Norsk Ordbok manglar tre millionar

Norsk Ordbok får tre millionar kroner mindre enn dei hadde søkt om på Kulturdepartementets budsjettforslag for 2004. - Konsekvensen kan bli at me må forlata målet om å bli ferdig i 2014, fryktar prosjektdirektør Kristin Bakken . Kulturdepartementet held likevel fast på dette målet.

SKAL MØTAST: Styreleiar Magnus Rindal skal møta kulturminister Valgerd Svarstad Haugland for å drøfta den økonomiske situasjonen til Norsk Ordbok. På biletet sit statsråden med bokverket på fanget.
Foto: Martin Toft

I opptrappingsplanen som prosjektdirektør Kristin Bakken sende til Kulturdepartementet i januar i år, blei det søkt om 10,08 millionar kroner for budsjettåret 2004. Då budsjettforslaget blei offentleggjort 8. oktober, gjekk det fram at Norsk Ordbok ville få ei løyving på 6,868 millionar kroner. Dette er mindre enn heile lønsbudsjettet for 2003, som er på 7,469 millionar kroner.

- Dette kan føra til at me må redusera talet på årsverk frå 19 til 16, medan me eigentleg hadde planlagt å auka talet på årsverk til 26. Dermed vil me ha drive opplæring av nytilsette til inga nytte. Eg er både lei meg og vonbroten over at kulturminister Valgerd Svarstad Haugland ikkje har fylgd opp tidlegare lovnader om å løyva nok pengar til at prosjektet kan koma i mål i 2014. fortel Kristin Bakken. Det femte bindet i Norsk Ordbok vil likevel koma ut som planlagt jula 2005.

- Men det vil spøkja for utgjevinga av dei binda som skal koma ut seinare. Mange av dagens redaktørar vil i løpet av kort tid gå av med pensjon, og det vil ta tid både å læra opp og tilsetja nye folk som kan arbeida på høggir heile tida slik som dei har gjort, slår ho fast.

Kristin Bakken viser til at UiO derimot heile tida har vore flink til å fylgja opp sin del av avtalen med prosjektet Norsk Ordbok. Universitetet støttar opp med både lokale, IT-tilgang, fire årsverk og med driftsmidlar.

Må seia opp folk

Prosjektet er attraktivt blant jobbsøkjande akademikarar.

- Eg får dagleg telefonar frå uteksaminerte hovudfagsstudentar som kan tenkja seg å jobba for dette prosjektet. Det hadde vore svært bra om eg kunne ha tilsett nokre av dei, men no ser det derimot ut til at eg må seia til nokon av dei som allereie er engasjert i prosjektet, at dei diverre ikkje får forlengja arbeidskontraktane sine. Det har fått meg til å stilla spørsmålet om Kulturdepartementet ikkje lenger står ved avtalen om at prosjektet skal vera fullført i 2014, seier Kristin Bakken.

Skal bli ferdig i 2014

I ein kommentar til Uniforum stadfestar avdelingsdirektør Alf Modvar i Kulturdepartementet at målet om å bli ferdig med prosjektet i 2014 framleis står fast.

- Det gjer det, sjølv om Norsk Ordbok, som så mange andre gode prosjekt, ikkje har fått så stor løyving som det dei bad om. Likevel får dei ein liten reell auke i løyvingane i høve til det dei fekk på 2003-budsjettet.

- Men opptrappingsplanen fram til 2014 føreset jo at det må løyvast 10,08 millionar for 2004 for at det skal vera mogleg å tilsetja nok folk til at dette prosjektet kan koma i mål i 2014. No vil dei i staden måtta redusera talet på årsverk. Vil det ikkje då bli svært vanskeleg å oppfylla målet?

- Styreleiar Magnus Rindal og prosjektdirektør Kristin Bakken vil begge få eit møte med statsråd Valgerd Svarstad Haugland for å drøfta denne situasjonen, og då vil dei også kunna ta opp spørsmålet om prosjektet skal byggja inn ein annan takt enn den som ligg føre i dag. Kulturdepartementet håpar i alle fall ikkje at kompetansen som er bygd opp, vil forsvinna, seier avdelingsdirektør Alf Modvar i Kulturdepartementet.

Emneord: Økonomi, Lingvistikk, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2003 15:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere