Nils Christie: - Mennesket er større enn hemnen

- Hemn over gjerningsmannen er ikkje den første innskytinga til pårørande til eit offer. Det er langt viktigare å få svar på kvifor han gjorde den kriminelle handlinga. Det sa professor i kriminologi, Nils Christie då Universitetsforlaget lanserte boka hans "En passelig mengde kriminalitet" måndag 19. januar.

FOR MANGE: - Talet på straffa personar er for stort i Noreg, meiner professor i kriminologi, Nils Christie.
Foto: Martin Toft

- Er det heilt sikkert at ynsket vårt er at gjerningsmannen skal lida? Nei, forståing av kva som førte til den kriminelle handlinga er enda viktigare. Me vil også vera ganske nøgde om me kom i dialog med den som stod bak brotsverket.

- Og eg ser jo klart at det kan vera naudsynt at statsmakta grip inn i saker som er så fæle at gjerningsmannen ikkje vil møta offeret eller pårørande til offeret eller at offeret eller dei pårørande ikkje vil møta gjerningsmannen. Eg meiner at det er farleg å slutta seg til ei offisiell haldning om at det er naudsynt for oss å hemna oss, åtvara Christie.

Sør-Afrika og Latin-Amerika

Han brukte Sør-Afrika og Latin-Amerika som prov på at dette er mogleg.

- Sannings- og forsoningskommisjonane som blei etablerte i desse landa etter avviklinga av apartheidstyret og militærdiktatura viser at mennesket er større enn hemna.

- Eg er overtydd om at også i Noreg vil det vera mogleg å koma enda lenger med ei fredeleg løysing på problema enn det som er tilfellet i dag. Sjefen for konfliktrådet til politiet i ein by i Canada meinte at det var enklast å få gjerningsmannen til å møta dei pårørande til offeret i drapssaker. På den måten klarte dei å personifisera saka, fortalde Christie.

Han kom også inn på grove kriminalsaker som barnedrapa i Baneheia i Kristiansand.

- Aldri ein-til-ein-forhold

- Du kan aldri få eit ein-til-ein-forhold i høve til ei kriminell handling. Du kan ikkje seia "Du skal døy fordi du drap barnet mitt." Me må heller bli påverka av urfolk i USA og Grønland som seier det viktige er å skapa fred.

- Difor var det viktig for dei sørafrikanske styresmaktene å skapa ein situasjon som hindra at dei som hadde gjort overgrep under apartheidregimet, blei utstøytte av det nye samfunnet, konstaterte han.

- For rike

Men han er uroa over sider ved dagens Noreg.
- Samfunnsituasjonen i Noreg i dag går i feil retning, meinte han.

- Me er for rike. På mange måtar hadde me det betre like etter krigen for då hadde me alle eit felles prosjekt. Då eg observerte alle rakettane som gjekk til værs nyttårsaftan, tenkte eg først at det var synd at så mange pengar blei sølt bort på tull og tøys. Seinare kom eg fram til at me kanskje burde ha sølt bort enda meir pengar på slikt, fortalde han.

- Det er viktig å få til ordningar som gjer at overskotet ikkje blir altfor stort. I eit samfunn utnemnte dei den rikaste familien til prinsar for eit heilt år. Dermed måtte dei spandera festar og seremoniar på alle dei andre. Då året var omme, var dei ikkje lenger den rikaste familien, fortalde Christie, som ikkje var nøgd med norsk kriminalpolitikk.

- For mange straffa

- Talet på straffa personar er for stort i Noreg. 40 prosent av dei er dømde for omsetning eller bruk av narkotika. Så kan folk seia at dei har sikkert andre ting på samvitet enn berre det lovbrotet.

- Eg trur at norske styresmakter kunne fått dette talet ned med ein aktiv sosialpolitikk. Difor er det viktig å spørja seg kor stor plass ein skal gi til strafferettsapparatet i høve til anna form for styring, uttrykte Christie.

Emneord: Fakultetene, Jus Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2004 11:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere