HF-dekan vil flytta Norsk Ordbok

HF-dekan Bjarne Rogan har bede dei 35 tilsette ved prosjektet Norsk Ordbok om å flytta ut av Henrik Wergelands hus og til Veilaboratoriet i Gaustadbekkdalen. - Det vil føra til oppsplitting av eit miljø som naturleg høyrer saman, seier ein forarga prosjektdirektør Kristin Bakken.

AVHENGIGE: - Norsk Ordbok er avhengige av desse samlingane, seier prosjektdirektør Kristin Bakken, som her viser fram kjellarmagasinet i Henrik Wergelands hus.
Foto: Ola Sæther

Flyttinga vil også innebera at Norsk Ordbok må ta med seg samlingsseksjonen som no er i store arkivrom og kjellarmagasin i Henrik Wergelands hus.

- Dette er samlingar som me er heilt avhengige av i arbeidet vårt me å laga det vitskaplege bokverket Norsk Ordbok. Å flytta desse samlingane vil ta mykje lenger tid enn berre nokre flyttedagar i påska slik HF-leiinga trur. Ei flytting vil ta minimum tre månader med førebuing og gjennomføring, og vil i denne perioden gå ut over ordboksarbeidet, peika ho på.

- Sidan prosjektet Norsk Ordbok skal vera ferdig i 2014, vil me altså tapa verdifull tid på eit tidsskjema som er stramt frå før. Sidan leigeavtalen med eigaren av Veilaboratoriet berre er på fem år, må me rekna med enda ei flytting før prosjektet er i mål. Det inneber eit kritisk tidstap for prosjektet, seier Bakken.

Inga utgreiing

Ho er svært fortørna over måten fakultetsleiinga har handsama denne saka på.

- Så langt har det ikkje vore noka utgreiing av kva dette flyttealternativet i realiteten vil føra med seg. Framlegga ligg ikkje føre i skriftleg form, og Institutt for nordistikk og litteraturvitskap var ikkje informert om planane. No sist var saka drøfta på eit møte mellom prosjektleiinga, dekanen, rektor og assisterande universitetsdirektør utan at instituttleiinga var informert eller invitert.

- Dette er kritikkverdig for ei flytting vil få konsekvensar for 35 av dei tilsette ved instituttet og av dei er 10 permanent tilsette ved samlingsseksjonane, opplyser Bakken til Uniforum.

Dessutan meiner ho flytteinitiativet er uforståeleg på bakgrunn av dekanatet sitt eige framlegg til ny instituttstruktur.
- Der blir det jo argumentert med det faglege hopehavet mellom samlingane og resten av Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, og for at desse einingane bør vera samlokaliserte, seier Bakken.

Finst ikkje noko vedtak

Ho reagerer også på at dekanen har framstilt det som vedtatt at Norsk Ordbok skal ut av dagens lokale.
- Saka er enno ikkje utgreidd med dei involverte partane, og det finst ikkje noko skriftleg dokument der eit slikt vedtak er nedfelt. Det einaste relevante vedtaket som finst er avgjerda til sentraladministrasjonen om å flytta fakultetsadministrasjonen frå Administrasjonsbygningen. -

- Ein alternativ måte å løysa det romproblemet som oppstår på, kunne faktisk vera å plassera fakultetsadministrasjonen i Veilaboratoriet, men denne løysinga er ikkje vurdert, konstaterer ho.

- Utan ei slik utgreiing kan ein lett kritisera fakultetsleiinga for å prioritera administrasjonen framfor dei samlokaliserte fagmiljøa ,som framlegget til ny instituttstruktur talar så varmt om, legg Bakken til.

Fekk ikkje svar på brev

Styret for Norsk Ordbok med styreleiar Magnus Rindal i brodden, skreiv allereie før jul eit brev til dekan Bjarne Rogan der det uttrykte uro over dei konsekvensane ei eventuell flytting ville ha for arbeidet med å gjera ferdig Norsk Ordbok etter planen, og det bad om at alternativ måtte bli utgreidde.

- Styret har enno ikkje fått noko svar på det brevet, seier Kristin Bakken.
Norsk Ordbok er eit fellesprosjekt mellom UiO og Kulturdepartementet. Universitetet forpliktar seg til å stilla lokale til disposisjon samtidig som det finansierer fire forskarstillingar.

- Sidan dette er eit nasjonalt prosjekt , kjem styret for Norsk Ordbok til å ta denne saka opp med Kulturdepartementet, varslar ho.

- Kan diskuterast på nytt

Dekan Bjarne Rogan opplyser til Uniforum at det ikkje er hundre prosent sikkert at det er Norsk Ordbok som må flytta til Veilaboratoriet.

- Fakultetsleiinga er villig til å diskutera dette på nytt. Difor vil me ta ein ny runde for å sjå kva løysingar som er mogleg å få til. Føresetnaden har heile tida vore at HF-fakultetet har behov for større areal for å få løyst romproblema sine. Dette har universitetet vore lydhøyre for, og difor har det stilt lokale til disposisjon for oss i Veilaboratoriet, seier han.

Rogan stadfestar at han ikkje har vore upåverka av reaksjonane mot forslaget om å flytta Norsk Ordbok til Gaustadbekkdalen.

- Etter sterke protestar frå fagmiljøa, vil me drøfta dette på nytt og sjå om me kan få til andre løysingar.

- Fakultetsadministrasjonen må jo flytta frå 8. etasje i Administrasjonsbygningen. Kunne ikkje dei som arbeider der flytta til Veilaboratoriet i staden for til dømes Norsk Ordbok?

- Ein del av fakultetsadministrasjonen kunne nok flyttast til Veilaboratoriet, medan ein del nok må lokaliserast i nærleiken av fagmiljøa. Det viktigaste for oss er at ei flytting ikkje går utover aktivitetane til fagmiljø med mange studentar. I alle fall så går me no i dialog med dei aktuelle fagmiljøa om flyttespørsmålet, seier HF-dekanen til Uniforum.

Emneord: Nynorsk, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 11. feb. 2004 10:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere