Forskar i asyl

Boneza Rumvegeri var professor i geologi og rektor ved Universitetet i Goma i Kongo då styresmaktene starta forfylginga av han. Han blei nøydd til å dra til Burundi og seinare til Uganda. Men heller ikkje der kjende han seg trygg. Difor skaffa organisasjonen Scholars at Risk han hausten 2002 forskarasyl ved Noregs geologiske undersøking i Trondheim.

ENDELEG TRYGG: - Her ved NGU har dei tatt imot meg med eit varmt hjarte og ein vilje til å hjelpa meg på alle måtar, fortel Boneza Rumvegeri. (Foto: Gudmund Løvø, NGU)

Vegen frå Goma i Den demokratiske republikken Kongo (tidl. Zaire) til Noregs Geologiske Undersøking i Trondheim var svært lang for Boneza Rumvegeri, kona hans og dei fem borna deira. Då forfylginga av han starta i 1997 var Rumvegeri både rektor ved Universitetet i Goma og direktør for Det høgare instituttet for avansert teknikk (Institut Superieur des Techniques Appliques) i den same byen. Samtidig var han visepresident for Afrikas geologiske selskap og medlem i Afrika-avdelinga til World Geological Map Commission. Han tilhøyrde også ei etnisk gruppe som blei forfylgd av styresmaktene i Kongo etter folkemordet i Rwanda i 1994.

Forsvinningar

- På den tida forsvann mange intellektuelle og forretningsmenn i Republikken Kongo. Sjølv heldt eg på å bli bortført tre gonger, men kvar gong greip naboane mine inn og redda meg. Då forstod eg at eg ikkje var trygg i heimlandet mitt, og i mai 1997 flykta eg til Bujumbura, hovudstaden i Burundi. Der blei eg tilsett i full stilling som professor ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Burundi, der eg hadde vore gjesteprofessor sidan 1990, fortel Rumvegeri til Uniforum. Men heller ikkje der var han trygg.

- I mars 1999 fann to representantar for styresmaktene i Kongo meg der, og eg blei tvungen til å seia opp stillinga mi og dra tilbake til Goma, sidan dei truga både meg og familien min på livet. Eg fekk også tilbake jobben som direktør for Det høgare instituttet for avansert teknikk, og blei også utnemnt til rådgjevar i energispørsmål. Litt etter litt forstod eg at alle initiativa og råda mine blei neglisjerte for å provosera meg til å reagera. Slik kunne eg bli arrestert for å trassa dei politiske styresmaktene og bli drepen.

Arrestasjonen

- Den 5. juli 2000 blei eg arrestert. Politisjefen fortalde meg at dei hadde fått ordre om å arrestera meg fordi eg som intellektuell trassa makthavarane. Om eg flykta til eit naboland på nytt, ville dei likevel få tak i meg, noko som ville få svært tragiske fylgjer for både meg og familien min. Etter at han hadde fortalt meg at eg no var komen til siste stasjon før døden, såg han på meg ei lang stund før han sa: "Eg ynskjer ikkje å arrestera deg i dag fordi eg ikkje vil ha blodet ditt på hendene mine. Kom deg ut!, sa han før han skauv meg ut av kontoret sitt.

- Etter det møtet bestemte eg meg for å flykta til Uganda umiddelbart. Det gjorde eg, men frå juli 2000 til oktober 2002, måtte eg leva i skjul i Uganda fordi eg oppdaga at etterretningsagentar frå Kongo var i Uganda på leiting etter meg. Dei tok til og med kontakt med representanten for FNs høgkommisær for flyktningar i Kampala for at han skulle avsløra skjulestaden min.

- Situasjonen var svært dramatisk for oss. Me mangla alt, dei fem barna våre kunne ikkje gå på skule og me leid både av svolt og leveforhold som var så vanskelege at dei ikkje kan skildrast med ord.

Asyl i Noreg

- Kva gjorde organisasjonen Scholars at Risk for å hjelpa deg?

- Dei sa ja til å finansiera ei forskarstilling for meg hos NGU i Trondheim i eitt år slik at eg kunne få asyl i Noreg. Og då eg kom hit, følte eg meg heilt elendig. Eg var glad for at eg opplevde fred og ro, men eg hadde behov for å leva igjen, å tala med andre, å bli i stand til å arbeida igjen. Scholars at Risk gav meg høvet til å bli klar over at eg både var i stand til å leva og til å produsera noko og til å arbeida med geologi igjen.

- Korleis opplevde du å koma til vinterlandet Noreg?

- Eg har allereie lært det norske ordtaket om at det ikkje finst dårleg ver, berre dårlege klede. Det er heilt sant. Skal familien min og eg integrerast i dette landet, så må me berre venja oss til veret i dette landet også. Barna mine leikar i snøen som alle andre barn. For ein mann på min alder er det verre å gå på ski, men eg har prøvd, fortel Rumvegeri til Uniforum.

Boneza Rumvegeri er den første forskaren som Scholars at Risk har skaffa asyl til i Noreg. Han er godt nøgd med måten har er blitt tatt imot på av kollegaene sine ved NGU.

- På denne institusjonen har dei tatt imot meg med eit varmt hjarte og ein vilje til å hjelpa meg på alle måtar. Det har vore svært viktig for meg å byggja oppatt tankeverksemda mi, intellektet mitt og moralen min.

- Og kva arbeid driv du på med hos NGU?
- Eg deltar i eit prosjekt der me skal laga eit geologisk kart over Rogaland.

- Men lengtar du nokon gong tilbake til heimlandet ditt, Republikken Kongo?
- Nei, no ser både familien min og eg berre framover.

Eit nobelt oppdrag

Scholars at Risk (SAR) blei stifta på ein stor konferanse ved University of Chicago i juni 2000.

- Målet var å finna måtar som kunne hindra åtak på forskarar og akademiske institusjonar over heile verda, fortel direktør Robert Quinn ved hovudkontoret i New York.

Han viser til at dei som deltok på konferansen alle hadde i bakhovudet korleis universitet i USA og i andre land heldt dørene opne for forskarar og intellektuelle som var på flukt frå nazistane under Den andre verdskrigen.

- Alle var samde om at det ikkje ville vera vanskeleg å få universiteta til å stilla opp for å gi forfylgde forskarar og andre akademikarar ein tilfluktsstad. Problemet ville vera å skaffa ressursar som ville gjera det mogleg for desse forskarane å jobba medan dei var i asyl. Difor meinte me at det var naudsynt å etablera eit eige kontor som kunne ta seg arbeidet med å finna forskarar som hadde behov for vern og som kunne førebu institusjonen på opphaldet til den aktuelle forskaren, seier Quinn.

Sidan Scholars at Risk blei starta opp har organisasjonen tatt imot 450 førespurnader om hjelp til forskarar i 84 land i heile verda. Til saman har organisasjonen hjelpt 48 forskarar som har fått asyl og ei forskarstilling ved ein akademisk institusjon i eit trygt land. Lønene til desse forskarane kjem frå eit eige pengefond som organisasjonen har oppretta.

- Til ei kvar tid hjelper organisasjonen mellom 20 og 30 forskarar som er forfylgde i heimlanda sine, opplyser Robert Quinn til Uniforum. I Noreg er Universitetet i Oslo og NGU i Trondheim dei einaste institusjonane som er med i denne organisasjonen.

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2004 12:59 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere