Styret vil opna for både valt og tilsett rektor

Universitets- og høgskulelova bør opna for at rektor bør kunne veljast eller tilsetjast og for at institusjonar som ynskjer det, kan gå over til einskapleg leiing på toppnivå. Det meiner Styret ved Universitetet i Oslo, som ikkje tar stilling til om UiO vil søkja om det.

VALT ELLER TILSETT? Universitetsstyret meiner at ei ny lov må opna for både valt og tilsett rektor. Her tar valt rektor Arild Underdal seg litt drikke under styremøtet på Lysebu 26. januar.
Foto: Ola Sæther

Det var først tysdag 27. januar det endeleg blei klart kva Styret ville gå inn for når det galdt rolla til rektor i høyringsfråsegna om innstillinga til Ryssdalutvalet. Rektor Arild Underdal opplyser til Uniforum at Styret altså har vedtatt at lova bør opna for at dei universiteta og høgskulane som ynskjer det, kan gå over til einskapleg leiing.

Rolla til rektor

Ved dei institusjonane der dette skjer, vil rektor også gå ut av rolla som styreleiar, og konsentrera seg om rolla som dagleg leiar. Då vil i tilfelle Utdannings- og forskingsdepartementet oppnemna styreleiar blant dei eksterne medlemane. Men Universitetsstyret finn ikkje at denne endringa føreset eksternt styrefleirtal. Det vil difor halda fast på dagens samansetjing av Styret, der inga einskild gruppe har fleirtal.

I statlege institusjonar bør dei eksterne medlemane oppnemnast av staten, heiter det i vedtaket. Lova bør opna opp for både valt og tilsett rektor. I begge tilfelle må rektor ha mandat frå universitetssamfunnet, og om han eller ho blir tilsett, må det skje gjennom ei nominasjonsordning. Krava til vitskapleg kompetanse må heller ikkje svekkast, understrekar Universitetsstyret.

I det siste utkastet til høyringsfråsegn, gjekk det fram at Universitetet i Oslo ville ynskja å innføra einskapleg leiing om lova opna for det. Denne setninga er no tatt ut av den endelege høyringsfråsegna frå UiO.

Gratisprinsippet og musea

Gratisprinsippet bør lovfestast for ordinær førstegangsutdanning ved statlege institusjonar, men må gjevast ei utforming som ikkje hindrar samarbeid mellom statlege og private institusjonar. Styret er også samd med studentorganisasjonane i at det er viktig at studentane også i framtida er representerte i dei styrande organa ved utdanningsinstitusjonane. Lova bør difor fastsetja at studentar skal vera representerte på alle nivå og ha rett til 20 prosent representasjon i alle aktuelle organ, går det fram av vedtaket.

Når det gjeld spørsmålet om rolla til universitetsmusea som forvaltar av statleg eigedomsrett til kulturminne og kjeldemateriale av nasjonal interesse, så må dette også bli tatt vare på i lova, meiner Styret.

Likestilling mellom statlege og private

Det opphavelege utgangspunktet for å setja ned Ryssdalutvalet var at det skulle koma med framlegg til ei felles lov for statlege og private institusjonar. Her synest UiO at ei felles lov kan ha noko for seg, men lova må dessutan ta vare på variasjonsbreidda når det gjeld storleik og oppgåver. Lova må vera ei lov om forsking og utdanning, ikkje berre utdanning, understrekar Universitetsstyret.

Den endelege fråsegna skal sendast til Utdannings- og forskingsdepartementet innan 30. januar. Deretter er det opp til statsråd Kristin Clemet å finna ut kva ho meiner Stortinget bør ta stilling til i det endelege framlegget til Ny lov om universitet og høgskular.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2004 10:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere