Universitetsdirektøren vil ha rektor ut av Styret

Universitetsdirektør Hanne Harlem ynskjer at UiO skal innføra einskapleg leiing på sentralt nivå slik at rektor går ut av Universitetsstyret for å konsentrera seg heilt om rolla som dagleg leiar. Det går fram av Universitetdirektørens framlegg til høyringsfråsegn om Ryssdalutvalets innstillingar.

UT AV STYRET: Universitetsdirektør Hanne Harlem ynskjer å innføra einskapleg leiing på toppnivå slik at rektor må gå ut av Styret for å konsentrera seg om jobben som dagleg leiar.
Foto: Ola Sæther

Den endelege fråsegna skal vedtakast av Universitetsstyret på Lysebu førstkomande måndag. Dei tre andre hovudpunkta i forslaget er at UiO står fast på
- at utdanningsinstitusjonane framleis må vera statlege forvaltingsorgan
- at inga einskild gruppe må ha fleirtal i styret
- at studentane framleis må ha rett til 20 prosent representasjon i alle aktuelle organ

Men det er truleg forslaget om kva UiO bør meina om rolla til rektor og til einskapleg leiing på toppnivå som kjem til å skapa flest reaksjonar ved Universitetet i Oslo. I forslaget til fråsegn står det at lova bør opna for overgang til einskapleg leiing på sentralt nivå for dei institusjonane som ynskjer det. Og det legg heller ikkje skjul på kva Universitetsstyret bør gå inn for: "UiO vil selv ønske lovhjemmel for å kunne foreta en slik omlegging," skriv universitetsdirektør Hanne Harlem.

Dersom det skjer, må rektor gå ut av styret, blir det peika på. Då skal også den eksterne styreleiaren peikast ut av Utdannings- og forskingsdepartementet. UiO går inn for at lova bør opna for både val og tilsetjing av rektor. I begge tilfelle må rektor få mandat frå universitetssamfunnet anten gjennom eit val eller ei nominasjonsordning.
Det er også viktig for universitetet at rektor har vitskapleg kompetanse, går det fram av forslaget.

I høyringsrunden var det berre Det medisinske fakultetet og HF-fakultetet som gjekk inn for at rektor må ut av Styret.

Statlege forvaltingsorgan

UiO står likevel fast på at utdanningsinstitusjonane også i framtida må vera organiserte som statlege forvaltingsorgan med særskilde fullmakter. Det samsvarar med haldninga til høyringsfråsegnene til både fakulteta, fagforeiningane og Studentparlamentet.

Nye reformer må føra til løysing av akutte og klart identifiserte problem, heiter det. Konklusjonen blir at UiO ikkje kan sjå at dette er tilfelle ved forslaget til fleirtalet i Ryssdalutvalet om å organisera institusjonane som sjølveigande institusjonar eller som Statleg Høgare Utdanningsinstitusjon (SHU).

UiO tilrår likevel at analysen til utvalet blir ført vidare slik at det blir gjort tydeleg kva fullmakter kvar institusjon treng for å løysa oppgåvene sine og kva behov for styring staten har. Likevel opnar forslaget for at dagens tilknytingsform kan endrast. " På denne bakgrunn bør det avklares hvorvidt dette kan ivaretas gjennom dagens tilknytningsform eller om det foreligger konkrete behov som forutsetter en annen løsning", går det fram av framlegget til Universitetsstyret.

Inga endring av styresamansetjinga

Universitesdirektøren foreslår at UiO skal meina at det heller ikkje ser nokon grunn til å endra samansetjinga av Universitetsstyret. Det er framleis ei fin blanding av ekstern og intern kunnskap, og difor vil universitetet halda fast på eit styre der inga einskild gruppe har fleirtal.

Ein modell med sjølvrekrutterande eksterne representantar kan UiO heller ikkje gå inn for. I dei statlege institusjonane må dei eksterne representantane framleis bli oppnemnde av staten, står det i framlegget.

Støttar gratisprinsippet

På same måten som både fagforeiningane, Studentparlamentet og fakulteta, så foreslår også universitetsdirektøren at Universitetsstyret skal vedta at gratisprinsippet bør lovfestast. Dette bør gjelda for førstegangsutdanning ved statlege institusjonar, heiter det.

Støttar studentane

Forslaget støttar også opp om det viktigaste kravet til studentorganisasjonane, nemleg at det framleis skal vera lovfesta at studentar skal vera representerte på alle nivå og ha rett til 20 % representasjon i alle aktuelle organ. I dei tilfella der dette berre gir dei ein representant, skal studentane ha rett til å møta med ein ekstra representant utan stemmerett.

I høyringsfråsegna vil UiO også uttrykkja uro over at lovutkastet ikkje tar nok omsyn til at ei endring av eigarforma vil kunne svekka rolla til universitetsmusea som forvaltar av statleg eigedomsrett til kulturminne og viktige nasjonale kjeldemateriale.

Støttar felles lov

UiO må slutta seg til ideen om å laga ei felles lov for statlege og private institusjonar, meiner universitetsdirektør Hanne Harlem. Men universitetet må understreka at innstillinga tar for lite omsyn til at lova også skal gjelda for forskingsinstitusjonar. Difor bør departementet og dei folkevalde gå gjennom lova på nytt for å ta vare på dette perspektivet, blir det slått fast.

Den endelege høyringsfråsegna skal altså vedtakast av Universitetsstyret måndag 26. januar. Etter diskusjonen der kan det koma endringar som rektor får fullmakt til å redigera inn i den endelege fråsegna.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2004 16:02 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere