Fagforeiningane: - Nei til allmektige dekanar!

- Fagforeiningane seier nei til at dekanane skal overta all makt ved fakulteta. Sidan dekanane no skal rapportera direkte til rektor, er fakultetsstyret sett på sidelinja, går det fram av ei felles fråsegn frå Forskarforbundet, NTL og 2FO ved UiO. Rektor Arild Underdal er ikkje einig.

MOT ALLMEKTIGE DEKANAR: F.v. Ruth Norseng, Randi Halveg Iversby, Kristian Mollestad, Ulrik Sverdrup, Live Skrindo og Tordis Juul (framme).
Foto: Ola Sæther

Dei viser til vedtaket frå Universitetsstyret 10. juni om endring av styringsstrukturen ved UiO, og meiner at punkt 2 og punkt 14 i vedtaket logisk sett ikkje går opp. Punkt 2 slår fast at fakulteta skal ha eit eige styre, medan punkt 14 seier at dekanen skal rapportera direkte til rektor.

- Det var studentrepresentantane som etter benkeforslag fekk fleirtal for punktet om at fakulteta skal ha eit eige styre. Formålet deira var at fakultetsstyra skulle ha makt for å oppretthalda noko av det etablerte og tradisjonsrike universitetsdemokratiet. Fakultetsstyret skulle sjølvsagt vera det øvste organet ved fakultetet, også overordna dekanen. På det grunnlaget gjorde styret vedtaket sitt, understrekar hovudtillitsvalt Live Skrindo i Forskarforbundet. Ho viser til at den logiske kommandolinja då ville bli frå dekan via fakultetsstyret til rektor og til Universitetsstyret.

Urovekkjande

- Difor er det svært urovekkjande å lesa i punkt 14 at dekanen ikkje skal føra rapporteringslinja via styret sitt opp til rektor, men derimot rapportera utanom styret sitt og direkte til rektor. Dette kan me ikkje forstå på nokon annan måte enn at fakultetsstyra med ei slik kommandolinje i realiteten blir sette på sidelinja, seier styremedlem Ulrik Sverdrup og nestleiar Ruth Norseng i Tenestemannslaget ved UiO. Dei konkluderer med at dette blir ei vengestekking av fakultetsstyra.

- Dekanen åleine bestemmer

- Det vil seia at fakultetsstyra kan gjera så mange vedtak dei berre vil om langtidsplanar, forskingsstrategiar og utdanning. Til sjuande og sist blir det likevel dekanen åleine som bestemmer fordi linjeleiinga oppover i organisasjonen går gjennom dekanen til rektor. Konsekvensen av denne logiske bresten må Universitetsstyret rydda opp i så snart som mogleg, meiner nestleiar Tordis Juul i 2FO og tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet.

- Styret må altså ta konsekvensen av vedtaket om å lata fakultetsstyra framleis få ha noko reell makt ved å bestemma at dekanen skal rapportera til styret. I motsett fall må det bestemma at fakultetsstyra berre skal ha ein rådgjevande funksjon og overlata all makt til dekanen, utdjupar tillitsvalt Randi Halveg Iversby frå Forskarforbundet. Alle understrekar likevel svært sterkt kva som er haldninga til dei tre fagforeiningane i dette spørsmålet.

- Går for langt

- Me ynskjer valde styre og valde leiarar, og me vil at fakultetsstyra skal vera det øvste organet til fakulteta. Med andre ord skal dekanen rapportera til styret og vera underordna styret. Me har gått inn for at dekan og instituttleiar bør få utvida fullmakter i høve til det dei har hatt for å styrkja den faglege leiinga. Likevel meiner me at Universitetsstyret i punkt 14 i dette vedtaket går altfor langt. Det er naudsynt at dekanen har fagleg legitimitet i sitt eige fakultetsstyre, seier dei tillitsvalde til Uniforum. Dei støttar heller ikkje framlegget om at programutvala for studie- og forskarutdanningsprogramma kun skal rapportera til dekan og ikkje til fakultetsstyra.

- Konsekvensen blir at den viktige rolla fakultetsstyret har hatt som det øvste organet til fakultetet i studie- og forskingssaker, blir avkorta, konkluderer dei seks fagforeiningsrepresentantane.

- Kort frist

Dei er heller ikkje nøgde med den korte fristen universitetssamfunnet har fått til å handsama forslaget til styrings- og administrasjonsreglement.

- I praksis har fakulteta fått ein frist på seg på berre seks dagar. Universitetet er ikkje tent med ei for hurtig sakshandsaming av dette viktige sakskomplekset, slår fagforeiningane fast i ei felles fråsegn. - Me meiner rett og slett at Universitetsstyret er nøydd til å utsetja denne saka til oktobermøtet, seier dei tillitsvalde til Uniforum. Etter planen skal Universitetsstyret handsama endringane i normalreglementet for UiO tysdag 9. september. Møtet vil gå føre seg i Baroniet Rosendal.

- Ikkje så dramatisk

Rektor Arild Underdal er klar over at fagforeiningane og universitetsleiinga er usamde om kor store utvida fullmakter dekanane skal få i høve til i dag.

- Men det blir likevel ikkje så dramatisk som dei framstiller det som. Lova seier at alle avgjerder som blir tekne av andre enn universitetsstyret, blir tekne "etter delegasjon på styrets vegne og dettes ansvar". Då må universitetsstyret også føra tilsyn med korleis fullmaktene blir brukte. I høve til dekanane skal rektor etter forslaget gjera det på vegner av universitetsstyret. Linja mellom rektor og dekan er ikkje ein kanal for å undergrava fullmaktene til fakultetsstyret.

- Kva trur du er grunnen til at fagforeiningane likevel reagerer så sterkt?

- Det kan jo vera at me tolkar vedtaket frå Universitetsstyret ulikt. Då får me heller ta eit møte og rydda denne misforståinga av vegen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2003 10:35 - Sist endra 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere