Iransk sosiolog: - EU og Midtausten nærmar seg kvarandre

- Så lenge USAs president George W. Bush let oss vera i fred, ser eg lyst på framtidsutsiktene til Iran. Eg ser for meg ei stadig auka tilnærming mellom EU og Midtausten. Det seier sosiologen og teologen, Saied Ameli ved Universitetet i Teheran. Uniforum møtte han i november i fjor.

FRED: - Fred og samarbeid må alltid byrja på grasrota før politikarane er i stand til å skapa fred. Alle folk som har opplevd krig, lengtar etter fred, seier den iranske sosiologen Saied Ameli.
Foto: Ola Sæther

Lengst nord i sentrum av millionbyen Teheran ligg Det samfunnsvitskaplege fakultetet til Universitetet i Teheran. Ved dette fakultetet arbeider den religiøst utdanna sosiologen Saied Ameli. I eit halvt år delte han kontoret sitt med Midtausten-ekspert Bjørn Olav Utvik ved Universitetet i Oslo.

Saied Ameli tar imot oss i drakta til dei religiøst utdanna, det vil seia med turban og lang kjortel. Han spør straks etter korleis det går med den norske forskarkollegaen hans og ber oss om å helsa han frå heile fakultetet. Politisk og religiøst tilhøyrer Ameli reformrørsla til Irans president Mohammad Khatami.

- Dialog mellom sivilisasjonar

- Eg trur Khatami har klart å skapa meir toleranse oss iranarar imellom og fått oss til å gå i dialog framfor å ryka i tottane på kvarandre under dei politiske debattane våre. Dessutan har han også oppmuntra oss til å forstå vår eigen kultur betre og på same måte få større forståing for andre kulturar.

- Hovudbodskapen hans er dialog mellom sivilisasjonar, noko som står i sterk motsetning til Samuel Huntingtons bok "The Clash of Civilizations", som eg meiner USAs president George W. Bush er den fremste bodberar av, slår Ameli fast. Han vedgår at Den islamske revolusjonen i Iran i 1979 også var prega av intoleranse.

- Eineståande eksperiment

- På den tida var slagordet i Iran "Vesten er verst", medan det i Vesten var "Vesten er best". Det er to gode døme på kor stor framandfrykta var mellom Iran og Vesten på den tida. Den islamske revolusjonen var eit eineståande eksperiment. Heile verda trudde at det ville bli ein sekulær revolusjon, men brått blei den endra til å bli ein religiøs revolusjon.

- Eg trur årsaka til dette var at det var ein motreaksjon på ein tidsalder der demokratisering i stor grad ville seia amerikanisering. Demokratisering førte også ofte til at samfunnet stilte seg nøytralt til den religiøse tradisjonen i eit land, konstaterer Ameli.

- Dermed blei Iran ein prøve på det motsette. Dei religiøse revolusjonsleiarane var difor fast bestemte på å lata islam gjennomsyra alle delar av samfunnet. Både i politikken, i økonomien og i privatlivet. På ein måte var denne reaksjonen venta, for om nokon ville ha snakka om islamisering av verda, ville heilt sikkert ikkje-muslimske land også ha protestert kraftig. I det tiåret var demokratisering for mange synonymt med kolonisering, seier den iranske sosiologen.

-EU og Midtausten vil nærma seg kvarandre

I dag har han tru på at personlege kontaktar over landegrensene kan bringa langvarig fred og samarbeid mellom Iran og resten av verda.

- Fred og samarbeid må alltid byrja på grasrota før politikarane er i stand til å skapa fred. Alle folk som har opplevd krig, lengtar etter fred. Berre sjå på Europa der dei har klart å skapa ein felles union av land som for 60 år sidan var i krig med kvarandre trass i at landa har forskjellige kristne kyrkjer, minner han om.

- I tillegg forsvarar kristne europearar muslimske palestinarar og viser at menneskerettane gjeld for absolutt alle. Sidan dei religiøse dogma ikkje er like sterke som før, ser eg for meg at EU og Midtausten vil koma nærare kvarandre politisk og økonomisk i framtida, legg han til før han på nytt kjem inn på reformrørsla i Iran.

- Akademisk utdanning til millionar

- Me har gitt mange millionar iranarar akademisk utdanning og på den måten investert i den menneskelege kapitalen. Det er viktig å hugsa på at under sjahen var over 40 prosent av iranarane analfabetar.

- I dag kan nærare 80 prosent av dei lesa og skriva. På landsbygda var det heller ikkje innlagt elektrisitet eller vatn. I Iran finst det i dag mange intellektuelle med forskjellige synspunkt som brukar talarstolen på universiteta og avisene til å utveksla meiningane sine, understrekar han.

- Likevel er studentrørsla utolmodig og vil ha reformer raskare enn det som er tilfelle i dag. Kva seier du til dei?

- Først vil eg understreka at det finst to studentrørsler, ei som forsvarar dei konservative religiøse og ei som støttar dei radikale reformistane med president Khatami i brodden. Den sistnemnde rørsla er svært aktiv og utolmodig og er skuffa fordi endringane ikkje har skjedd raskare.

- Her på SV-fakultetet finst det over 20 studentorganisasjonar og sju nyhendebulletinar som blir gitt ut av studentar. Dersom du går rundt i universitetsbygningane, vil du sjå ein del oppslag som viser kor stor variasjon i politiske meiningar og overtydingar som finst blant studentane.

- På rett kurs

- Men har du tru på at det vil skje store reformer i Iran?

- På øya Kish i Persiagolfen eksperimenterer dei iranske styresmaktene med meir økonomisk fridom. Dersom det skal vera mogleg å få dette til på fastlandet er det naudsynt at det negative biletet av Iran i massemedium i Vesten tar slutt. Til no har dei berre vist dei verste tinga av det iranske samfunnet, som væpna muslimske krigarar i Kurdistan. BBC har, så vidt eg veit, aldri vist reportasjar frå dei moderne vestleg inspirerte forretningane i Nord-Teheran.

- 90 prosent av europearane som har besøkt Iran, seier dessutan at landet var heilt forskjellig frå det dei hadde fått inntrykk av på førehand. Iran går imot ei betre framtid, men av og til skjer det små tilbakesteg. Men kursen er rett.

- Så det er eit land det går an å gjera forretningar med?

- Ja, men land som Noreg og Sverige, som ikkje har noko fortid som koloniherrar, vil absolutt ha ein stor fordel framfor land som Storbritannia og Frankrike. Difor ser eg også positivt på studentutveksling og forskingssamarbeid mellom Iran og dei skandinaviske landa.

Emneord: Internasjonalisering, Iran Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2004 10:02 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere