Støtte og ros kan gi fleire kvinneprofessorar

Støtte og ros frå kollegaer og overordna er svært viktig for at kvinner skal satsa på ei forskarkarriere. Det viser svara 50 kvinnelege professorar ved UiO har gitt på dette spørsmålet. - Kvotering av kvinner løyser ikkje problemet, meiner professor Janne Haaland Matlary.

ROLLEMODELLAR: - Det er viktig med kvinnelege rollemodellar for at kvinner skal satsa på forsking, konstaterer prorektor Anne-Brit Kolstø.

Det var prorektor Anne-Brit Kolstø og rektor Arild Underdal som like før jul sende ein førespurnad til alle dei 220 kvinnelege professorane ved UiO om kva som var dei viktigaste kriteria for at kvinner ville velja ein forskarkarriere. Etter at fristen gjekk ut, hadde 50 av dei kvinnelege professorane svart.

Det klaraste funnet i undersøkinga er at det er viktig med tilrettelegging av støttefunksjonar for at kvinner skal bli oppmuntra til å satsa for fullt på ein akademisk karriere ved universitetet.

Støtte og ros

- Difor er det viktig at dei kvinnelege forskarane får støtte og ros av både kollegaer og overordna, seier Kolstø. - Eit viktig kriterium som dei trekkjer fram, er altså behovet for å hjelpa dei med å byggja opp eit internasjonalt og nasjonalt nettverk. Det kan gjerast ved å ta dei kvinnelege forskarane med på faglege kongressar og presentera dei for personar både i Noreg og i utlandet som forskar på det same fagfeltet, slår ho fast.

Dessutan viser undersøkinga at det er viktig å syta for at kvinnelege forskarar blir prioriterte ved tildeling av barnehageplassar.

- Det er viktig for dei at dei har rollefigurar i leiande stillingar som dei kan identifisera seg med. På den måten vil det også vera mogleg å læra dei opp til å leia større forskingsprosjekt som kan gi dei større kompetanse og leiarrøynsle innan forsking, seier Kolstø.

Mentorprosjektet

Undersøkinga viser også at mentorprosjektet som blei starta for rundt tre år sidan, får god karakter frå dei kvinnelege professorane.

- Ja, dei trekkjer det fram som eit svært positivt tiltak. I tillegg er det fleire som nemner behov for råd om karriereutvikling, både for stipendiatar og post.dok.-kandidatar. Opprykksordninga for vitskapleg tilsette blir også trekt fram: Med ein gong dei ser ein kvinneleg forskar som har ein sjanse til å rykka opp som professor, kan instituttleiinga leggja forholda til rette for at ho får utført dei naudsynte forskingsprosjekta for at det skal kunna realiserast, fortel Kolstø. Ho er rask med å understreka at UiO på ingen måte vil skræma mannlege forskarar frå seg.

- Nei, me skal gjera det best mogleg å vera forskar ved UiO anten du er kvinne eller mann, presiserer ho. Undersøkinga skal brukast som ein del av grunnlaget før Universitets-styret skal vedta eit fem år langt likestillingsprosjekt ved UiO 27. januar.

- Vilje og sjølvdisiplin

Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Institutt for statsvitskap og ei av dei kvinnene som har svart på førespurnaden frå prorektor Anne-Brit Kolstø. Matlary er gift og mor til fire, og har likevel klart å kombinera rollene som forskar og mor. Ho har også oppskrifta på korleis det er mogleg.

- Det har vore heilt naudsynt å gjera fleire ting samtidig. Eg skreiv doktorgrad medan eg var gravid med barn nummer fire, og var så aktiv eg kunne under barselspermisjonane mine. Sterk vilje og eit "kall" til forsking må vera til stades, og ein må læra å strukturera tida og velja bort mykje. Konsentrasjon er mogleg over kort tid, og det trur eg kvinner lærer seg. Difor kan eg jobba kvar som helst.

- Men ein må verkeleg vilja driva med forsking for det er eit langt løp, fortel ho, men ho synest ikkje det er noko vanskelegare for kvinner å gjera karriere innan forsking enn andre stader.

- Det er få andre karrierar som let seg kombinera så godt med familie på grunn av den fleksible arbeidstida. Og med Internett heime er det enda lettare.

- Kva råd kan du gi til andre kvinner som ynskjer å gjera karriere som forskar, men som samtidig gjerne både vil ha mann og barn?

- Ikkje vent med å få barn, ha eit godt ekteskap der de deler praktisk arbeid. Hans støtte har utruleg mykje å seia for stå på-viljen til kvinna. Finn ein "modus vivendi" (måte å leva på), og set deg klare mål kvar dag for kor mykje du skal skriva! Ver hard mot deg sjølv når det gjeld sjølvdisiplin! Bruk tida bra! Frustrasjonen kjem når du ikkje produserer noko og skuldar på eksterne faktorar, meiner Haaland Matlary, som også veit kva UiO bør gjera for å leggja forholda best mogleg til rette.

- Det er naudsynt med økonomisk og praktisk støtte, lenger post.dok.-periode, mentorhjelp til å setja seg mål for publisering, karriereplanlegging, barnehageplass og støtte til faglege reiser og konferansar.

- Trur du det er naudsynt med kvotering av kvinner for å få dei inn i dei tyngste vitskaplege stillingane?

- Eg er imot kvotering. Ein skal vera kvalifisert, og kjønn har berre noko å seia med omsyn til graviditet, amming og barnepass. På desse områda må kvinner kompenserast slik at dei ikkje kjem dårlegare ut enn menn. Den faglege kvaliteten er likevel den same. Kvotering underminerer seriøsiteten til forskinga og prinsippet til meritokratiet, men også likestillingsprinsippet. Menn skal ikkje diskriminerast, understrekar Haaland Matlary.

Emneord: Likestilling Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2004 13:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere