Skal kvalitetssikra utdanninga ved UiO

Universitetet i Oslo kjem truleg til å innføra eit system som skal brukast til å kvalitetssikra all utdanning som blir gitt ved lærestaden. Konsekvensen blir at retningslinjer for studentevaluering av undervisning blir avvikla. Universitetsstyret skal gjera endeleg vedtak i denne saka tysdag 24. februar.

Den einaste saka som skal handsamast i ope møte i Universitetsstyret i morgon, tysdag 24. februar, er forslaget frå universitetsdirektør Hanne Harlem om å innføra eit system som skal brukast til å kvalitetssikra all utdanning som det blir gitt tilbod om ved Universitetet i Oslo.

Studiekomiteen, som har ført forslaget i pennen, går inn for at det skal vera ei evaluering av kvart studieprogram ein gong kvart fjerde år. Det skal vera både eksterne evalueringar og studentevalueringar av dei aktuelle studieprogramma. I løpet av hausten 2004 skal Styret så få den første rapporten om korleis det går med iverksetjinga av systemet og om status for kvalitetsarbeidet.

Rekneskapen for 2003 og budsjettforslag for 2005 er to av sakene som Universitetsstyret skal handsama bak stengde dører. Begge desse sakene skal sendast vidare til Utdannings- og forskingsdepartementet. Den førstnemnde saka skal dessutan sendast til Riksrevisjonen for godkjenning.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2004 16:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere