Lærer om andre fag

Denne veka vil humaniorastudentar få læra om det menneskelege genomet og datamaskinar medan realist- og medisinstudentar vil få læra om det politiske islam og om maktutgreiinga. - Ynsket er at studentane våre skal få ein smakebit av forskinga som går føre seg på heilt anna fagfelt enn dei har valt, seier rektor Arild Underdal.

KULTUR PÅ TVERS: Rektor Arild Underdal oppfordrar begynnarstudentane til å nytta seg av tilbodet om å setja seg inn i heilt andre fagområde denne veka.
Foto: Ola Sæther

Rektor Arild Underdal er svært oppteken av at alle dei nye studentane skal få eit bilete av den omfattande forskinga som går føre seg på forskjellige fagfelt ved Universitetet i Oslo.

- Desse forelesingane vil gi begynnarstudentane innsyn til heilt andre forskingsfelt. Det vil vera nyttig for humaniorastudentar å læra om meteorologi og for realistar å setja seg nærare inn i kva forskingsarbeid som ligg bak maktutgreiinga. Det bør dessutan vera obligatorisk for alle studentar å få meir kunnskap om det menneskelege genom, slår han fast.

- Dette kan bli ein appetittvekkjar som kan gi dei eit puff til å skaffa seg enda fleire glimt av det studentar og forskarar på andre fakultet held på med, håpar Underdal, som trur dette kan utviklast vidare etter kvart.

- Alle studentane som kom inn på studieprogram i haust, har fått tilbod via e-post om å delta på desse forelesingane, fortel førstekonsulent Bente Hennie Strandh til Uniforum. - I tillegg er det sendt ut flygeblad og sett opp plakatar på heile universitetsområdet, legg ho til.

Den første forelesinga tok til måndag 27. oktober kl. 10 i Helga Engs hus. Då fortalde medisinprofessor Sigbjørn Fossum om det menneskelege genomet. Tysdag 28. oktober skal amanuensis i informatikk, Ragnar Normann svara på spørsmålet om datamaskina kan gjera alt. Onsdag 29. oktober vil teologiprofessor Notto Thelle og førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar, halda kvar sitt foredrag om fundamentalisme og "det politiske islam.". Torsdag 30. oktober vil mannen som leia "Maktutgreiinga", professor i statsvitskap, Øyvind Østerud fortelja om arbeidet bak dette maratonarbeidet. Alle forelesingane vil vara frå kl.10 til 12 i Helga Engs hus, og dei vil alle bli innleia med eit kulturinnslag.

Emneord: Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2003 11:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere