Arne Worren fekk Bastian-prisen

Arne Worren, som er pensjonert professor i spansk ved UiO, fekk torsdag 2. oktober tildelt Bastian-prisen for omsetjinga si av klassikaren Don Quijote av den spanske forfattaren Miguel de Cervantes. Bastianprisen er Norsk Oversetterforenings pris for framifrå omsetjing av eit skjønnlitterært verk.

Den første delen av boka kom ut i 1605, og den siste delen kom ut akkurat ti år seinare. Begge binda kom for første gong på norsk i 1916 og i 1918. I eit intervju med Dagsavisen frå 9. mars 2001, skildrar Arne WorrenDon Quijote på denne måten:
- Romanen parodierer riddarromanen. Det finst mange forskjellige litterære nivå i romanen, element ikkje berre av parodi, men også av farse og av høgtidsstemte kjærleikserklæringar som verkar direkte oppstylta. Så for ein omsetjar er det mykje å lata seg utfordra av hos Cervantes, seier Worren til avisa.. Bastianprisen er både ein statuett med plakett og 30 000 kroner. Tove Bakke fekk samtidig tildelt prisen for beste omsetjing av ei barne-og ungdomsbok. Ho fekk prisen for omsetjinga av boka Hund! Hund! av den franske forfattaren Daniel Pennac.

Emneord: Fakultetene, Priser
Publisert 3. okt. 2003 10:36 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere