Fagforeiningane: - Universitetsdirektøren opnar for ny tilknytingsform

- Me er svært kritiske til at forslaget til høyringsfråsegn frå universitetsdirektør Hanne Harlem opnar for ei ny tilknytingsform for universiteta. Det seier fagforeiningsleiarane ved UiO til Uniforum.

- Det som me er mest uroa over, er at forslaget opnar for ei ny tilknytingsform for universiteta. Me var nøgde med den forma punktet om tilknytingsform hadde i utkastet til høyringsfråsegn. No er me ikkje det lenger, og me synest heller ikkje at Styret kan gå inn for dette, så lenge heile universitetssamfunnet går imot ei anna tilknytingsform enn dagens. Det seier hovudtillitsvalt Live R. Skrindo i Forskarforbundet i ein kommentar til Universitetdirektøren sitt forslag til høyringsfråsegn frå UiO om Ryssdalutvalets innstilling.

Når det gjeld punktet om at UiO bør søkja om lovheimel for å innføra einskapleg leiing på toppnivå, så opprører ikkje det punktet henne så veldig.

- Nei, det visste me om på førehand. No er det opp til Styret å ta stilling på grunnlag av høyringsfråsegnene frå fakulteta, fagforeiningane og Studentparlamentet, seier ho til Uniforum.

Heller ikkje NTL og 2 FO ved UiO er nøgde med universitetsdirektør Hanne Harlems forslag til høyringsfråsegn frå UiO.

- Me står saman med dei andre fagforeiningane ved å peika på at dei setningane som presiserte eit samla ynske om å halda på dagens tilknytingsform i det opphavelege utkastet frå 5. desember, no er fjerna i utkastet som skal leggjast fram for Universitetsstyret. Dessutan er alle dei tre fagforeiningane svært kritiske til at det siste utkastet legg inn eit heilt nytt element, nemleg ei tilråding om ei vidare utgreiing av spørsmålet om tilknyting. Det samsvarar ikkje med det som er kome fram i høyringsfråsegnene frå fakulteta, seier nestleiar Ruth Norseng i NTL.

- I denne saka står alle dei tre fagforeiningane saman og me vil gjerne understreka at det i høyringsbrevet som blir sendt til departementet må koma klart fram at UiO ynskjer å oppretthalda dagens tilknytingsform, men med lovfesta fullmakter i samsvar med alle høyringsfråsegnene ved UiO og med forslaget til Ryssdalutvalets mindretall, seier leiar i 2FO, Unni Bingen.

Fagforeiningane er dessutan uroa over Styret skal gi rektor fullmakt til å redigera den endelege fråsegna. Grunnen til dette er at høyringsutkastet ikkje avspeglar tilrådingane frå fakulteta når det gjeld å oppretthalda dagens tilknytingsform, heiter det i eit felles notat frå 2FO, Forskarforbundet og NTL. Den sistnemnde organisasjonen er også misnøgd med at det ved endring til einskapleg leiing blir opna for at rektor skal gå av som leiar av Universitetsstyret.

- Dette samsvarar på ingen måte med fleirtalet av høyringsfråsegnene. I dei går det klart fram at eit fleirtal av fakulteta ynskjer at rektor framleis skal ha ei sterk rolle. NTL etterlyser også ei problematisering rundt rolla til rektor som administrerande direktør og den nytilsette universitetsdirektøren, seier nestleiar Ruth Norseng til Uniforum.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2004 11:59 - Sist endra 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere