Forskar på samansmeltande media

UiO har løyvd ni millionar kroner over fem år til forsking på samansmeltinga av mobiltelefon, datamaskin, fjernsyn og radio og på kva det får å seia for oss og det samfunnet me lever i. - Me skal skriva historia medan historia blir til, forklarar Knut Lundby og Sten Ludvigsen i InterMedia.

NYTT SAMFUNN: Kva type samfunn gir utviklinga av ny teknologi og nye samansmeltande medium? spør Knut Lundby (t.v.) og Sten Ludvigsen ved InterMedia. Eit nytt forskingsprogram skal gi svaret.
Foto: Martin Toft

Det er det tverrfaglege senteret InterMedia som koordinerer denne strategiske forskingssatsinga, som har fått namnet Kompetanse og konvergerande medier" eller på engelsk Competence and Media Convergence (CMC).

I programmet deltar både Institutt for rettsinformatikk, Institutt for informatikk, Institutt for medium og kommunikasjon og alle institutta ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Prosjektet vil sysselsetja to doktorgradsstipendiatar og ein post.dok.-stipendiat. I tillegg kjem også stipendiatar og andre forskarar som vil vera finansierte av Forskingsrådet. Det opplyser koordinator Knut Lundby og medlem i styringsgruppa Sten Ludvigsen til Uniforum.

Forskingsprogrammet er eit resultat av samansmeltinga av to forskingsprosjekt som begge deltok i konkurransen om å bli eitt av tretten nasjonale senter for framifrå forsking.

- Begge desse prosjekta blei sett og lagt merke til og låg godt innanfor regjeringa si satsing på forsking innanfor IKT. Difor blei det sett saman eit felles prosjekt i UiOs årsplan for 2003. Samtidig blei det peika ut ei eiga styringsgruppe som bestemmer korleis finansieringa frå UiO skal brukast, fortel Knut Lundby.

Utdanning og arbeidsliv

Tysdag 21. oktober vil dei kalla saman til ein konferanse for å markera opninga på denne nye forskingsstrategiske satsinga.

- Då vil utfordringa vår vera å finna eit felles møtepunkt mellom to ulike forskingsprosjekt som har fusjonert, konstaterer Lundby.

- Forskinga på kompetanse vil retta seg både mot utdanningssektoren og mot arbeidslivssektoren, forklarar Sten Ludvigsen. Dei har allereie skaffa seg ein del kunnskapar om kva funn dei kan koma til å gjera innan dette forskingsfeltet.

-Skuleelevar som søkjer etter informasjon på Internett, må utvikla ei sterkare kritisk tenking overfor kjeldene sine, seier Ludvigsen. Også i arbeidslivet reknar dei med å observera store endringar på grunn av innføringa av data i mest all verksemd.

- Ein lagerarbeidar treng jo ikkje lenger sjå ein einaste av dei tinga som ligg på lageret. Han kan fylgja med på dataskjermen for å finna ut om det er fleire eksemplar igjen av ein vare eller om alt er utseld. Samtidig må vedkomande ha meir kunnskapar om matematikk enn det som var naudsynt tidlegare for å kunna tolka denne informasjonen. Ny teknologi skapar nye forhold mellom arbeidstakar og arbeidsverkty, og dette krev ny kompetanse, slår Ludvigsen fast.

Ulike selskap konkurrerer

Eit anna døme på korleis samansmeltinga av nye og gamle medium er i ferd med å ta av er kampen om å få telekontrakt med St. Olavs hospital i Trondheim.

- Her kjempar tre heilt ulike selskap med forskjellige tradisjonar om akkurat den same kontrakten. Tidlegare ville ingen kunne ha tenkt seg at Telenor, Siemens og Ementor ville vera konkurrentar på den same marknaden. Men det har dei blitt på grunn av denne utviklinga, seier Lundby.

Samfunn og kultur

Konvergensdelen av denne forskinga vil gå meir på samfunn og kultur.

- Det kjem til å bli lagt vekt på å sjå på regulering, kontroll, ytringsfridom og kulturelle, politiske og økonomiske rammevilkår i dette nye multi-mediesamfunnet.Me vil også sjå på kva nye former for samhandling den teknologiske utviklinga fører til, fortel Lundby. Fleire av fakulteta har løyvd pengar til prosjektet.

- Håpet er at alle dei fakulteta som deltar, vil fylgja opp. Målet er at fakulteta til saman kan gi eit like stort bidrag som det me har fått frå UiO sentralt, seier Knut Lundby.

Startskotet for denne satsinga tar altså til med ein opningskonferanse tysdag 21. oktober kl. 0915 i Helga Engs hus. Den første delen av konferansen er open for både studentar og andre interesserte.

Emneord: Forskning, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2003 09:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere