UiO fekk gull i marknadsføring

Reklamebyrået McCanns marknadsføringskampanje for Universitetet i Oslo tok gull i bransjekonkurransen Max Marketing Mix torsdag 27. november 2003. - Personleg trur eg det var reklamefilmen vår som gjorde utslaget, seier ei glad Birgitte Blom, som er seksjonssjef i Informasjonsavdelinga, UiO.

GULL TIL UIO: Koordinator for studentinformasjon, Ann-Elin B. Andersen (t.h.) og seksjonssjef Birgitte Blom i Informasjonsavdelinga er glade for at marknadsføringskampanjen for UiO tok gull.
Foto: Ola Sæther

Det var i kategorien Forbrukar UiO og McCann saman kunna håva inn gullet for beste marknadsføringskampanje for 2003.

- Me er svært glade for å bli premierte på denne måten. Dette er ein stor honnør og ei fjør i hatten for dei marknadsføringsansvarlege i Informasjonsavdelinga, sjølv om dette er ein bransjepris, meiner Birgitte Blom som leier Prosjekt- og rådgjevingsseksjonen til Informasjonsavdelinga ved UiO. - Ein føresetnad for å bli vurdert er at kampanjen er tufta på ein strategi og at den har dokumenterte resultat. Ho meiner at arbeidet for å få gjennomført Kvalitetsreforma var ei medverkande årsak til at marknadsføringskampanjen blei så vellykka.

- Ville gjera noko annleis

- Det gjorde at det var lett å få til eit felles løft for alle einingane ved universitetet. Av same grunn blei det lettare å få gjennomslag for tiltak som ville vera både annleis og noko heilt anna enn det folk hadde venta seg av ein reklamekampanje frå UiO. Blant tiltaka var nok reklamefilmen den som skilde seg mest ut. Ho ynskjer også å gi honnør til universitetsleiinga for at dei gav klarsignal til å ta i bruk reklamefilmen.

- Rektor Arild Underdal sa etter den første visninga av filmen at han heilt klart ikkje tilhøyrde målgruppa, men han forstod at bodskapen ville nå fram hos ungdomane me ville rekruttera til universitetet, fortel ho. Dessutan vil ho trekkja fram det faktum at UiO allereie hadde ei kommunikasjonsplattform og ein strategi klar før kampanjen starta.
- Dermed kunne me gi klare føringar til byrået om kva bodskap me ville uttrykkja i kampanjen vår, legg ho til. For eiga rekning vil ho leggja til at tiltak som skulebesøk, omlegging av nettsidene og open dag ved universitetet også har hatt sitt å seia for at den samla marknadsføringsstrategien til UiO blei vellykka.

Repeterer kampanjen i 2004

Den same dagen som prisen blei kunngjort, vedtok Informasjonsavdelinga å ta i bruk ein liknande kampanje for år 2004.
- Gullmedaljen til marknadsføringskampanjen vår viser at den avgjerda var rett, slår Birgitte Blom fast.

Emneord: Informasjonsavdelinga, Studentsaker, Priser Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2003 11:22 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere