Utdanninga skal kvalitetssikrast

Universitetet i Oslo skal innføra eit system som skal brukast til å kvalitetssikra all utdanning som blir gitt ved lærestaden. Konsekvensen blir at retningslinjer for studentevaluering av undervisning blir avvikla. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 24. februar.

Å AVINTELLEKTUALISERA: - Denne saka må avintellektualiserast, meinte Egil Myklebust.(Foto: Norsk Hydro)

Dermed skal all utdanning som det blir gitt tilbod om ved UiO gå gjennom eit felles system for kvalitetssikring. Studiekomiteen, som har ført forslaget i pennen, går inn for at det skal vera ei evaluering av kvart studieprogram ein gong kvart fjerde år. Det skal vera både eksterne evalueringar og studentevalueringar av dei aktuelle studieprogramma.

I løpet av hausten 2004 skal Styret så få den første rapporten om korleis det går med iverksetjinga av systemet og om status for kvalitetsarbeidet.

I Universitetsstyret dreia debatten seg i stor grad om det skulle vera tilsynssensorar både på lågare og høgare grad eller om det skulle vera valfritt i alle fall på lågare grad. Framlegget om at det skulle vera valfritt fall etter at det berre fekk støtte frå dei tre representantane til dei vitskaplege og tekniske/administrative tilsette.

Frykta meir byråkrati

Representant for dei vitskaplege tilsette, Kristian Gundersen, frykta at eit nytt system for kvalitetssikring av utdanning, ville føra til krav om tilsetjing av fleire tilsette i universitetsadministrasjonen.

- Eit trugsmål mot effektiviteten ved UiO er byråkratiet. Eg er overraska over at dei eksterne representantane frå næringslivet ikkje er opptekne av dette, sa han. Han blei til dels roa ned av universitetsdirektør Hanne Harlem, som rekna med at det nok ville føra til ein del meirarbeid for administrasjonen til å byrja med, men etter kvart som systemet ville bli sett i verk, ville det ikkje gå utover resten av arbeidet til administrasjonen.

Gundersen ville gjerne også ha med i det endelege vedtaket at den enkelte faglærar var ansvarleg for kvaliteten på undervisninga som blei gitt. - Dessutan må det stillast krav om både høgt fagleg nivå og høg studiekvalitet. Det bør difor også produserast ein enkel og grei manual for programleiarane, meinte han.

- Må avintellektualiserast

Det siste forslaget fekk ekstern representant Egil Myklebust til å ta til motmæle.
- Du vil ha mindre byråkrati og meir effektivitet ved UiO, men samtidig er du den første til å krevja at det blir innført ein detaljert manual for dei som skal leia undervisninga. Her ved UiO er det ein tendens til å problematisera ting som ikkje treng problematiserast. Denne saka må avintellektualiserast og så må me finna fram til nokre enkle verkemiddel som kan brukast til å kvalitetssikra utdanninga. Oppgåva til Styret er å få operasjonalisert desse verkemidla, slo han fast.

- Så enkelt som mogleg

Representanten for dei tekniske/administrative tilsette, Hanna Ekeli understreka at målet med systemet ikkje er å auka talet på tilsette i administrasjonen.

- Utfordringa er å innføra eit system som er så enkelt som mogleg. I byrjinga kan det truleg oppta litt av tida til administrasjonen, men etter at systemet er innført, vil det gå greitt utan at det blir fleire ting å gjera for dei som arbeider der.

Manglar fokusering

Studentrepresentant Kim Rand-Henriksen var ikkje heilt nøgd med forslaget til eit system for kvalitetssikring av utdanninga ved UiO.

- I dette dokumentet saknar eg ei fokusering på formålet med systemet. Viss eit emne eller ein forskar er elendig, må me ha noko å måla det opp mot for å kunna gjera noko med det. Dokumentet er svakt når det gjeld kva tiltak som kan setjast i verk om utdanninga blir for dårleg, meinte han.

Ekstern representant Paul Chaffey var mest oppteken av språket i dokumentet.

- Dette minner meg mest om ein blåkopi av manualen til bedriftsleiinga i den japanske bilindustrien, konstaterte han.

- Likevel er det viktig at det blir innført eit verkemiddel som kan hjelpa oss til å betra kvaliteten på utdanninga. Og systemet må også avdekka dårleg kvalitet. Det er ikkje berre dei beste faglærarane som skal driva med kvalitetsarbeid, syntest han.

Representant for dei vitskaplege tilsette, Harriet Bjerrum-Nielsen, var den som var mest radikal av dei som tok ordet.
- Me treng ikkje eit sjølvstendig prosjekt for å måla utdanningskvalitet, så lenge me heile tida prøver å unngå mest mogleg byråkrati, argumenterte ho med.

Rektor Arild Underdal avrunda diskusjonen med å lova å ta med dei presiseringane som kom fram på møtet i det endelege vedtaket, men elles vedta forslaget slik som det låg føre frå Universitetsdirektøren. Dermed godkjente Styret forslaget til kvalitetssystem og bad om at det måtte setjast i verk. Den endelege ordlyden i vedtaket blir ikkje klar før til helga.

Rekneskapen for 2003 og budsjettforslag for 2005 var to av sakene som Universitetsstyret handsama bak stengde dører. Begge desse sakene skal sendast vidare til Utdannings- og forskingsdepartementet. Den førstnemnde saka skal dessutan sendast til Riksrevisjonen for godkjenning.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2004 16:04 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere