Tenestemannslova kan gå ut

Tenestemannslova og Statens pensjonskasse kan vera to av goda som forsvinn for dei tilsette ved dei statlege universiteta og høgskulane om dei blir organiserte som sjølveigande institusjonar. Det stadfestar leiaren for Ryssdal-utvalet, advokat Anders Ryssdal overfor Uniforum.

- Det er ikkje ein heilt automatisk fylgje av ei slik omorganisering, men røynslene har vist at det er det som skjer. Da sjukehusa blei organiserte i helseføretak, fekk dei tilsette ei ny pensjonsordning, men eg tykkjer ikkje den var dårlegare enn den dei hadde frå før, understrekar han. Han meiner ei organisering av dei statlege utdanningsinstitusjonane som sjølveigande institusjonar, vil gjera dei meir like universitetsmodellane i Danmark, Storbritannia og Nederland. Universitetsdirektør og utvalsmedlem Arne Benjaminsen tilhøyrde mindretalet på tre i Ryssdal-utvalet. Han er langt frå einig med utvalsleiaren.

Kan ikkje samanliknast med helsesektoren

- Grunngjevinga for å reformera helsesektoren var både svak budsjettstyring på fylkesnivå og dårleg nasjonal koordinering. Problema til helsesektoren kan dermed ikkje brukast som referanse for universitets- og høgskulesektoren, sjølv om det sikkert også er ting som kan betrast der også. Likevel meiner eg og dei to andre i mindretalet at det ikkje er dokumentert så avgjerande veikskapar ved dagens system at det kan forsvarast å føra institusjonane inn i ein slik omfattande organisatorisk prosess som fleirtalet foreslår, konstaterer han.

- Dersom fleirtalet sitt forslag får gjennomslag, vil det føra til større konkurranse utdanningsinstitusjonane i mellom enn i dag. Det vil heller ikkje bli mogleg for staten å setja i verk tiltak overfor utdanningsinstitusjonar for å utdanna meir helsepersonell. Det vil heller ikkje bli mogleg med ei nasjonal koordinering og fordeling av ressursane, slår han fast.

Det beste for institusjonen

Økonomiprofessor Nils-Henrik Mørch von der Fehr, UiO, tilhøyrer fleirtalet og har ingen problem med å stå bak eit forslag til ny organsisasjonsmodell for dei statlege utdanningsinstitusjonane.

- På denne måten vil me få ein overordna strategi for styringa i staden for at ressurskampen mellom grunneiningane skal halda fram også inne på styrerommet. Med eit slikt styre som me foreslår, vil dei kunna prioritera det som er best for institusjonen. Ein slik modell vil også hindra at staten kan gripa inn i styringa av universiteta og høgskulane, understrekar han og viser til at det er ein raritet at universiteta og høgskulane i Noreg er ein del av den statlege forvaltinga.

- No ser det jo ut som om nokon trur at dess nærare dei er pengesekken, dess lettare vil det vera å stikka hendene sine ned i den og forsyna seg, seier han til Uniforum.

Nøgd studentmedlem

Tidlegare landsstyremedlem i Norsk Studentunion, Monika Hestad, var den einaste studentrepresentanten i utvalet. Ho har studert industridesign ved Arkitekthøgskulen i Oslo. Hestad tilhøyrer fleirtalet og er godt nøgd med forslaga ho har vore med og lagt fram.

- Med universiteta og høgskulane som sjølveigande institusjonar, vil kvar institusjon få eit større ansvar og få meir å seia over det den held på med. Eg vil gjerne oppfordra studentar og tilsette til å delta i arbeidet med å plukka ut styremedlemar, og kanskje rekruttera dei blant personar som var studentar for 10-15 år sidan. På den måten treng ikkje studentane få mindre makt enn i dag, meiner ho.

Når det gjeld diskusjonen om gratisprinsippet trur ho ikkje den er over.
- Tvert imot, så er den debatten i startfasen. Fleirtalet i utvalet meiner det som er situasjonen i dag, og som gjer det mogleg for, til dømes UiO å krevja inn kopi- og papiravgift. Det ville ikkje ha vore mogleg om mindretalet sitt forslag fekk gjennomslag. Då ville institusjonane heller ikkje kunna ta betaling frå privatistar, konkluderer ho.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2003 16:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere