Skal debattera framtida til universitetet

Alle fagforeiningane ved UiO inviterer til stormøte om framtida til universitetet i Universitetets Aula onsdag 29. oktober. - Formålet vårt er å informera alle tilsette og studentar om kva innstillinga til både fleirtalet og mindretalet i Ryssdal-utvalet går ut på, fortel styremedlem Ulrik Sverdrup i Tenestemannslaget ved UiO.

TAKKAR: Statsråd Kristin Clemet takkar advokat Anders Ryssdal etter at Ryssdal-utvalet hadde lagt fram ei fleirtals- og ei mindretalsinnstilling.
Foto: Ola Sæther

Både økonomiprofessor Nils Henrik von der Fehr ved UiO, universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved Universitetet i Tromsø og prorektor Anne.Brit Kolstø ved UiO vil delta i panelet som skal diskutera framtida til universiteta og høgskulane i lys av fleirtals- og mindretalsinnstillinga til Ryssdal-utvalet. Von der Fehr og Benjaminsen representerer høvesvis fleirtalet og mindretalet i utvalet.

Også nestleiar for Studentenes Landsforbund, Øyvind Bakke leiar for Tenestemannslaget ved UiO, Anita K. Solhaug og jussprofessor Henning Jakhelln blir med i dette panelet. Møtet blir altså onsdag 29. oktober kl. 1600, og universitetsleiinga ved UiO oppfordrar både tilsette og studentar til å ta turen til Universitetets Aula denne dagen, kom det fram på eit møte leiinga hadde med fagforeiningane.

- Det er mest inga sak i historia som har hatt meir å seia for universitetet og dei universitetstilsette enn fleirtalet i Ryssdal-utvalet sine forslag til endringar i Lov om universitet og høgskular. Dersom forslaga blir vedtatt får dei konsekvensar både for forskinga, undervisninga, økonomien, demokratiet og kvaliteten ved universiteta og høgskulane, konstaterer Sverdrup.

- Om forslaga til mindretalet blir vedtekne, blir derimot situasjonen om lag som i dag, legg han til. Til no har det vore liten debatt om saka i media.

- No håpar me verkeleg at dette møtet kan tena til å få opp temperaturen på denne debatten og få fleire til å delta i diskusjonen. Det vil ta mange år før ei sak som er like viktig for tilsette og studentar ved universiteta og høgskulane, vil dukka opp igjen, spår han. Redaktør for Forskerforum, Ingar Myking vil leia debatten.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2003 16:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere