Underdal: - UiO er avhengig av eit løft på 2004-budsjettet

- No er Universitetet i Oslo heilt avhengig av eit skikkeleg løft i statsbudsjettet for 2004 for å kunna gjennomføra Kvalitetsreforma. Det seier rektor Arild Underdal i ein kommentar til at det ikkje var funne plass til meir pengar til Kvalitetsreforma i forslaget til revidert nasjonalbudsett for 2003. - Viss ikkje det skjer, kan heile reforma bli uttynna, meiner han.

UTTYNNING: - Om det ikkje blir meir pengar til Kvalitetsreforma på statsbudsjettet for 2004, kan me oppleva ei uttynning av reforma, fryktar rektor Arild Underdal.
Foto: Trine Nickelsen

UiO-rektoren fryktar at heile Kvalitetsreforma kan bli sett mange steg tilbake, om det ikkje kjem ekstra pengedryss over UiO og dei andre universiteta i statsbudsjettet for 2004.

- Då blir me nøydde til å kutta ned på viktige tiltak som smågruppeundervisning og talet på evalueringar underveg i studiet. Andre stader kan dei sjå seg tvungne til å skjera ned talet på laboratorieøvingar og feltkurs. I siste instans kan det også koma på tale å stilla spørsmål om dei studieprogramma som har færrast studentar er liv laga, seier Underdal til Uniforum.

Konsekvensane av at det ikkje var pengar til Kvalitetsreforma på forslaget til revidert budsjett, vil berre slå ut i haustsemesteret 2003.
- I haust skal me nok greia å setja i gang, men om det ikkje kjem meir pengar til denne studiereforma på statsbudsjettet for 2004, vil UiO for alvor få kjenna heilårseffekten av dette. Difor er me avhengige av at Stortinget fylgjer opp Kvalitetsreforma med pengar til gjennomføringa av den. I motsett fall vil det skje ei uttynning av reforma, fryktar han. Underdal ser likevel enkelte lyspunkt i forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2003.

- Det er positivt at Regjeringa vil auka forvaltingskapitalen i Fondet for forsking og nyskaping og at den vil etablera ein Holbergpris for framifrå forsking i samfunnsvitskap og humaniora. Ingenting av dette vil likevel hjelpa oss til å gjennomføra Kvalitetsreforma, understrekar han.
-

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2003 13:50 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere