UiO-forskarar fekk Nansen-heider

Filosofiprofessor Dagfinn Føllesdal og medisinprofessor Per Brandtzæg er begge tildelt "Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning". Prisvinnarane får 50 000 kroner kvar og ein spesialprega minnemedalje i høve 100-årsminnet for prisen.

Føllesdal blir heidra for banebrytande studiar av samspelet mellom språk, medvit og røyndomsoppfatning. Brandtzæg får prisen for framifrå studiar av dei grunnleggjande mekanismane i infeksjonsforsvaret til slimhinnene og i immunpatologi. Prisen blei altså innstifta for 100 år sidan, og det er Vitskapsakademiet som deler den ut.
Under seremonien blei Per Ole Iversen tildelt ein spesiell pris for yngre forskarar for sine studiar av danningar av blodlekamar og hermodynamikk i beinmarg.

Emneord: Priser
Publisert 12. mai 2003 16:01 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere