Toril Johansson utnemnt til ekspedisjonssjef i UFD

Studie- og forskingsdirektør Toril Johansson ved UiO er utnemnt til ekspedisjonssjef i Utdannings- og forskingsdepartementet. Ho skal leia Universitets- og høgskuleavdelinga og vil overta stillinga etter Jan S. Levy, som skal byrja som seniorrådgjevar i departementet.

BLIR EKSPEDISJONSSJEF: Studie- og forskingsdirektør Toril Johansson er utnemnt til ekspedisjonsjef i Utdannings- og forskingsdepartementet.
Foto: Martin Toft

- Det er interessant at departementet tilset ein person med bakgrunn frå sektoren i denne stillinga, seier Toril Johansson til Uniforum.

- Eg har store forventingar til arbeidet med å jobba med sektorpolitikken og om korleis departementet skal realisera ein politikk gjennom institusjonane, legg ho til.

Førebels kan ho ikkje seia når ho vil byrja i den nye jobben, men ho har bede departementet om å ta omsyn til at ho har ei oppseiingstid på tre månader ved UiO.
Toril Johansson (f. 1954) har leia Studie- og forskingsadministrativ avdeling sidan 1998. Ho blei tilsett som studiedirektør i 1994, og då Studieavdelinga, Internasjonal avdeling og Forskingsadministrativ avdeling blei slått saman i 1998, blei ho tilsett som avdelingsdirektør for Studie- og forskingsadministrativ avdeling. Johansson har også tidlegare arbeidd i ulike stillingar i Universitets- og høgskuleavdelinga i Utdannings- og forskingsdepartementet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2003 16:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere