Universitetsbiblioteket er opna igjen

Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap i Georg Sverdrups hus er opna igjen etter at det i over ein månad har vore stengt etter at fleire takplater fall ned over nokre av lesesalsplassane.

OPNAR IGJEN: Bibliotek for humaniora og samfunnsfag i Georg Sverdrups hus opnar igjen etter å har vore stengt i ein månad på grunn av takplater som fall ned.
Foto: Martin Toft

Måndag 20. oktober opna Universitetsbiblioteket i Georg Sverdrups hus også dørene i 2. etasje for publikum igjen etter at den har vore stengt sidan heile biblioteket måtte stengja 3. september.. Under- og førsteetasjen blei opna 15. oktober medan 3. og 4. etasje framleis vil vera stengde på ubestemt tid, opplyser overbibliotekar Randi Rønningen.

Årsaka til stenginga var at fleire takplater hadde falle ned over lesesalsplassane. Trass i dette har det likevel vore mogleg for publikum å få tinga bøker manuelt etter at dei tilsette har tatt på seg oppgåva med å gå inn i det avstengde området for å henta bøker.

Rosar dei tilsette

- Eg vil gi dei tilsette ved Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap stor ros for den ekstra innsatsen dei har lagt for dagen for at biblioteket trass i denne stenginga likevel kunne låna ut bøker til kundane sine. Det er ikkje noko anna enn imponerande å sjå korleis dei har lagt alt anna til side for å kunna fly rundt for å finna bøker til brukarane av biblioteket, seier fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien i ein kommentar til Uniforum.

Det var tidlegare i sommar at to takplater fall ned frå himlinga i PC-stova og lesesalen i 3. etasje i biblioteket. Seinare fall enda eit par takplater ned. Til all lukke var det ingen som sat under takplatene då dei ramla ned. Sidan biblioteket blei stengt, har 75 takplater blitt tekne ned og sende til teknisk utprøving for å finna ut om dei har tekniske defektar.

Lause skinner

- Prøvene viste at skinnene som festa takplatene til beresystemet hadde losna, og det virka også som om det var knytt til ein bestemt produksjonsdato. Nokre av platene var dessutan skorne for smått. Vanskane var å lokalisera kva plater det var noko i vegen med, så difor sikra me alle med ei bjørkelist som eit ekstra oppheng, fortel seniorarkitekt Helga Sagsveen i Teknisk avdeling. Ho lovar trygge forhold for både tilsette, forskarar, studentar og andre brukarar av Bibliotek for humaniora og samfunnsfag i Georg Sverdrups hus.
- Det er også grunnen til at me har funne det tilrådeleg å opna mest heile biblioteket igjen, legg ho til.

Då biblioteket blei stengt forsvann også 600 lesesalsplassar på ein blunk. Studentane har løyst det problemet ved anten å sitja heime eller å bruka lesesalane i Eilert Sundts hus, Vilhelm Bjerknes` hus eller i Sophus Bugges hus. Det er enno ikkje klart om byggherren Statsbygg kjem til å gå til erstatningssak mot produsenten av takplatene av typen Gyprock.

Emneord: Fakultetene, Georg Sverdrups hus Av Martin Toft
Publisert 21. okt. 2003 13:39 - Sist endra 10. des. 2008 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere