Anders Ryssdal: - Vil universiteta berre det beste!

- Eg vil gjera det best moglege for universiteta. Difor meiner eg det er viktig med høge statlege løyvingar til både forsking og til undervisning. Det seier mannen som har leia Ryssdalutvalet, Anders Ryssdal. Med høgsterettsjustitiarius som far og jurist som mor, var det vanskeleg å unngå å bli advokat. Etter å ha leia Ryssdalutvalet har han også klart å bli utskjelt advokat.

BEST MOGLEGE: - Eg vil faktisk gjera det best moglege for universiteta, seier leiaren for Ryssdalutvalet, advokat Anders Ryssdal.
Foto: Ola Sæther

Advokat Anders Ryssdal. Berre namnet får sindige forskarar og akademikarar til å mista både nattesøvnen og ty til svært uakademisk språkbruk. Som leiar for Ryssdalutvalet har han vore med på å foreslå ei heilt ny tilknytingsform for universitet og høgskular. Han vil lata dei bli meir sjølvstendige og gi dei namnet Statleg høgare utdanningsinstitusjon (SHU). Over 4000 personar skreiv under professoroppropet som blant andre jussprofessor Henning Jakhelln tok initiativet til.

Men kven er eigentleg denne advokaten som vil universiteta så vondt? Er han ein som ynskjer å BI-fisera alle dei offentlege utdanningsinstitusjonane i Noreg? Ting kan tyda på at han også er på småkårfolk si side. I alle fall var han advokat for småaksjonærane i Norway Seafoods som sommaren 2003 vann ei rettssak mot mangemillionæren Kjell Inge Røkke.

Uniforum møter han på den faste arbeidsplassen hans hos advokatfirmaet Wiersholm, Mellbye & Bech i Ruseløkkveien. Han kjem inn i dress og stramt knytt slips og byr oss straks på dei tre tebrøda, kaffien og dei fire flaskene med mineralvatn som me har sett lengselsfullt på medan me har venta på at han skulle dukka opp. Opp av stresskofferten tar han eit eksemplar av den 300 sider tjukke utgreiinga om Ny lov om universitet og høgskular.

- No skulle vel høyringsfråsegnene til utgreiinga ha kome inn, tenkjer eg. Ja, du har vel fått lese dei? spør han.

- Ja, i alle fall den frå UiO, svarar me, før me fyrer av spørsmålet som me har ynskt å stilla han heilt sidan me gjorde intervjuavtalen.

- Korleis kjennest det å bli gjort til hoggestabbe for mest heile den akademiske eliten i Noreg?

- Det merkelege er at det er ingen som har vore opptekne av å diskutera den første delen av innstillinga som altså handlar om å ha ei felles lov for både private og offentlege utdanningsinstitusjonar. Heile debatten har berre handla om kva tilknytingsform universiteta og høgskulane bør ha.

- Dei negative reaksjonane på forslaget vårt om å lata universiteta og høgskulane bli Statleg høgare utdanningsinstitusjon (SHU) trur eg har å gjera med at det er naturleg at tilsette set seg imot endringar på ein arbeidsplass.

- Det som overraska meg mest var at mange skreiv under på protesten lenge før dei visste kva som ville stå i fleirtalsinnstillinga. Dermed blei dei låst i oppfatninga si også etter at det blei kjent kva fleirtalet gjekk inn for.

- Det er populært å vera imot fleirtalsinnstillinga til Ryssdalutvalet ved universiteta. Er du ikkje redd for å ha øydelagt den gode klangen Ryssdal har hatt blant folk?

- Fleirtalet i utvalet har berre fått saklege innspel frå høyringsinstansane. Også på dei opne møta eg har vore på i Oslo, Trondheim og Tromsø har innvendingane og meiningane vore saklege. Alle har vore einige med oss i forslaget om å innføra ei felles lov for private og offentlege utdanningsinstitusjonar. Men når me kjem fram til analysen og konklusjonane til fleirtalet har mange vore ueinige med oss. Og det er faktisk heilt greitt, synest eg.

- Trur du ærleg talt at nokon av desse tiltaka blir gjennomførte?

- Forslaget om å laga ei felles lov for dei private og dei offentlege utdanningsinstitusjonane blir gjennomført, for det bad Stortinget oss om å få greia ut. Det er nok langt vanskelegare å spå korleis det vil gå med dei andre tiltaka fleirtalet foreslår.

- Men forslaget til ny tilknytingsform vil de vel aldri i verda få støtte for i Stortinget?

- Eigentleg er biletet av forslaga frå Ryssdalutvalet mykje meir samansett enn berre spørsmålet om tilknytingsform. Det er mange enkeltforslag som både fleirtalet og mindretalet i utvalet har felles syn på. Ta til dømes framlegga om å innføra einskapleg leiing med rektor som øvste leiar, ha eit større innslag av eksterne medlemar og innføring av vedtekter for kvar institusjon. Mange av høyringsinstansane støttar også desse reformene.

"Men eg har sjølvsagt oppdaga at alle fagforeiningane
er bastante motstandarar av dette forslaget"

- Har du fått støtte frå nokon av dei vitskapleg tilsette til forslaget om å lata universitet og høgskular bli Statleg høgare utdanningsinstitusjon (SHU)?

- Det er mange som har skrive at det ein viktig og interessant modell i ei tid med store endringar i dei eksterne og interne rammevilkåra. Men eg har sjølvsagt oppdaga at alle fagforeiningane er bastante motstandarar av dette forslaget. Det overraskar meg ikkje, sidan ei endring av tilknytingsform ville ha ført til at dei ikkje lenger ville ha hatt eit tilsetjingsforhold til staten, men til universiteta.

- Både akademikarar og fagforeiningsleiarar målar deg som fanden på veggen. Kva vondt vil du eigentleg akademia?

- Eg vil faktisk gjera det best moglege for universiteta. Difor vil eg også understreka at det er viktig med høgast mogleg løyvingsnivå frå staten både til forsking og til undervisning av høg kvalitet ved dei høgare utdanningsinstitusjonane.

- Det var også årsaka til at me både gjekk gjennom OECD-rapportar, og såg på korleis Danmark, Nederland, England og USA hadde organisert dei høgare utdanningsinstitusjonane sine før me byrja å skriva innstillinga vår. Dessutan har me sjølvsagt sett til Sverige. I Danmark har dei ein stiftingsmodell, medan den tidlegare rektoren ved Stockholms universitet vil at universiteta skal bli eigne rettssubjekt. Og både i Sverige og Danmark er rektor den øvste administrative og faglege leiaren for universiteta.

- Kva trur du var grunnen til at statsråd Kristin Clemet plukka ut deg til å leia dette utvalet?

- Nei, det må du spørja den norske regjeringa om. Formelt sett var det nemleg regjeringa som peika meg ut. Personleg synest eg det har vore eit privilegium å få jobba med denne sektoren.

- Korleis er du nøgd med dei andre medlemane i utvalet?

- Det har vore ei stor glede å jobba saman med dei. Det viktigaste var at det var personar frå både private og offentlege universitet og høgskular. Utan ei slik samansetjing ville me ikkje ha klart å gjennomføra dette arbeidet.

- Universitetet i Oslo er det 63. beste universitetet i verda, det 15. beste i Europa og det nestbeste i Norden etter Uppsala universitet, viser ei undersøking kinesiske forskarar har gjort av 2000 universitet. Vil ikkje dette seia at UiO klarer seg bra slik det blir drive i dag?

- Det er mykje bra i norsk forsking og høgare utdanning. Heile utvalet er einig om det. Men ekspert-evalueringar har òg peika på at det vil vera klokt å gjera ein del forbetringar. Det gjeld ikkje minst dei organisatoriske rammevilkåra. Og slike endringar kan gjennomførast utan at universiteta skal gi avkall på den akademiske fridomen som dei bør ha.

- Så du er ikkje tilhengjar av å styra forskinga?

- Nei, på ingen måte. Den frie grunnforskinga er noko av det aller viktigaste universiteta driv med. Også bruksretta forsking er viktig, men berre som eit supplement. Og det kan også gjerast andre stader enn på universiteta.

- Du tok doktorgrad i jus ved Universitetet i Oslo i 1995. Kvifor satsa du ikkje på ein akademisk karriere då du hadde sjansen til det?

- Eg var i stor tvil om yrkesvalet, men på det tidspunktet, hadde eg allereie i fleire år jobba hos Regjeringsadvokaten. Eg likte svært godt det praktisk-juridiske arbeidet i retten, og difor heldt eg fram der også etter at eg var ferdig med doktorgraden min i rettsøkonomi.

- Det er ein tverrfagleg disiplin, og eg har halde fram med forskinga ved sidan av det daglege arbeidet mitt ved å skriva artiklar og bøker om juridiske spørsmål. I dag arbeider eg mykje med Europarett - Menneskerettskonvensjonen og EØS-avtalen, i tillegg til å føra saker i retten.

- Viss du har tid til både å forska og jobba som advokat må jo det tyda på at du ikkje har mykje tid igjen til andre ting. Er det difor du har tatt eit halvt års permisjon for å vera saman med sonen din?

- Nei, det er jo ikkje heile grunnen. Det er ei blanding av eit sabbatsår og ein pappapermisjon. Men eg kan nok seia at det har vore enda meir morosamt å vera saman med den eitt år gamle sonen min enn kva det var å greia ut ei Ny lov om universitet og høgskular.

- Kva gjer du når du skal slappa av?

- Det blir nok dei to mest vanlege norske syndene, skiturar og anna friluftsliv. Men eg får også tid til å nyta kulturtilbodet i hovudstaden. Mesteparten av fritida brukar eg nok på familien.

"Når det gjeld interessa mi for menneskerettar,
så har eg nok blitt inspirert av faren min"

- Far din, Rolv Ryssdal var både høgsterettsjustitiarius i Noreg og domar og president for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Mora di Signe Marie Stray Ryssdal er også jurist. Kunne du bli noko anna enn jurist med slike foreldre?

- Då eg skulle bestemma meg for kva eg skulle bli og svaret blei jurist, så var det fordi eg ynskte det sjølv. Jus er eit interessant fag fordi det heile tida speglar av samfunnet rundt seg og endrar seg i takt med samfunnsforholda.

- Når det gjeld interessa mi for menneskerettar, så har eg nok blitt inspirert av faren min. Det har eg ingen problem med å tilstå. Enda verre blir det nok for sonen min. For kona mi har også doktorgrad i jus, flirer han.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2004 13:16 - Sist endra 10. des. 2008 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere