Vil ha tilsett rektor og eksternt styrefleirtal

Universiteta og høgskulane bør bli sjølveigande institusjonar med eit styre med eksternt fleirtal som tilset ein rektor som også skal vera den øvste administrative leiaren for institusjonen. Det foreslår fleirtalet i Ryssdal-utvalet, som i dag overrekte forslaget sitt til ny lov om universitet og høgskular til utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.

MANGE TAKK: Utdannings og forskingsminister Kristin Clemet takkar advokat Anders Ryssdal for å ha leia arbeidet med å greia ut ei ny lov om universitet og høgskular.
Foto: Ola Sæther

Dei ti medlemane av Ryssdal-utvalet la i dag fram ei delt innstilling i synet på korleis dei vil at dei statlege og private høgare utdanningsinstitusjonane bør organiserast i framtida.

Medan fleirtalet på sju, med utvalsleiar Anders Ryssdal, BI-professor Jan Grund og økonomiprofessor Niels von der Fehr i brodden, altså vil ha ei klar endring av dagens styringsmodell, ynskjer mindretalet på tre, universitetsdirektør Arne Benjaminsen frå Universitetet i Tromsø, professor Rigmor Austgulen frå NTNU og professor Inger Johanne Pettersen, at institusjonane skal halda fram med å vera statlege forvaltingsorgan med lovbestemte fullmakter om lag som i dag. Samtidig opnar midretalet for at dei institusjonane som ynskjer det, kan velja ei ordning der rektor blir tilsett som administrerande direktør. Dette forslaget inneber at inga særskilt gruppe har fleirtal i styret og at leiaren for styret blir valt blant alle styremedlemane.

Vil ha auka sjølvstende

Alle medlemane i Ryssdal-utvalet er likevel samde i prinsippet om det overordna målet er å sikra sjølvstendet til dei statlege institusjonane uavhengig av tilknytinga til staten. Den direkte politiske styringa til staten over universiteta kan berre skje gjennom rammestyring. Utføringa av det faglege arbeidet innanfor den enkelte institusjonen kan ikkje overprøvast av dei politiske styresmaktene, dersom ein skal sikra ein fri og uavhengig universitets- og høgskulesektor, slår utvalet fast.

Derimot peikar det på at dei politiske styresmaktene må kunna kontrollera at institusjonane rettar seg etter lov, føreskrifter og enkeltvedtak i tillegg til at dei kan stilla krav til kvar institusjon om at dei driv på med slik forsking og undervisning som det blir ytt støtte til. Men det skal ikkje gå an til å bruka desse reiskapane for å forsøka å overstyra utøvinga av den faglege fridomen.

Utvalet set også fingeren på kor viktig det er at dei finansielle rammevilkåra ligg faste over tid, slik at det blir mogleg for institusjonane å gjera investeringar og planlegging med eit langt tidsperspektiv.

Sjølveigande institusjonar

Fleirtalet (Anders Ryssdal, Camilla Brautaset, Jan Grund, Monika Hestad, Bjarne Kvam, Vidar Oma Steine og Nils- Hnerik M. von der Fehr) meiner altså at universiteta og høgskulane bør omdannast til eigne rettssubjekt og få status som sjølveigande institusjonar.

I denne modellen blir styret det øvste organet til institusjonen. Tilsette og studentar er representerte i styret, men fleirtalet er sett saman av eksterne medlemar. Styreleiaren blir valt blant dei eksterne styremedlemane. Rektor blir den daglege leiaren ved institusjonen. Han eller ho blir den øvste faglege og administrative leiaren, og ansiktet og representanten til institusjonen i høve til resten av samfunnet. Rektor bør ha både fagleg autoritet og administrative kvalifikasjonar og skal tilsetjast av styret. Konsekvensen av dette blir at stillinga som administrerande direktør fell bort, men blir erstatta ved at ein administrativ leiar blir utnemnt på nivået under rektor, heiter det i forslaget frå fleirtalet i utvalet.

Departementet kan ikkje instruera

Deira framlegg gir departementet høve til å utføra tilsyn i form av spesielle vedtekter i deira framlegg til ny lov. Men departementet vil ikkje bli rekna som eigar, og kan dermed heller ikkje instruera institusjonane, korkje gjennom eit møte i føretaket eller indirekte ved å utnemna fleirtalet av styremedlemane. Dei eksterne styremedlemane skal peikast ut av institusjonen sjølv, blant personar med faglege og ålmenne kvalifikasjonar som institusjonen ynskjer å knyta til seg, går det fram av fleirtalsinnstillinga.

et er ein føresetnad for denne modellen at kvar institusjon får overført eigedomsmasse og andre ressursar etter ei konkret vurdering, og at det blir sett opp ein opningsbalanse som gjer det mogleg for institusjonen å utføra oppgåvene sine, heiter det.

Forvaltingsorgan

Mindretalet foreslår at statlege universitet og høgskular skal oppretthaldast som forvaltingsorgan med utvida lovfesta fullmakter. Også i denne modellen blir styret det øvste styringsorganet ved institusjonen. Styret skal vera sett saman av tilsette, studentar og eksterne representantar, men ingen av desse gruppene skal ha fleirtal åleine.

Rektor blir styreleiar og øvste leiar for institusjonen, og skal veljast av og blant dei tilsette og studentar, akkurat som i dag. Institusjonar som ynskjer det kan likevel velja ei ordning der rektor blir tilsett som administrerande direktør. Men dette alternativet inneber at rektor ikkje er medlem av styret, og at styreleiaren blir valt blant styremedlemane. Ingen gruppe vil heller ha fleirtal i ein slik modell.

Felles lovverk for private og statlege

Utvalet foreslår også at det blir innført eit felles lovverk for dei private og dei statlege utdanningsinstitusjonane. Det vil først og fremst innebera at det blir innført identiske faglege vedtekter for desse institusjonane.

Difor foreslår utvalet at det for alle institusjonar bør vera eit krav om at institusjonen må ha rett til å tildela doktorgrad innanfor eit fagområde for at institusjonen fritt skal kunna oppretta tilbod på høgare grad. På den måten meiner utvalet at dei private institusjonane også skal kunna få høve til å verkeleggjera intensjonane i Kvalitetsreforma. På den måten blir det lettare å oppfylla dei politiske føringane om at dei ikkje lenger skal vera eit supplement til dei statlege institusjonane, men eit likeverdig og utfyllande alternativ.

Gratisprinsippet

Utvalet kjem med framlegg om at det i ei felles lov for statlege og private utdanningsinstitusjonar, blir tatt inn vedtekter som direkte regulerer i kor stor grad institusjonane kan ta eigenbetaling. Ei slik regulering skal sikra at institusjonane ikkje tar eigenbetaling for studium som eigentleg skal vera dekka av statlege tildelingar.

Fleirtalet meiner her at i dei tilfella der staten finansierer heile enkeltstudium, bør ikkje institusjonane ha rett til å krevja betaling. Dette prinsippet vil sikra mot krav om eigenbetaling for utdanning der staten yter tilskot.

Her meiner mindretalet at det er grunnleggjande viktig å halda fast ved gratisprinsippet for grunnutdanning ved offentlege utdanningsinstitusjonar, og foreslår at det blir slått fast i lova at dei statlege institusjonane berre kan krevja eigenbetaling for etter- og vidareutdanning. For både statlege og private institusjonar er det ein føresetnad med akkreditering frå NOKUT for å vera kvalifisert for statleg støtte.

GATS

Når det gjeld GATS-forhandlingane (Verdas handelsorganisasjon) om handel med tenester har Noreg forplikta seg fullt ut også på området for høgare utdanning. På den måten er Noreg forplikta til å gi alle private tilbydarar av utdanning frå andre medlemsland tilgang til den norske utdanningsmarknaden. Men denne aktøren må gå fram på same måte som ein norsk privat tilbydar dersom den ynskjer å søkja om eksamensrett og statsstøtte.

Unntatt frå GATS er tenester som blir ytt under utøving av statsmakt. Fleirtalet legg til grunn at ei eventuell omorganisering av dei statlege institusjonane frå forvaltingsorgan til sjølveigande institusjonar ikkje gjer at forholdet til GATS-reglane kjem i ei anna stilling. Dei vil framleis kunne reknast som eit statleg utdanningstilbod til heile folket.

I Stortinget våren 2004

Utgreiinga frå Ryssdal-utvalet skal no sendast ut på høyring. Når høyringsrunden er ferdig, skal ein del av lovforslaga leggjast fram for Stortinget. Det kan tidlegast skje våren 2004, opplyste utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet då meldinga blei lagt fram tysdag 23. september.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2003 15:38 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere