- Regjeringa satsar på Kvalitetsreforma og forsking

- Fullfinansiering av gjennomføringa av Kvalitetsreforma var eit at tre hovudsatsingsfelt for departementet denne gongen. Dei to andre var forsking og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa., sa ein godt nøgd utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet under ein pressekonferanse der ho presenterte Utdannings- og forskingsdepartementets budsjettforslag for 2004.

TALJAKT: Statsråd Kristin Clemet jaktar etter dei rette tala i forslaget til statsbudsjett for 2004.
Foto: Ola Sæther

Departementet har foreslått 1 milliard 144 millionar kroner til endeleg gjennomføring av Kvalitetsreforma fordelte på universiteta og høgskulane. Løyvingane til forsking og utvikling aukar med 1, 1 milliardar kroner i regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2004. Dette gir ein samla innsats innanfor forsking og utvikling på 13.8 milliardar kroner over statsbudsjettet. Den auka innsatsen innanfor forsking og utvikling er i tråd med det årlege offentlege vekstbehovet for å nå OECD-snittet i 2005, slik det blei talfesta i opptrappingsplanen frå 2001.

Av framlegget går det fram at regjeringa har som hovudprioritering å styrkja den langsiktige grunnleggjande forskinga både gjennom direkte løyvingar til institusjonane i universitets- og høgskulesektoren og gjennom Noregs forskingsråd. Løyvinga til langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Forskingsrådet er styrkt med 283 millionar kroner inkludert avkastinga frå Forskingsfondet. 140 millionar kroner av dette er ein eittårig auke i samband med at fordelinga av tippemidlane er endra.

UFD får EU-forskinga tilbake

Nytt av året er det faktum at Utdannings- og forskingsdepartementet har fått tilbakeført EU-forskinga frå Nærings- og handelsdepartementet. Etter det regjeringa sjølv seier, vil den leggja vekt på å styrkja det internasjonale forskingssamarbeidet. Ikkje minst viktig er deltakinga i EUs sjette rammeprogram for forsking. For at norske forskings- og utviklingsmiljø skal kunna delta, foreslår departementet å løyva 48 millionar kroner til EU-arbeid gjennom Noregs forskingsråd. Også løyvinga til anna internasjonalt forskingssamarbeid i Forskingsrådet er styrkt med 10 millionar kroner.

300 millionar ekstra

I tillegg blir det foreslått ein auke i dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskular med 300 millionar kroner. Dei auka løyvingane gir mellom anna rom for 200 nye stillingar som doktorgradsstipendiat. På spørsmål om det ikkje hadde vore større behov for å løyva pengar til etablering av fleire postdok.-stillingar svara statssekretær Bjørn Haugstad at det ville både han og statsråden svært gjerne.
- Men det er opp til universiteta å bestemma dette. Og med dei auka løyvingane dei vil få til forskingskomponenten i samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma vil dei kunna få råd til det, meinte Haugstad.

- Med vilje

Både Haugstad og Clemet har fått mykje pepar frå studentorganisasjonane og ikkje minst frå utanlandsstudentane sin organisasjon ANSA for at regjeringa foreslår å redusera studiefinansieringa av utanlandsstudium med 50 millionar kroner.

- Dette har me gjort med vilje for det er ikkje bra når det hopar seg opp så mange norske studentar på enkelte australske universitet at norsk blir daglegspråket for dei norske studentane. Difor vil me prøva å spreia dei norske studentane på fleire universitet og på fleire land. Det er også grunnen til at me innfører eit tilretteleggingssemester for gradstudentar som skal ta utdanning i ikkje-engelskspråklege land, sa Haugstad.

Med den nye modellen for finansiering av utanlandsstudium vil det noverande gebyrstipendet bli gjort om til skulepengestøtte der skulepengane blir gitt dels som lån og dels som stipend. Høgare gradsstudium og delstudium skal finansierast med 70 prosent stipend og 30 prosent lån innanfor dagens sats på 52 320 kroner. Lågare gradutdanning skal finansierast med 50 prosent lån og 50 prosent stipend. I tillegg til skulepengestøtta på 52 320 kroner, vil dei få høve til å låna 50 000 kroner kvart studieår til å dekkja skulepengar. Det skal dessutan blil betre høve til å ta Ph.D.-utdanning i utlandet ved at Ph.D-studentane får ta opp lån til å dekkja skulepengar. Desse studentane skal få opp til 102 320 kroner i lån kvart studieår.

Regjeringa foreslår å gi byggjeløyve til Villa Grande som skal bli det framtidige hovudsetet for Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetar si stilling i Noreg. Over Arbeids- og administrasjonsdepartementets budsjett skal det difor løyvast 46 millionar kroner til dette formålet. Men det kom ikkje nokon ekstra løyving til nytt informatikkbygg ved UiO.

- Det er først på prioriteringslista over dei bygga som ventar på tur i neste omgang. Men eg kan heller ikkje lova at dette prosjektet kjem med på budsjettforslaget for 2005. Det vil det til sjuande og sist vera Finansdepartementet som avgjer, svarte Kristin Clemet. Regjeringa foreslår å løyva 170 millionar kroner til studentbustader. Det er 30 millionar mindre i høve til 2003.

ANSA raser

- Regjeringa sitt nye forslag om å redusera støtta til utanlandsstudentar med heile 50 millionar inneber først og fremst ein uakseptabel høg lånesum for studentane. Dette viser at regjeringa manglar samsvar mellom faktisk politikk på utdanningsområdet og regjeringa sitt syn på kor viktig det er å oppretthalda internasjonal utdanning som eit reelt alternativ for studentar, meiner president Gustav Heiberg i utanlandsstudentane sin organisasjon ANSA.

NSU støttar satsinga på Kvalitetsreforma

Norsk Studentunion er positive til at regjeringa foreslår å finansiera heile gjennomføringa av Kvalitetsreforma.

- Dette har me venta på. No er det opp til institusjonane å gjennomføra Kvalitetsreforma. Studentane gjer allereie sitt, seier NSU-leiar Trond Enger. Men etter NSUs meining har regjeringa valt å finansiera Kvalitetsreforma ved å kutta 180 millionar i budsjettet til Lånekassen.

- Det er helt uhaldbart at studentane no skal straffast økonomisk for å sikra kvalitet i høgare utdanning, synest NSU-leiaren.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2003 17:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere