Statsbudsjettet 2004: Meir pengar til forsking og Kvalitetsreforma

Regjeringa gjer framlegg om å satse til saman 13,8 milliardar kroner på forsking og utvikling i 2004, ein auke på 1,1 milliardar kroner i forhold til årets budsjett. Løyvingane til å gjennomføre Kvalitetsreforma innanfor høgare utdanning aukar med 517 millionar kroner til 1144 millionar kroner. Dette er hovudsakene i budsjettforslaget til Utdannings- og forskingsdepartementet for 2004, går det fram av ei pressemelding.

KVALITETSREFORMA: Utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet foreslår 1,1 milliardar til Kvalitetsreforma.
Foto: Ståle Skogstad

Det totale budsjettet er på 50,4 milliardar kroner, ein auke på 3,6 prosent i forhold til saldert budsjett for 2003 når ein korrigerer for tekniske endringar og lånetransaksjonar.

Regjeringa foreslår å fullfinansiera Kvalitetsreforma med ei samla løyving på 1144 millionar kroner, som er ein auke på 517 millionar kroner i høve til 2003. Dessutan vil regjeringa opprette 200 nye stipendiatstillingar ved universitet og høgskular frå hausten 2004.

Styrkjer forskinga

Budsjettforslaget inneber at den langsiktige grunnleggjande forskinga gjennom Noregs forskingsråd blir styrkt med om lag 283 millionar kroner. Det blir løyvd 48 millionar kroner til å styrkje den norske innsatsen innanfor EUs rammeprogram for forsking. Løyvinga til vitskapleg utstyr blir auka med 77 millionar kroner.

I framlegget til statsbudsjettet blir det til saman løyvd om lag 13,8 milliardar kroner til forsking og utvikling i 2004. Det er ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner i høve til 2003 og i tråd med det årlege offentlege vekstbehovet for å nå OECD-gjennomsnittet, slik det blei talfesta i opptrappingsplanen frå 2001. I tillegg har Regjeringa sytt for å betre rammevilkåra for investeringar i forsking og utvikling i næringslivet gjennom Skattefunnordninga som blei innført i 2002.

Budsjettforslaget sikrar finansieringa av den første PET-skannaren i Noreg. PET-skanning blir brukt innanfor kreftforsking og diagnostisering, men også innanfor psykiatri, nevrologi og hjarte- og karsjukdomar. Det er vitskapleg utstyr som alle universiteta og dei regionale helseføretaka skal kunne dra nytte av. Dessutan skal vitskapleg utstyr til nanoteknologi også prioriterast.

Når det gjeld kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskular, gjer regjeringa framlegg om ei løyving på 11 millionar kroner. 5,5 millionar er øyremerkte til å byggja opp kontor for teknologioverføring ved dei fire universiteta og Noregs landbrukshøgsskule. Generelt sett foreslår regjeringa å auka satsinga på dei tematiske områda marin forsking,, forsking på informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisinsk og helsefagleg forsking og forsking i skjeringspunktet mellom energi og miljø. Styrkinga skjer over budsjetta til både Utdannings- og forskingsdepartementet, Fiskeridepartementet, Samferdsledepartementet, Helsedepartementet og Olje- og energidepartementet.

Regjeringa kjem med framlegg om å styrkja petroleumsforskinga med 28,5 millionar kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet. Auken skal brukast til å starta opp eit nytt stort petroleumsforskingsprogram i Noregs forskingsråd. Programmet skal blant anna medverke til å utnytte og forvalte ressursane på ein effektiv og berekraftig måte.

Regjeringa varslar også ei ny stortingsmelding om forsking. Den skal leggjast fram våren 2005. Internasjonalisering av forskinga og ein gjennomgang av dei norske forskingsinstitutta blir viktige stikkord i denne meldinga.

Lån blir stipend etter eksamen

Når det gjeld studiefinansiering, foreslår at heile utdanningsstipendet på 40 prosent av støttebeløpet blir utbetalt som lån og gjort om til stipend når utdanninga er gjennomført (konverteringsstipend), og at støttebeløpa i Lånekassa blir førte vidare på nominelt nivå.

Ny finansiering av utanlandsstudium

Regjeringa varslar også ei omlegging av finansieringa av utanlandsstudium. Den foreslår å innføre ei ny ordning for å finansiere skulepengar i utlandet. Ordninga fører til at dei faglege avgrensingane for å få finansiert skulepengar blir fjerna. Gebyrstipendet blir gjort om til skulepengestøtte - dels som stipend, dels som lån - samtidig som det blir betre høve til å ta opp lån til å dekkje skulepengar i utlandet. Omlegginga av finansieringa av utanlandsstudium fører til 50 millionar kroner i mindre utgifter for Staten i 2004.

IKT-satsing

I budsjettframlegget går det også fram at målsetjinga til regjeringa er å lata informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) stå sentralt i utdanninga. Regjeringa satsar vidare på IKT i utdanninga gjennom å løyve 124,8 millionar kroner til Program for digital kompetanse. Programmet varer i fem år. Infrastruktur og nasjonale utdanningsportalar, digitale læringsressursar og forsking og utvikling er hovudområde innanfor denne satsinga. I tillegg kjem regjeringa med framlegg om å løyve om lag 1,3 milliardar kroner til vidareføring av bygg i universitets- og høgskulesektoren.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk
Publisert 8. okt. 2003 12:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere