Styret: Universiteta bør framleis vera statlege forvaltingsorgan

Universiteta og høgskulane bør framleis organiserast som statlege forvaltingsorgan med lovbestemte fullmakter. Det gjekk Universitetsstyret inn for då det vedtok UiOs høyringsfråsegn til innstillinga frå Ryssdalutvalet måndag 26. januar. Fagforeiningane arrangerte ein stille protest under handsaminga av denne saka.

DEMONSTRERTE: 15 fagforeiningsmedlemar demonstrerte mot privatisering av universiteta under styremøtet 26. januar 2004.
Foto: Ola Sæther

15 medlemar av Norsk Tenestemannslag, 2FO og Forskarforbundet møtte opp med plakatar på møtet med slagorda "Nei til privatisering av universitetene". Plakatane heldt dei i veret heile tida under diskusjonen om kva som skulle stå i høyringsfråsegna frå UiO.

På førehand var det nemleg knytt stor spenning til om Universitetsstyret ville opna for ein annan tilknytingsform enn dagens slik det gjekk fram av det siste utkastet til høyringsfråsegn frå rektor Arild Underdal og universitetsdirektør Hanne Harlem. Men i byrjinga av møtet delte universitetsleiinga ut ein ny tekst til kapittelet om tilknytingsform, som viste at dei likevel ikkje ville argumentera for at UiO skulle ha ei anna tilknytingsform enn dagens modell.

Chaffey ville ha særlovsforetak

Berre ekstern representant Paul Chaffey gav uttrykk for at han ville ha ein annan modell enn dagens statlege forvaltingsorgan med særskilde fullmakter. Difor la han også fram eit eige framlegg om at universiteta og høgskulane burde organiserast som statlege særlovsforetak, ha eit eksternt styrefleirtal, ha ein ekstern styreleiar utpeika av departementet og ha ei einskapleg leiing med rektor som øvste ansvarlege. Difor bør heller ikkje rektor vera med i styret, men berre møta i styret som leiar for verksemda, stod det i framlegget til Chaffey.

I forslaget sitt gjekk han også inn for ikkje å lata Tenestemannslova omfatta universitet og høgskular. Grunngjevinga for det var at det ville gi dei statlege utdanningsinstitusjonane større fleksibilitet og meir likeverdige konkurransevilkår i høve til dei private høgskulane.

Argument for dagens modell

Når det galdt spørsmålet om kva tilknytingsform universiteta og høgskulane bør ha i framtida, kom altså universitetsleiinga på bordet med eit nytt tekstforslag som blei lagt fram like etter at møtet hadde starta. I dette forslaget er argumenta for at dei statlege høgare utdanningsinstitusjonane skal halda fram med å vera statlege forvaltingsorgan med lovbestemte fullmakter mykje sterkare enn argumenta imot.

I denne delen av fråsegna blir det peika på at både fleirtalet og mindretalet i Ryssdalutvalet vil at kvar institusjon skal få meir sjølvstyre, men at dei trekkjer ulike konklusjonar når det gjeld kor langt det let seg gjera med dagens tilknytingsform.

Styret viser til at eit presist svar på dette spørsmålet krev ein nærare analyse av minst fire delspørsmål. Det blir spurt etter kva nye fullmakter institusjonane bør utstyrast med for å kunna løysa oppgåvene sine godt.

Kva av desse fullmaktene let seg sameina med dei statlege styresmaktene sitt behov for eigna styrings- og kontrollverkty?spør styret.

Dessutan vil det gjerne vita kva fullmakter som ikkje kan delegerast til universiteta og høgskulane innanfor dagens tilknytingsform. Styret vil også vita kva andre føresetnader knytte til ressursar og realpolitiske skrankar som må oppfyllast for at institusjonane i praksis skal kunne nyttiggjera seg desse fullmaktene.

Forslaget frå universitetsleiinga konkluderer etter ein førebels gjennomgang med at dei fullmaktene som styresmaktene kan delegera berre dersom tilknytingsforma blir endra, og som institusjonane i praksis vil kunna dra nytte av, er mykje mindre enn det som kjem fram gjennom ei teoretisk samamlikning av rettslege idealtypar.

I uttalen blir det vist til at grunngjevinga til fleirtalet til Ryssdalutvalet i hovudsak ser ut til å byggja på ein rettsleg idealtype, og difor ser den ut til å overdriva det handlingsrommet institusjonen ville få, om det hadde blitt ei endring av tilknytingsforma.

"Med den usikkerhet som knytter seg til egenkapital/åpningsbalanse, er det ikke klart at nettoeffekten vil bli positiv," er konklusjonen i forslaget som blei vedtatt av fleirtalet i styret.

Dermed har altså Universitetsstyret spelt ballen over til fleirtalet i Ryssdalutvalet og bede dei om å prova kvifor det skulle bli så mykje enklare og betre for universiteta og høgskulane om dei fekk ein annan tilknytingsform enn i dag.

- Rektor bør ikkje vera styreleiar

I debatten om kva rolle rektor bør ha, var det mange som argumenterte for at han eller ho i enda sterkare grad enn i dag burde dyrka stillinga som dagleg leiar.

- Difor bør han ikkje sitja i styret som styreleiar, meinte Egil Myklebust og Paul Chaffey.

- Nei, han eller ho bør sitja i styret, men ikkje som styreleiar. Det bør også vera ei einskapleg og ikkje ei todelt leiing, meinte Boel Flodgren, og viste til dei svenske universiteta som eit døme på ei slik ordning.

- Det viktige er at inga einskild gruppe har fleirtal i styret, men bortsett frå det har eg ingenting imot at det blir ein ekstern styreleiar, sa Harriet Bjerrum-Nielsen.

Egil Myklebust var ikkje einig i dette.

- I dag sit rektor i ei dobbeltrolle der han både er styreleiar og skal losa saker som han har vore med på å førebu gjennom styret. Det er slett ikkje sikkert at rektorrolla er tent med det. Eg synest det er viktig at rektorrolla blir meir synleggjort, understreka Egil Myklebust. Han fekk delvis støtte frå Hilde Haugsgjerd.

- Eg vil ha ei klar stemme frå rektor. Difor bør ein annan enn rektor vera styreleiar. Leiaren for ein kontrollinstans, bør ikkje vera ein av dei som kan bli kontrollert, meinte ho.

Kristian Gundersen var opptatt av å understreka kor viktig det var at styret hadde demokratisk legitimitet. - Difor må fleirtalet av styremedlemane vera demokratisk valde, og det inkluderer også rektor. Dersom me hadde fått pressa på oss ein ekstern styreleiar og ein tilsett rektor ovanifrå, ville eg ha gjort det til mi livsoppgåve å kjempa mot dei, sa han delvis på spøk og delvis i alvor.

- Eg kan visa til at Universitetet i Oslo er det nestbeste i Norden, om me ser bort frå Karolinska sjukhuset. Det har me klart med dagens styremodell og tilknytingsform, la han til.

Avrøystinga enda med at styresamansetjinga skal vera som i dag, altså at inga einskild gruppe har fleirtal. Når det gjeld spørsmålet om kva rolle rektor skal ha i Styret, så blir ikkje det avgjort før seinare i dag, altså tysdag 27. januar. Men uansett kva rolle rektor skal ha, gjekk heile Styret inn for at rektor skulle veljast eller nominerast av universitetssamfunnet. Heile dette spørsmålet heng også nært saman med om fleirtalet i styret ynskjer ei todelt eller einskapleg leiing på sentralt nivå ved UiO. Den endelege avgjerda i denne saka skal me koma tilbake til, når ho er endeleg vedtatt.

Etter møtet uttrykte fagforeiningsleiarane stor glede over resultatet av styrehandsaminga av denne saka. Dei tok også ein god del av æra for at Styret ikkje hadde stemt for å opna for ei anna tilknytingsform enn dagens modell.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2004 18:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere