UiO flaggar på Samefolkets dag

Fredag 6. februar flagga Universitetet i Oslo for første gong på Samefolkets dag. Det blei markert med tre samiske og tre norske flagg på dei seks flaggstengene på Frederikkeplassen på Blindern.

SAMEFOLKETS DAG: Tre samiske og tre norske flagg på Frederikkeplassen på Blindern markerer Samefolkets dag.
Foto: Martin Toft

- Dei norske flaggreglane slår fast at det ikkje er tillete å heisa det samiske flagget åleine. Det norske flagget må alltid heisast saman med det samiske. Dessutan er det heller ikkje lov å heisa det samiske flagget på UiOs offisielle flaggstong på toppen av Administrasjonsbygningen, sidan det berre er ei flaggstong der, fortel driftssjef Astri Ottesen i Teknisk avdeling.

Samefolkets dag blir kvart år markert i Noreg, Sverige, Finland og Russland og er eit viktig symbol for eit samla samisk folk på tvers av landegrensene. Dagen blir feira til minne om det første samiske fellesmøtet i Trondheim 6. februar 1917. Dette møtet la grunnlaget for det landsdekkande og tverrnasjonale samesamarbeidet som har utvikla seg heilt fram til i dag.

Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2004 11:36 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere