KrF flinkast til å mobilisera kjerneveljarane

- Kristeleg Folkeparti har klart å halda på kjerneveljarane sine på rundt 10 prosent trass i at lekmannskristendomen har endra seg mykje sidan teologiprofessor Ole Hallesbys namn var synonymt med lekmannsrørsla.

VANSKELEGARE: - Dei sosiale endringane i det norske samfunnet har gjort det vanskelegare for veljarane å finna partiet "sitt", konstaterer doktorand Frode Berglund ved Institutt for statsvitskap.
Foto: Martin Toft

Det konstaterer Frode Berglund som nyleg disputerte med ei doktoravhandling om partiidentifikasjon og sosial endring ved Institutt for statsvitskap.

I avhandlinga si har han sett på partiidentifikasjon og politisk endring i Noreg frå 1965-1997 ved å gå gjennom data frå alle stortingsval i denne perioden. Til vanleg er det blitt hevda at sosial og kulturell ståstad bestemte kva parti du ville stemma på på 1960-talet, medan dette ikkje lenger spelte noko rolle på 1990-talet. Andre har vore overtydde om at ideologisk overtyding heile tida har hatt svært lite å seia for partival. Berglund påviser at dette ikkje er heile sanninga.

Målsak ikkje lenger viktig

- Motkulturar som lekmannskristendom og fråhaldssak spelar framleis ei stor rolle for kvifor rundt 10 prosent av veljarane gir stemma si til Kristeleg Folkeparti. Målsaka er den einaste av dei tradisjonelle motkulturane som ikkje lenger spelar noko rolle for partivalet, konstaterer han. I avhandlinga går det klart fram at forhold som har å gjera med oppveksten har mindre å seia enn før, men at oppveksten framleis spelar ei viss rolle i middelklasseyrka.

Arbeid vs. kapital mindre konfliktfylt

- Kva stilling du har på arbeidsmarknaden, er ikkje lenger så viktig for partitilknytinga over eit lengre tidsrom. Det kan tyda på at konflikten mellom arbeid og kapital er blitt mindre påtrengjande med åra. Arbeidarpartiets kraftige tilbakegang dei siste åra kan difor vera eit teikn på at det er eit parti som har problem med å finna ein ny identitet etter at forholdet mellom arbeid og kapital er blitt mindre konfliktfylt enn før, meiner Berglund. Det er heller ingenting som tyder på at høgare utdanning automatisk vil gi svekka partitilknyting.

Høgare utdanning gir sterkare partiidentitet

- Situasjonen er snarare tvert imot. Høgt utdanna har faktisk sterkare partitilknyting enn lågt utdanna. Dessutan spelar ideologi framleis ei stor rolle for partival. Analysen min viser at mange veljarar kanskje har to parti på venstresida eller to parti på sentrum-høgre- sida som dei identifiserer seg med samtidig. Det vil seia at dei som definerer seg ideologisk på venstresida, kan tenkja seg å stemma både på Ap og SV, medan veljarar som definerer seg ideologisk som ikkje-sosialistar, kan ha både Høgre og KrF eller Høgre og Framstegspartiet som sine favorittparti. Det kan forklara både Arbeidarpartiets og Høgres tilbakegang og SVs og FrPs framgang, trur Berglund, som kan avvisa påstanden om at tida er ute for dei politiske partia i Noreg.

Veljarane forlet ikkje partia

- Partitilknytinga er nok blitt noko svakare dei siste åra, men det er svært vanskeleg å gå god for påstanden om at veljarane er i ferd med å forlata partia. Partia har framleis ein viktig plass i veljarane sine tankar, men det er ingen tvil om at endringane i den sosiale strukturen har gjort det vanskelegare for veljarane å finna fram til det einaste "rette" partiet, fortel Berglund, som har skrive doktoravhandlinga under rettleiing av professor Bernt Aardal ved Institutt for samfunnsforsking.

Emneord: Forskning, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2003 09:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere