paul Kjetel Soldal Lillemoen (i midten) vann også finalen i Kjemiolympiaden. Her er han flankert av Matias Holte t.v. og Anders Klungre etter finalen i Abels matematikkonkurranse.
Foto: Ola Sæther

Eivind Rimstad frå Stabekk vidaregåande skule i Bærum kom på andreplass med 75 poeng medan Wilhelm Frich frå Oslo Handelsgymnasium enda på tredjeplass med 72 poeng. Beste jente var Marit Sandstad frå Oslo katedralskule. Ho kom på niandeplass med 58,5 poeng.

Vinnaren av Kjemiolympiaden, Paul Kjetel Soldal Lillemoen deltar denne veka i finalen i Fysikkolympiaden. Han reknar med at han har mindre sjanse til å vinna i den konkurransen enn i dei to første finalane han deltok i. Etter at finalen i Fysikkolympiaden er over, skal det plukkast ut fire deltakarar som skal representera Noreg i Den 36. internasjonale kjemiolympiaden i Kiel i Tyskland frå 18. til 27. juli i år. Alt talar for at ein av dei blir Paul Kjetel Soldal Lillemoen, som også skal representera Noreg i Den internasjonale matematikkolympiaden i Aten i juli.

Emneord: Kjemi, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 29. mars 2004 13:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere