Allierer seg imot HF-dekan

- Dekan Bjarne Rogan må ta omsyn til motstanden og gravleggja planane om å fusjonera institutt ved HF-fakultetet. Det krev dei fire instituttleiarane Jan Ole Askedal, Christopher Prescott, Helge Pharo og Hans H. Skei i ei felles fråsegn.

GÅR IMOT FUSJON:Instituttleiarane Jan Ole Askedal, Helge Pharo, Christopher Prescott og Hans H. Skei allierer seg imot HF-fusjon.
Foto: Ola Sæther

Tekst: Martin Toft
Foto: Ola Sæther

Dei fire instituttleiarane Jan Ole Askedal frå Germanistisk institutt, Christopher Prescott frå Institutt for arkeologi, kunsthistorie og konservering, Helge Pharo frå Historisk institutt og Hans H. Skei frå Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ber no HF-dekanen om å fylgja dømet til statsråd Kristin Clemet som fann ut kva omstilling under sterk motstand kostar og bøygde av.

- Øydelegg pågangsmotet

- Me meiner at planane om å reorganisera fakultetet er i ferd med å øydeleggja pågangsmotet og velviljen som dei tilsette har vist under arbeidet med å gjennomføra Kvalitetsreforma. I tillegg skal me også setja i verk eit system som skal honorera vitskapleg publisering. Det blir rett og slett for mange ting som skal gjennomførast samtidig. Det er grunnen til at me krev at dekanen no bør seia stopp, slår dei fast. Alle er einige om at prosessen har kome for bardust på dei tilsette og at tidsplanen er for krevjande og har vore for lite gjennomtenkt.

- Det er betre å gjera dei andre reformene ordentleg og grundig før me får enda ei reform som me skal ta stilling til på kortast mogleg tid. No har rett nok planane blitt presenterte og kritiserte på fleire allmøte, og mest alle som har tatt ordet, har uttalt seg imot fusjonsplanane. Likevel kjører dekanen løpet vidare som om ingenting har hendt. Det får oss til å stilla spørsmål ved om kva han meiner med demokratisk debatt når motstanden frå eit klart fleirtal av dei tilsette ikkje blir tatt omsyn til, seier Askedal.

Ikkje fraksjonsverksemd

Alle gir uttrykk for at det ikkje kan kallast fraksjonsverksemd det at dei fire som instituttleiarar går saman imot planane om å slå saman og leggja ned institutt.

- Trass i at me risikerer ei slik tolking, ser me oss nøydde til å gå samla imot desse planane. På den måten vil me heller fungera som ein støytdempar mellom fakultetsleiinga og dei som har mista all tillit til leiarane våre. Slik viser me at også me som instituttleiarar er kritiske til planane om omorganisering av fakultetet, forklarar Hans H. Skei.

Dei synest heller ikkje argumenta for ei samanslåing av fag og institutt, har vore gode nok.

- Fleire av institutta oppstår berre ved å leggja dei saman utifrå tanken om at stort er bra. På den måten blir fagmiljø brukte som salderingspostar i eit reorganiseringsspel som manglar konsekvensanalysar. Det som ein sparer på færre instituttleiarar vil gå ut igjen til mellomleiarar på alle nivå. For utan mellomleiarar vil det ikkje vera mogleg å få så store einingar til å fungera, konstaterer Helge Pharo.

- Slitasje

- Det er grunnen til at me forlangar faglege grunngjevingar for samanslåing og oppsplitting når dei går så langt som det blir lagt opp til. Me krev difor ei utrekning av ressursbruken ved flytting og tilpassing og av den framtidige økonomien for dei nye einingane, understrekar dei fire instituttleiarane.

- Slitasjen, splittinga, tidsbruken og irritasjonen er så stor at saka burde ha vore trekt for lenge sidan, meiner dei.

Dekan Bjarne Rogan lovar på nettsidene til HF-fakultetet at eit nytt forslag til organisasjonsmodell og struktur skal leggjast ut på høyring 2. april. Der lovar han også ei utgreiing av både dei økonomiske og personalmessige konsekvensane av ei omorganisering. Men han vil ikkje stansa reorganiseringa av fakultetet.

Emneord: Universitetspolitikk, Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2004 11:42 - Sist endra 10. des. 2008 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere