Økonomidirektør Stein Helgesen: - Vil rydda opp i rekneskapen

- UiO vil setja i gang ei intensiv opplæring av alle økonomi- og rekneskapsmedarbeidarar frå topp til botn i universitetshierarkiet. Det lovar økonomidirektør Stein Helgesen etter at Riksrevisjonen ikkje ville godkjenna rekneskapen for 2002.

RYDDAR OPP: - Dette er me berre nøydde til å rydda opp i, seier økonomidirektør Stein Helgesen.
Foto: Trine Nickelsen

Konsulentselskapet Price Waterhouse Coopers skal hjelpa universitetet med å få retta opp balansepostane.

- Me må vedgå at me har utfordringar på kompetansesida og at me ikkje har vore gode nok på utvikling og vedlikehald av kunnskapane til dei tilsette. UiO tar kritikken frå Riksrevisjonen svært alvorleg, og me skal setja inn store ressursar for å rydda opp slik at rekneskapen for 2003 blir godkjent, seier Stein Helgesen.

Det vil seia at universitetet vil skjerpa inn rutinane sine og intensivera opplæringa av alle som arbeider med løn, økonomi, innkjøp og personalhandsaming i korleis regelverket fungerer og i større grad gjera desse opplysningane tilgjengelege på data. Denne innskjerpinga vil skje både ved fakulteta, institutta og alle andre einingar.

- Det er ikkje noko tvil om at det trengst meir opplæring i dette. Dette er ei langsiktig oppgåve som vil gjelda alle frå leiarnivå og nedover gjennom heile organisasjonen, understrekar Helgesen.

- Likevel er hovudutfordringa korrekt bruk av rekneskapsprinsipp, legg han til.

Vesentlege feil

- Det er nettopp i kritikken av korleis bruken av rekneskap og UiOs balanse er blitt praktisert, at Riksrevisjonen har peika på vesentlege feil, vedgår han. Riksrevisjonen la vekt på at UiO hadde feila når det galdt kategorisering av eksternt finansierte og løyvingsfinansierte postar på rekneskapen, at internhandel gjekk inn i den eksterne rekneskapen, og at periodiseringar var ufullstendige, presiserer Helgesen.

Dagens modell best

- Vil dette seia at Økonomi- og planavdelinga (ØPA) skal ha full kontroll over korleis alle einingane ved UiO steller seg økonomisk og rekneskapsmessig?

- Det er sjølvsagt viktig at me har ein god oversikt over den økonomiske utviklinga, men eg er overtydd om at den desentraliserte modellen som me har i dag er den beste for ein stor organisasjon som UiO. Men me må likevel gå inn og læra opp alle medarbeidarane våre i korleis ein slik modell skal kunna drivast på best mogleg måte, presiserer han.

Ulik rekneskapskunnskap

- Er det store skilnader i rekneskapskunnskap blant økonomimedarbeidarane
til UiO?

- Det er store ulikskapar i kunnskapar blant økonomi- og rekneskaps-medarbeidarane ute i einingane. Folk vil sjølvsagt gjera alt rett, men for å få det til treng dei skikkeleg opplæring. Og det skal me gi dei. For me har ikkje vore flinke nok til å fortelja dei korleis dei skal gjera det, vedgår han. Riksrevisjonen peika på at det var mangelfull dokumentasjon på lønsutbetalingar og innkjøp i rekneskapen frå 2002.
- Også her må rutinane innskjerpast.

- Akkurat no arbeider Rekneskapsseksjonen på høgtrykk for å leggja grunnlaget for avslutninga av rekneskapen for 2003. Målet vårt er ikkje berre å bli så flinke at Riksrevisjonen vil godkjenna rekneskapen vår. Krava vil skjerpast i tida framover og me må liggja i forkant av utviklinga. Den manglande godkjenninga av rekneskapen for 2002 har vore dårleg reklame for UiO midt opp i alt det positive som har skjedd her, så dette er me berre nøydde til å rydda opp i, understrekar han.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 18. sep. 2003 10:59 - Sist endra 10. des. 2008 15:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere