Gjer pedagogar av ingeniørar

No kan ingeniørar og teknikarar ved UiO og Noregs landbrukshøgskule læra seg korleis dei kan bli betre til å undervisa i laboratoriet.

Opplæringskomiteen ved Universitetet i Oslo og Noregs landbrukshøgskule tilbyd til vinteren eit kurs på 10 studiepoeng i universitetspedagogikk.

- Kurset er retta mot ingeniørar og teknikarar som underviser og rettleier studentar i laboratoriet. Å læra frå seg er ein kunst og difor er det viktig å læra korleis ein best kan undervisa andre som skal bruka desse kunnskapane vidare i jobbsamanheng, seier kurskoordinator Maje Siebke og tidlegare kursdeltakar, Torill Rolfsen ved Biologisk institutt. Det er også andre ting deltakarane kan læra på dette kurset, som har førsteamanuensis Knut Omholt som kursleiar.

- Ja, dei må læra seg å systematisera informasjon slik at dei får med seg detaljane over kva som er viktig å leggja vekt på i undervisninga, fortel Rolfsen og Siebke. Kurset tar til i desember og skal vara fram til mai. Det blir to samlingar ved Kringsjå kurssenter for deltakarane, men bortsett frå det vil heile kurset vera nettbasert.

- Opplæringskomiteen vil betala heile kurset for deltatakarane frå UiO, fortel Maje Siebke.

- Dessutan får du ei stadfesting på at du kan undervisa og studiepoeng som kan brukast til vidare etterutdanning, legg ho til. Kurset er skreddarsydd for laboratoriepersonell ved Det medisinske , Det odontologiske og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Det er til saman 20 plassar ved kurset og søknadsfristen er 1. november 2003.

Av Martin Toft
Publisert 30. sep. 2003 18:03 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere