Irans kvinnerevolusjon

25 år sidan Den islamske revolusjonen opplever Iran ein stille revolusjon. Den handlar om korleis skuleflinke kvinner har marsjert inn på dei mest populære studia på universiteta. I dag er 64 prosent av studentane kvinner.

ALDRI LIKESTILTE: - Menn og kvinner kan bli meir like og meir likeverdige, men dei blir aldri likestilte, meiner Jaleh Shaditalab (t.v.), som er direktør for Senter for kvinneforsking i Teheran.
Foto: Ola Sæther

Jaleh Shaditalab er ein av dei som har forska mest på situasjonen til kvinnene i Iran. Ho kom tilbake til Iran med ein doktorgrad i sosiologi frå University of Indiana i USA i 1979.

- Som iranar og som sosiolog kunne eg ikkje bli verande i USA når eg hadde høve til å oppleva ein ekte revolusjon i heimlandet mitt, fortel ho med eit smil. I dag er ho direktør for Senter for kvinneforsking ved Universitetet i Teheran.

- Eigentleg må eg takka ein mann, nemleg president Mohammad Khatami for at dette senteret blei opna i 2000, vedgår ho.

- To av dei tre store forskingsprosjekta våre er også finansierte av presidentkontoret, Dei handlar om kvinnene sin tilgang til deltaking i samfunnslivet, til kredittsystemet og til utviklingsplanar, legg ho til. Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) finansierer tre prosjekt som ser på samanhengen mellom kvinneleg sysselsetjing, diskriminering, kvinneleg fattigdom og politikken til regjeringa. Og Verdsbanken gav nyleg senteret 240 000 kroner i forskingspengar.

- Desse pengane skal me bruka på å forska på nettverksbygging mellom kvinneorganisasjonar i Afghanistan, Iran og Pakistan, fortel Shaditalab.

Vil ha studentutveksling

No håpar ho at det også skal vera mogleg å få til utveksling av studentar mellom senteret hennar og liknande senter i utlandet.

- Olof Palme-stiftinga finansierer opphaldet for to av dei kvinnelege studentane våre på eit masterkurs ved eit svensk universitet. Me trur me skal klara å få til liknande avtalar med Canada og Nederland. Difor har me planar om å starta ein sommarskule med engelsk som undervisningsspråk, avslører ho.

- Forskinga ved senteret har avdekka at ein tredel av alle kvinner i Iran har ein høg grad av sosial deltaking. Dei fleste av dei er aktive i velferdsforeiningar eller i religiøse organisasjonar. Det er interessant å leggja merke til at deltakinga i religiøse organisasjonar var spesielt høg i Teheran, seier ho.

Uinteresserte i økonomi

Når det gjeld spørsmålet om bankkreditt for kvinner, så gjorde dei eit overraskande funn.

- Det sjokkerande var at me oppdaga at kvinner ikkje var interesserte i økonomi. Det einaste gongen dei viste interesse for økonomi, var kvar gong dei skulle betala straumrekninga eller vassavgifta. Funnet fekk regjeringa til å gi opp planane om å etablera ein eigen bank for kvinner, fortel ho. Senteret er no i gang med å laga utviklingsplanar spesielt lagde til rette for kvinner.

- I dei tradisjonelle utviklingsplanane har kvinnene vore usynlege. Det har kanskje berre stått ein einaste setning om kva rolle kvinnene skal spela i utviklinga av ein landsby.

- Mange kvinner giftar seg ikkje

- I Iran News frå 13. november 2003 står det at det er 800 000 fleire kvinner enn menn i gifteferdig alder i Iran. Kva får det å seia for forholdet mellom kjønna i dette landet?

- Det er noko som du legg merke til overalt. Mange kvinner giftar seg ikkje lenger, og dei synest ikkje det gjer noko. Og familien aksepterer at jentene let vera å gifta seg. Tidlegare blei dette rekna som noko uhøyrt, men no er det mogleg.

- Mange av kvinnene blir også sende til universiteta for å skaffa seg ei utdanning slik at dei kan få seg jobb og forsyta foreldra og syskena sine. Med ein godt betalt jobb vil det også bli meir og meir vanleg at ugifte kvinner kjøper sitt eige husvære. For 15 til 20 år sidan fekk ikkje ein gong ugifte gutar lov til å kjøpa sitt eige husvære. I dag giftar unge par seg når dei er rundt 24 år, medan den gjennomsnittlege giftealderen låg på 20 år for rundt eit tiår sidan.

Kvinneinvasjonen på universiteta

- Men kva er grunnen til at så mange fleire kvinner går på universitetet i dag i høve til tidlegare?

- Svært mange av dei kvinnelege studentane kjem frå område langt frå Teheran. Det vil seia at dei må bu på hybelhus her. Takka vera Den islamske revolusjonen har foreldra deira stolt på at det går sømmeleg føre seg på desse hybelhusa, og at jentene deira difor vil vera i gode hender i hovudstaden. Det er ein av grunnane til at kvinnene utgjer 64 prosent av alle universitetsstudentane i Iran. Til og med på ein slik tradisjonell mannsbastion som sivilingeniørstudiet utgjer kvinnene i dag 35 prosent av studentane. For ti år sidan var det like mange kvinner som menn på universiteta. Ja, i dag er 25 prosent av professorane ved Universitetet i Teheran også kvinner, seier ho stolt.

- Blir aldri likestilte

- Blir det nokon gong likestilling mellom kvinner og menn i Iran?

- Nei, menn og kvinner kan bli meir like og meir likeverdige, men dei blir aldri likestilte. I økonomiske spørsmål er det mannen som alltid får det siste ordet. I presidentperioden til Khatami har forsøka på å betra kvinnene sin situasjon både tatt eitt steg fram og eitt steg tilbake.

- Eit nærliggjande døme er det faktum at det ikkje lenger er naudsynt for kvinnene som arbeider på dette kontoret å ha på seg chadoren (skautet) i dei varmaste sommarmånadane. Før Khatami var det ingen bøn. Då måtte me ha den på oss heile tida. Det var nok ein av grunnane til at 22 millionar av dei 27 millionane som røysta under det siste presidentvalet, røysta på Khatami.

- Iran har jo ein kvinneleg visepresident. Ville ikkje det ha vore fint med ein kvinneleg president?

- Det er viktigare kva ein presidentkandidat står for enn kva kjønn vedkomande har, slår ho fast.

Kvinner i Iran
Gjennomsnittleg levealder 71,3 år (68,5 år for menn)
Alfabetiseringsnivå 70,2 prosent av 100
Økonomisk aktivitetsnivå 29,5 prosent

Kvar kvinne føder gjennomsnittleg 2,3 barn (2001) medan kvar kvinne fødde 6,4 barn i perioden 1970-75

Kvinneleg stemmerett innført: 1963
Første kvinne valt inn i parlamentet: 1963
Kvinnene utgjer i dag 4,1 prosent av parlamentsmedlemane
Regjeringa har ein kvinneleg statsråd, Massumeh Ebtekar som både er visepresident og miljøvernminister
(Kjelde: FNs utviklingsstatistikk 2003)

Emneord: Iran, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2004 16:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere