Idéspeidarar kan gjera forskarar til nyskaparar

Birkeland innovasjon skal etablera eit eige nett av idéspeidarar som skal fanga opp forskingsresultat som kan kommersialiserast på medisin, odontologi, farmasi og kjemi. Det opplyser mellombels dagleg leiar Erling Maartmann-Moe til Uniforum.

IDESPEIDARAR: Pål Rognved, Erling Maartmann-Moe og Kathrine Myhre i Birkeland innovasjon skal etablera eit nett av idéspeidarar ved UiO.
Foto: Ola Sæther

Etter å ha prøvd ein anonym eksistens på eit kontor i Administrasjonsbygningen på Blindern, har Birkeland innovasjon flytta inn hos forskarar og andre nyskaparar i Forskingsparken i Gaustadbekkdalen.

Datagründeren og forskaren Erling Maartmann-Moe er engasjert som dagleg leiar. Han er fagansvarleg og førsteamanuensis II ved Gründerskolen. Dessutan er han tilknytt Alliance Venture som partnar og har bakgrunn som forskingssjef ved Norsk Regnesentral. Frå før er Pål Rongved og Kathrine Myhre tilsette som høvesvis innovasjons- og informasjonsrådgjevar.

Idéspeidarar

For å prøva å få ein oversikt over kva som går føre seg av nyskaping ved UiO, vil dei også setja i verk spesielle tiltak.

- Birkeland innovasjon vil difor ha kontakt med folk som kan nyttast som idéspeidarar spesielt på medisin, farmasi, kjemi og odontologi, seier Maartmann-Moe. Han legg til at selskapet har inngått samarbeid med innovasjonsselskapa til dei tre andre universiteta i Noreg.

- Me trur at det er eit stort uutnytta potensial blant forskarar, andre universitetstilsette og studentar ved UiO, meiner Maartmann-Moe, som likevel ikkje vil svartmala situasjonen for nyskaping i Noreg.

- Dataselskap som Fast og Opera har jo vist at det er mogleg å gjera det bra internasjonalt, også for norske nyskaparar slår han fast.

Medan Birkeland innovasjon fram til no har vore engasjert med å etablera seg og endeleg har fått sitt eige lokale, byrjar no verksemda å ta form.

Vender seg utover

- Fram til no har me vore svært opptekne av vår eigen organisasjon og drift. Når me no har fått det på plass, kan me venda oss til forskarane og andre tilsette ved UiO som treng rådgjeving i samband med ein idé eller ei oppfinning som dei har gjort i samband med forskinga si. Det er grunnen til at me denne veka skal ha møte med fakultetsleiinga og forskarar både ved MN-fakultetet og på dei medisinske og odontologiske fakulteteta, seier Erling Maartmann-Moe og Pål Rognved.

- Og kva med HF- og SV-fakulteteta?

-Det er MN-fakultetet, Det medisinske og Det odontologiske fakultetet som førebels har bede om eit møte med oss. Men me er også opne for å møta folk frå andre einingar ved UiO, presiserer dei.

Det er endringa i Universitets- og høgskulelova som påla læringsstadene å leggja forholda til rette for kommersialisering av forskingsresultat, som er bakgrunnen for at Birkeland innovasjon blei etablert. Det skal fungera som eit serviceorgan for forskarar og andre tilsette med idear eller oppfinningar som kan patenterast.

40 idear vurderte

Sidan etableringa før jul har Birkeland innovasjon fått 40 idear eller oppfinningar til vurdering.

- Rundt halvparten av desse dreier seg om konkrete oppfinningar som me ynskjer å gjera noko med. For at det ikkje skal bli konflikt mellom tidspunktet for patentering og publisering lovar me at det berre skal ta to dagar frå ein idé eller ei oppfinning blir presentert for oss til den er patentert, seier Rognved. Han vil dela dei personane som vender seg til Birkeland innovasjon inn i tre kategoriar.

- Den første gruppa er dei som sit på gode akademiske forskingsresultat som kan kommersialiserast, men som ikkje skjønar det sjølve.

- Den andre gruppa er dei som allereie er gode gründerar og har etablert eigne bedrifter på grunnlag av ideane sine. Dei vil me stimulera til å halda på vidare.

- Den tredje gruppa er dei som har overdrivne førestillingar om kva patentering av ein god idé inneber. Dei trur at dei kan bli rike over natta. Oppgåva vår blir dermed å visa dei at det kan ta lang tid frå lanseringa av ein idé til ideen er blitt omsett til eit kommersielt produkt, forklarar Rongved.

Reodor Felgen-myten

Førebels er Birkeland innovasjon etablert som eit kontor under Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA) ved UiO. Men i løpet av våren skal selskapet etablerast som eit aksjeselskap heileigd av UiO.

- I Noreg har me elska Reodor Felgen-myten, men det er berre nyskaping som er forskingsbasert som har nokon sjanse til å overleva internasjonalt. Det er heller ikkje alltid den som først kjem på ideen, men den som har best evne til å kommersialisera ideen og få den ut på marknaden, som lykkast. Det har all røynsle vist oss, fortel Maartmann-Moe.

- Og sidan Noreg både har god forsking og moderate lønningar, gir dette oss ein konkurransefordel som me må utnytta, understrekar han.

Stipend og pris

Birkeland innovasjon står også bak eit eige fond.
- Avkastinga av Birkelandsfondet skal brukast både til stipend og til ein eigen pris for framifrå nyskaping ved Universitetet i Oslo. Styreleiar Morten Dæhlen har fått oppgåva med å skaffa pengar til fondet frå næringslivet. Til no har dei sett opp dei største norske selskapa som moglege bidragsytarar, fortel Kathrine Myhre. Dei endelege detaljane om formåla og organiseringa av fondet blir først klare i løpet av våren.

Kathrine Myhre peikar på at satsinga på forskingsbasert nyskaping heng nøye saman med regjeringa si satsing på Innovasjon Noreg.
- Birkeland innovasjon blir UiOs bidrag til arbeidet med å få fart på nyskapinga her i landet, seier ho.

I fjor blei arbeidstakaroppfinningslova og universitetslova endra slik at det blei mogleg å dela inntektene av patenterte oppfinningar i tre like store deler. Oppfinnaren får ein tredel, ein tredel går til forskingsgruppa eller det næraste administrative nivået og den siste tredelen går til eit fond som skal stimulera til meir forsking og nyskaping ved UiO.
Emneord: Forskning, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2004 09:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere