Vil verdsetja artiklar i vitskaplege tidsskrift

No vil det løna seg også økonomisk for ein forskar å få ein artikkel publisert i eit vitskapleg tidsskrift. Styret vedtok tysdag 10. juni å innføra ein finansieringskomponent med grunnlag i publisering i vitskaplege publikasjonar. I første omgang vil mellom 10 og 15 millionar kroner bli løyvde til formålet frå neste år.

LØNSAM FORSKING: Styret vedtok forslaget frå Publiseringsutvalet, leia av professor Kristian Gundersen, om å honorera forskarar som får artiklar publiserte i vitskaplege tidsskrift.
Foto: Martin Toft

Styret vedtok å gå inn for forslaget frå universitetsdirektøren om ei gradvis innføring av ein insentivbasert finansieringskomponent med grunnlag i vitskaplege publikasjonar. Etter at publiseringsutvalet leia av biologiprofessor Kristian Gundersen la fram rapporten "Forskning med tellekanter" der det foreslo ein publiseringskomponent i finansieringsmodellen til UiO, har debatten gått ganske høgt i universitetssamfunnet. Debatten rundt framlegget har difor fått universitetsleiinga til å setja ned farten litt. I tilrådinga heiter det difor at "styret merker seg samtidig at høringsrunden og drøftingene i forskningskomiteen har brakt fram viktige innvendinger og innspill som det ennå ikke har vær tid til å bearbeide og drøfte tilstrekkelig grundig." Styret gjekk difor inn for å be forskingskomiteen om å arbeida vidare på grunnlag av rapporten frå publiseringsutvalet, høyringsfråsegnene og publiseringsutvalet sine merknader til dette. Formålet skal vera å få gjort dei naudsynte justeringane og tilpassingane. Eit forslag til fordelingsmodell skal leggjast fram for styret i oktober. Då vil modellen kunna innførast med ein sum på 10-15 millionar kroner i samband med budsjetthandsaminga for 2004.

Nye institutt

Styret vedtok også forslaget om å oppretta eit nytt Institutt for geofag eller på engelsk, Department of Geosciences. Etter ein heller lang debatt, stemte Styret for å reorganisera Biologisk og Biokjemisk institutt ved å etablera to nye institutt. Eit institutt for molekylærbiologi, biokjemi og fysiologi og eit institutt for organismebiologi og økologi. Etter planen skal institutta vera etablerte til nyttår.

Universitetsstyret konstituerte Helga Sagsveen som teknisk direktør frå 1. juni i år.
Når det gjeld tilsetjing av ny universitetsdirektør, vedtok styret å setja ned eit eige innstillingsutval. Det blir sett saman av dekan Knut Kaasen, ekstern styrerepresentant Hilde Haugsgjerd, rektor Arild Underdal og organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen. I tillegg vil tenestemannsorganisasjonane og Studentparlamentet oppnemna ein representant kvar.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2003 11:26 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere