Etterlyser forsking på korrupsjon i Noreg

- Det bør setjast i gang eit eige forskingsprogram på korrupsjon innan offentleg og privat verksemd i Noreg, foreslår generalsekretær Jan Borgen i Transparency International Norge.

NAIVITET: - I Noreg blir interessekonfliktar tatt svært lett på og omtalt med stor naivitet, fortel Jan Borgen.
Foto: Ola Sæther

Korrupsjon er ikkje noko berre utanlandske selskap driv med. Det aller siste dømet på dette var avsløringa av korleis Statoil hadde tenkt å skaffa seg kontraktar i samband med oljeutvinning i Iran. Selskapet skulle betala 115 millionar kroner over ti år til eit konsulentselskap. 40 millionar kroner er allereie utbetalt til hemmelege konti. Dette vekte mistanke om korrupsjon, og Økokrim har sett i gang etterforsking. Avsløringa førte også til at statoilsjef Olav Fjell fekk sparken.

Den internasjonale antikorrupsjons-organisasjonen "Transparency International Norge" har saman med Norsk Utanrikspolitisk Institutt tatt eit initiativ for å etablera eit forskarnettverk på korrupsjon i Noreg.

Bakgrunnen for dette initiativet er ei evaluering av Noregs innsats mot korrupsjon frå juli 2002 i regi av GRECO, overvakingsorganet til Europarådets konvensjon mot korrupsjon. Der blei det peika på at det var mangelfulle statistikkrutinar i samband med den generelle antikorrupsjonspolitikken og lite forsking på førekomstar og eigenskapar ved korrupsjon i Noreg. Den norske regjeringa har lova at den i løpet av året også vil ratifisera Europarådets strafferettslege konvensjon mot korrupsjon frå 27. januar 1999.

- Ikkje forsking på dette i dag

- Det me etterlyser, er forsking om årsakene til og verknadane av korrupsjon på offentlege institusjonar, private bedrifter og sivil sektor, og forsking på kva metodar som kan brukast for å førebyggja korrupsjon. Systematisk forsking på dette går ikkje føre seg i Noreg i dag, derimot gjer det det i andre europeiske land som til dømes i Sverige, opplyser Jan Borgen til Uniforum.

Sidan han ikkje har vitskapleg grunnlag for å uttala seg om kor omfattande problem korrupsjon er i Noreg i dag, vil han trekkja på studiar frå andre land.

- Data frå land det er naturleg å samanlikna Noreg med, stadfestar at det er ein høg grad av underrapportering. Det er mykje som tyder på at det er vanleg også her i landet at bedrifter gjer opp internt når tilsette blir gripne på fersk gjerning i praksis som kan definerast som korrupsjon. Det vil seia at straffbare forhold ikkje blir melde til politiet. Me veit sjølvsagt ikkje kor høge desse mørketala er, og difor bør dei undersøkjast, meiner Borgen, som gjerne hadde sett at Noregs forskingsråd hadde gått inn og finansiert empiriske undersøkingar på fenomenet korrupsjon i Noreg.

Vil ha vitskapleg kartlegging

- Det er ikkje nok at regjeringa viser personleg engasjement og mykje aktivitet for å få vedtatt ny lovgjeving som er i samsvar med internasjonale konvensjonar som skal hindra korrupsjon. Det kan vera uheldig dersom den politiske og administrative aktiviteten ikkje står i systematisk kontakt med akademisk og vitskapleg kartlegging av fenomenet korrupsjon, understrekar han. Borgen ser føre seg eit tverrfagleg samarbeid mellom samfunnsøkonomar, juristar, samfunnsvitarar og humanistar.

- Alle desse leirane har kvar for seg mykje å koma med for å auka forståinga av kva korrupsjon er og auka evna til å kontrollera dette fenomenet. Forsking om verknadane av korrupsjon for samfunnsøkonomisk, bedriftsøkonomisk og sosial utvikling og studiar som viser at det løner seg for samfunnet og bedriftene å kjempa mot korrupsjon, er svært viktig.

- Kunnskap om dette kan vera ein føresetnad for at mange bedrifter skal ta eit klarare standpunkt mot korrupsjon, konstaterer Borgen. Han vil gjerne at juristar, etikarar, filosofar og antropologar set seg saman for å undersøkja grensa mellom legitime og illegitime handlingar.

- Mykje naivitet i Noreg

- Kvar går til dømes grensa mellom klassisk korrupsjon og korrupsjonsliknande forhold, som til dømes utilbørleg lobbyverksemd eller påverknadshandel? Kva veit me eigentleg om dei etiske sidene ved slik aktivitet og korleis kan ein førebyggja skadeverknadane av interessekonfliktar? Eit døme er revisjonsfirma og advokatar som både fører kontroll med og gir råd til bedriftene. Slik det har fungert, har det truga integriteten og sjølvstendet til dei som tar avgjerdene.

- I Noreg blir dette fenomenet tatt svært lett på og omtalt med stor naivitet. I andre land er det utvikla ein bedriftskultur og ei lovregulering som gjer ei slik rolleblanding straffbar, fortel Borgen.

- Målet må vera langvarige og heilskaplege samfunns- og bedriftsstrategiar mot korrupsjon. Difor må det setjast av ressursar for at det skal vera mogleg å kartleggja kor omfattande dette problemet er innan forskjellige bransjar og sektorar i Noreg, slår han fast.

Korrupsjon i Noreg

1985:
- Bergen kommune
- kommunalråd Jens Lorentzen fekk sparken etter at han hadde blanda eigne og offentlege interesser i eit kommunalt datakjøp

1990-talet:
Oslo kommune
-60 tilsette blei etterforska for å ha tatt imot betaling frå entreprenørar som ville ha oppdrag for kommunen

1992:
Drammen kommune
- ein tilsett i kommunen blir domfelt for å ha tatt imot pengar og gåver frå næringsdrivande for at dei skulle få eller halda fram med å få oppdrag frå kommunen

2001:
Høgsterett avsa endeleg dom i Idavollsaka. Ein Statoil-tilsett fekk ei straff på eitt år og seks månader. Ein leiar i Idavoll blei dømt til 1 års fengsel. Idavoll hadde betalt den Statoil-tilsette for å kunna halda fram med å få oppdrag frå selskapet

2003:
Statoilsjef Olav Fjell må gå av etter at det blir kjent at selskapet har betalt 40 millionar kroner under bordet for å få ein oljekontrakt med Iran

Definisjon av korrupsjon:

"En fordel som ytes for å skape et skjult avhengighetsforhold eller løfte om et slikt avhengighetsforhold for å påvirke en handling eller unnlatelse hos mottakeren."

"Det synes å være bred enighet om at økonomiske fordeler til en verdi av mellom kr 1000 og 10 000 skaper avhengighetsforhold mellom giver og mottaker."

(Kjelder: Korrupsjon i Norge. Rapport fra PricewaterhouseCoopers, 1999, Bergens Tidende, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger.Avisen.com)

Emneord: Jus, Forskning Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2003 16:03 - Sist endra 10. des. 2008 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere